Foto: Siren Høyland Sæter / Det Norske Teatret
Foto: Siren Høyland Sæter / Det Norske Teatret

Victoria Meirik tilsett som dekan ved Teaterhøgskolen

Victoria Meirik (45) er regissør og har mellom anna arbeidd ved Nationaltheatret og Rogaland Teater. Ho har fungert som dekan ved avdeling Teaterhøgskolen sidan 1. oktober 2018 og er no tilsett i ei åremålsstilling på fire år.

For tida har ho óg regi på Tante Ulrikkes vei av Zeshan Shakar på Det Norske Teatret / Rommen scene, med urpremiere 12. juni. 

Meirik har hatt fleire verv og oppdrag, mellom anna som kunstnarleg leiar for Norsk Dramatikkfestival og fekk i 2010 Heddaprisen for beste regi for "Antigone" på Trøndelag Teater.

Meirik er utdanna ved Amsterdamse Hogeschool voor der Kunsten i Nederland og Universitetet i Oslo, og har dessutan studert drama ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og teatervitskap ved Universitetet i Oslo.

Foto: Siren Høyland Sæter / Det Norske Teatret