Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 94, Firefox (Android) 92, QQ browser 10.4, UC browser 12.12, Android WebView 94, Baidu 7.12, Chrome 94, Chrome 93, Chrome 92, Chrome 91, Edge 94, Edge 93, Edge 92, Firefox 93, Firefox 92, Firefox 91, Firefox 78, Internet Explorer 11, Safari/Chrome (iOS) 15, Safari/Chrome (iOS) 14.5-14.8, Safari/Chrome (iOS) 14.0-14.4, Safari/Chrome (iOS) 12.2-12.5, KaiOS 2.5, Opera Mini, Opera Mobile 64, Opera 80, Opera 79, Opera 78, Safari (MacOS) 15, Safari (MacOS) 14.1, Safari (MacOS) 13.1, Samsung 15.0, Samsung 14.0

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Forestilling

Romeo og Julie av William Shakespeare

Romeo og Julie av William Shakespeare

2. års studentar bachelor skodespelarfag inviterer til framsyning.

Velkomen til denne framsyninga av ”Romeo og Julie” av William Shakespeare.

Vi har basert vår versjon på Edvard Hoem’s gjendikting, men dette er ei sterkt forkorta utgåve. Omarbeidinga/omskrivinga er komen til på grunn av skolens ynske om å gje kvar enkelt student spesifikke skodespelarmessige utfordringar.

Studentane møter denne gongen desse oppgåvene:
1. Å ha ei kjensle av og utvikle eit teaterunivers som fjernar seg frå realisme.
2. Å framstille karakterar som ligg langt frå studenten.
3. Å finne ei rolles utvikling frå begynnelse til slutt.
4. Å forvandle dramatisk tekst i bunden form (blankvers) til organisk meiningsfylt tale.
5. Å meistre nynorsk som scenespråk.

I denne perioden er studentane også gjevne lyssmessige utfordringar i form av områdeavgrensa lyssetting, som krev at studentane er nøyaktige i si posisjonering på scenen.

Romeo og Julie av William Shakespeare

Trentóro, - staden husar sterke folk.
Eit folk som ikkje ville la seg drukne.
Som Spartas trassige soldatar kjempa
dei hardt og stolt mot alle herjingar,
som moder jord så bistert sendte dei.
Ei skur av hagl knuste folket der
i aust. Ein skare av tornadoar
og stormar åt alt levande i vest.
I barske kalde nord ligg dét, som eingong
var heile sivilisasjonar klemt
i hel og smadra under berg av is.
Og ingen klage høyrest i den golde
og ugjestmilde ørkenen i sør,
for gloheit sol tok kvart eit lite liv,
og ingen mann er att, som klage kan.

Lars Erik Holter
professor i skodespelarfag

I rollene

Romeo: Olavus Udbye
Julie: Ragnhild M. Enoksen
Benvolio: Ragnhild J. Tysse
Lorenzo / Gregorio Rustam: Louis Foss
Amma / Samson: Kristine Hartgen
Herr Capulet / Tybalt: Leo Magnus de la Nuez
Fru Capulet / Abraham: Maria O. Austgulen
Mercutio / Paris / Apotekaren / Giovanni / Stemmen: Kim J Olsen

Regi og omarbeiding

Lars Erik Holter

Integrerte pedagogar

Stemme: Miriam Sogn
Nynorsk: Ola E. Bø
Tekst: Samantha Lawson / Herman Bernhoft
Kostyme: Hedda Lund
Rekvisitør: Ida Lome Brevik
Foto: Mira Wickman

Lysdesign er utført av studentane og regissør, under rettleiing av Anette Lund.
Dei sceniske elementa er utført ved Kunsthøgskolens scenetekniske verkstader.

Billedrettighetene tilhører Kunsthøgskolen i Oslo og må avtales med Kunsthøgskolen i Oslo på forhånd før eventuell bruk.