Forestilling
Nokon kjem til å komme av Jon Fosse
Andreklasse i regi og skodespel på bachelornivå på Teaterhøgskolen har samarbeidd om haustens første produksjon. Resultatet er tre klassiske stykke som vert sett opp heilt og holdent av studentar, gratis og ope for alle.
Nokon kjem til å komme av Jon Fosse
laga på nytt av Isabel Beth Toming, Jonas Jacobsen, Iver Innset, Magnus Sparsaas, Signe Vasshus og Norunn Standal
Dei drar langt frå byen til eit hus i skogen. Dei har dratt frå byen for å vera åleine. Saman. Frå fyrste stund i huset kjenner dei at nokon kjem til å komme. Dette uroar dei, og det viser seg at nokon faktisk kjem. Mannen som selde dei huset blir ein katalysator for kjenslene til paret.
Vi gjer publikum merksame på at det vil bli store mengder scenerøyk og mykje mørkre under framsyningane.
Registudent Magnus Sparsaas om stykket:
«Et teaterstykke om å prøve på noe bedre enn alt det som har vært før. Og også om hvordan angst, misunnelse, kjærlighet, håp og sjalusi oppstår og kanskje også forsvinner.»
De andre to stykka som vert sette opp er Frøken Julie og Bjørnen.