Galleri og scener
Kunsthøgskolen i Oslo har mange gallerirom til visningar av studentarbeid, og heile 9 profesjonelt utstyrte scener til visning av scenekunst.
I tillegg finst andre rom som til vanleg er i bruk som undervisningsrom, men som ved særlege høve som ved Avgang, er i bruk til visning av kunst for publikum.
Følg med på arrangementskalenderen for informasjon korleis galleria og scenene vert brukt.
Meld deg på nyheitsbrevet På KHiO for å få tilsendt informasjon og invitasjonar til utstillingar og framsyningar.
Galleri
Galleri Seilduken 1
Areal: 192 m2
Galleri Seilduken 1 har inngang frå hovudplassen, og er veleigna til visning av installasjonar og skulptur. Galleriet vert brukt til studentutstillingar, særleg på avdelingane Kunst og handverk og Kunstakademiet, og er i tillegg ein sentral visningsarena for avgangsutstillingane.
Galleri Seilduken 2
Areal: 133 m2
Også Seilduken 2 er eit sentralt visingsstad ved avgangsutstillingane, og ligg i etasjen over Seilduken 1.
Skylight
Areal: 26 m2
I tilknytning til Galleri Seilduken 2 ligg Skylight i 3. etasje. Gallerirommet vert disponert av avdeling Kunstakademiet, og også brukt saman med Seilduken 1 og 2, som ein del av større gruppeutstillingar.
Resepsjonsgalleriet
Areal: 88,8 m2
Resepsjonsgalleriet er eit galleri i tilknytning til resepsjonsområdet. Romma brukast som regel av avdelingane Kunstakademiet, Kunst og handverk eller Design.
P0
Areal: ca. 50 m2
P0 er eit lite galleri/prosjektrom på Prosjekttorget, som vert disponert av avdeling Kunstakademiet.
White Box
Areal: 36,3 m2
White Box er eit lite gallerirom i tilknytning til kantina.
Andre rom
Katedralen
Det lange rommet med glastak som dannar gjennomgangen frå resepsjonsområdet til inngangen til Hovudscenen er eit vrimlerom som vert kalla Katedralen. Her vert det ofte stilt ut studentarbeid. Rommet er også i bruk ved arrangement som Åpen skole og KUF.
Prosjekttorget
Prosjekttorget er eit stort rom for montering av arbeid. Det kan også brukast til utstillingar eller andre visningar.
Byggetorget
Areal: 168 m2
Byggetorget er eit stort rom for montering av arbeid. Det kan også brukast til utstillingar eller andre visningar.
Teorirommet
Areal: 72,2 m2
Teorirommet er eit undervisningsrom som ligg ved sida av Resepsjonsgalleriet i tilknytning til resepsjonsområdet. Det vert ofte brukt saman med Resepsjonsgalleriet som utstillingsrom ved avgang.
Black Box
Areal: 104,2 m2
Ein studioscene/fotostudio i tilknytning til Medielaboratoriet, som også kan brukast til vising av arbeidar.
Formsalen
Areal: 113,2 m2
Formsalen er til vanleg i bruk til undervisning, men det er også brukt til utstillingar, spesielt under avgang.
Hagen
Hagen, området utanfor glasgangen mellom scenekunstbygget og resepsjonen, kan brukast som utstillingsareal ved behov.
Resepsjonsområde, forrom og gangar
Fleire vrimlerom og areal i tilknytning til resepsjonen og kantina vert ved behov brukt til utstillingar, performancar og kunstprosjekt.
- Hjørnet av resepsjonsområde/vestibyle
- Område foran servicesenter
- Forrom til kantinen
- Gang mellom kantine og prosjekttorg
Scener
Hovudscenen
Tal publikum: 200
Areal: 555 m2
Anna: Snorloft. Orkestergrav med heve/senke-del i midten
Hovudscenen / Hovedscenen er på 555 m2 og har 200 sitjeplassar, full orkestergrav med midtdel som er hev- og seinkbar, og har gode seter og god akustikk. Hovudsakleg er scenen brukt til opera og klassisk ballett, men også til større forelesingar og arrangement.
Scenen er 190 m2 og med sceneopning på 12 m. Det er snorloft og 14,7 meter opp til taket over scenen. Sidescenen er 110 m2, og det er 225 m2 sal med fast amfi.
Hovudscenen er Kunsthøgskolens største scene og storleiken er omlag som hovudscenen på Det Norske Teatret.
Scene 6
Tal publikum: 129
Areal: 310 m2
Anna: Snorloft
Scene 6 er den primære scenen for større teaterproduksjonar. Scenen er unik i sitt slag; det er ein black box-scene med snorloft og heisbare lysbruer. Det er ikkje sideamfi, så her er det fullt innsyn til reparbeidet og det som til vanleg er skjult bak scenen i meir tradisjonelle teater. Dette gjev også nye moglegheiter for teaterarbeidet. Scenen er 8 m høg, 15,3 m medrekna snorloftet. Det er 129 sitjeplassar i det faste amfiet og scenen er på 310 m2.
Scene 4
Tal publikum: 150
Areal: 370 m2
Anna: Dansegolv
Scene 4 er den primære scenen for jazzdans og samtidsdans. Der er ei scene med flytande golv, bygd spesielt for å dempe hoppa til dansarane. Her er det fast amfi med 150 sitjeplassar, scenen er på 370 m2 og det er 8 m til taket.
Scene 3
Tal publikum: 130 plasser
Areal: 290 m2
Anna: Standard lyd- og lysopplegg.
Scene 3 har noko mindre scenehøgd enn Scene 6, men vert brukt til tilsvarande framsyningar for jazzdans og samtidsdans. Scenen kan også brukast til operaframsyningar, samt større forelesingar og arrangement. Her er det 130 sitjeplassar i fast amfi og 290 m2 black box-scene.
Scene 5
Tal publikum: 93
Storleik: 180 m2
Anna: Standard lyd- og lysopplegg
Scene 5 vert mest brukt av dansarane i prøveperiodar for framsyningar, enkelte visningar på master dans eller koreografi førekjem også. Scenen har 93 sitjeplassar og er 180 m2 med 8 m under taket.
Scene 1 og 2
Tal publikum: 50
Areal: 135/155 m2
Anna: Standard lyd- og lysopplegg
Scene 1 og 2 er mindre black box teaterscener, på høvesvis 135 og 155 m2. Det er sitjeplassar til 50.
Scene 7 og 8
Tal publikum: 40
Areal: 125 m2
Anna: Standard lyd- og lysoppleg
Dette er små scener, kvar på 125 m2. Dei er mest i bruk til prøver med registudentane og enkelte mindre visningar.