Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 144, Firefox (Android) 147, Android WebView 144, Chrome 144, Chrome 143, Chrome 142, Chrome 141, Chrome 139, Chrome 126, Chrome 125, Chrome 112, Chrome 109, Edge 144, Edge 143, Edge 142, Firefox 147, Firefox 146, Firefox 145, Firefox 140, Safari/Chrome (iOS) 26.2, Safari/Chrome (iOS) 26.1, Safari/Chrome (iOS) 18.5-18.7, Opera Mobile 80, Opera 125, Opera 124, Safari (MacOS) 26.2, Safari (MacOS) 26.1, Samsung 29, Samsung 28

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Formidling

Formidlinga av kunstnarisk utviklingsarbeid for forsking ved KHiO skjer ved at forskingsarbeidet blir dokumentert og allment tilgjengeleggjort via forskingsdatabasane Cristin og Kioda, ei årleg forskingsveke og foredrag og offentlege disputasar.

Biblioteket på KHiO er eit fag- og forskingsbibliotek som dekkjer fagfelta biletkunst, design, kunst og handverk, dans, opera og teater. Biblioteket formidlar kunnskap om KHiOs fagområder og er ope for alle.

Kunstnarisk forskingsveke

Kunstnarisk forskingsveke (Artistic Reserach Week) er ein delingsarena for kunstnarisk utviklingsarbeid og forsking innan fagområdet kunst, med eit omfattande program med nasjonale og internasjonale foredragshaldarar, seminar og rundebordsdiskusjonar.

KHiOs fagtilsette deltek aktivt, presenterer pågåande forskingsprosjekt, og deler erfaringar om kunstnarisk utviklingsarbeid.

Fagavdelingane ved KHiO har i tillegg eigne faglege delingsarenaer i tett samarbeid med fagmiljøa.

Fagseminar og foredrag

KHiO arrangerer faglege saminar og har kvart år ei rekkje akademiske foredrag.

Foredraga er haldne av fagtilsette på KHiO, eller av ekstrerne gjesteforelesarar. Dei opne forelesingane har som mål å tilføre kunnskap og drive fram kunstnarisk utviklingsarbeid i universitets- og høgskolesektoren. I tilknytning til foredraga vert det ofte reist diskusjonar om tema som vedgår spesialiseringane ved eit fagfelt.

Foredraga skjer ofte i samband med rettleiing ved studentanes utdanningsløp og eksperimentering med kunstnariske metodar, eller i samband med publisering av eit kunstnarisk utviklingsarbeid, eit forskingsprosjekt eller ei utstilling.

Dei akademiske foredraga kan operere under ulike vignettar som foredrag, forelesing, academy lecture, agenda, talk og disputas.

Ei fullstendig liste over tidlegare foredrag er tilgjengeleg i KHiOs årsrapport og på arrangementskalenderen.

Er du interessert i å motta invitasjonar? Meld deg på nyheitsbrevet "På KHiO".