Leiing

Rektorat

Jørn Mortensen
rektor
Tlf.: + 47 945 23 328
E-post: jorn.mortensen@khio.no

Rektor har overordna ansvar for å leie den faglege verksemda ved Høgskolen. Rektor er vald av dei tilsette på åremål for fire år med moglegheit for forlenging i ein periode. Rektor er også leiar av styret.

Merete Lingjærde
prorektor
Tlf.: + 47 909 18 358
E-post: mereling@khio.no

Prorektor trer inn når rektor har lengre fråvær, og har dessutan eit særleg ansvar for læringsmiljøutvalet. Prorektor er vald av dei tilsette på åremål for fire år med moglegheit for forlenging i ein periode.

Direktør

Annemarie Bechmann Hansen
Høgskoledirektør
Tlf.: +47 951 95 645
E-post: annehans@khio.no

Direktøren leier den administrative verksemda og økonomiforvaltninga, innanfor dei rammene som blir sette av Kunnskapsdepartementet og styret. Direktøren er tilsett på åremål for seks år med moglegheit for forlenging i ein periode. Direktøren er sekretær for styret.

Faglege leiarar

Hege Nyborg
fungerande dekan, avdeling Kunstakademiet
Tlf.: +47 905 61 434
E-post: hegenybo@khio.no

Ellen Aslaksen
dekan, avdeling Kunst- og håndverk
Tlf.: +47 926 37 078
E-post: ElleAsla@khio.no

Suzanne Bjørneboe
dekan, avdeling Balletthøgskolen
Tlf.: + 47 952 18 335
E-post: suzanne.bjorneboe@khio.no

Tore Dingstad
dekan, avdeling Operahøgskolen (vikar)
Tlf.: +47 479 15 374
E-post: toreding@khio.no

Mira Bartov
dekan, avdeling Operahøgskolen (i permisjon)
Tlf.: +47 948 28 200
E-post: mira.bartov@khio.no

Karianne Bjellås Gilje
dekan, avdeling Design
Tlf.: +47 997 26 607
E-post: kbgilje@khio.no

Jon Refsdal Moe
dekan, avdeling Teaterhøgskolen
Tlf.: +47 480 39 689
E-post: jonrmoe@khio.no

Administrative leiarar

Atle Faye
kommunikasjonssjef
seksjon kommunikasjon og service
Tlf.: +47 913 47 369
E-post: atle.faye@khio.no

Torben Lai
studie- og forskingssjef
seksjon studie og forsking
Tlf.: +47 928 96 161
E-post: torben.lai@khio.no

Jim Fainberg
seksjonssjef teknisk produksjon
Tlf.: +47 915 40 607
Tlf.: E-post: jimfainb@khio.no

Bjørge Vestli
fungerande seksjonssjef bibliotek og arkiv
Tlf.: +47 945 23 260
E-post: bjorge.vestli@khio.no

Lillian Andersen
personalsjef
seksjon personal og organisasjon
Tlf.: +47 905 10 044
E-post: lillande@khio.no

Jørn Johannessen (permisjon)
seksjonssjef økonomi og infrastruktur
Tlf.: +47 928 94 004
E-post: JornJoha@khio.no

Jon Ivar Strømmen
fungerande seksjonssjef økonomi og infrastruktur
Tlf.: +47 996 03 654
E-post: jon.strommen@khio.no

Styret

Styret er øvste organ ved Kunsthøgskolen i Oslo.

Samansetjing

Styreleiar

rektor Jørn Mortensen
(vara: prorektor Merete Lingjærde)

Sekretær

direktør Annemarie Bechmann Hansen

Fagleg personale

Kirsti Bræin
Jesper Halle
Karen Disen
(vara: 1. Anne Grete Eriksen, 2. Olga Schmedling, 3. Jan Bjørnar Sture)

Teknisk- og administrativt personale

Christian Tviberg
(vara: Espen S. Matheussen)

Studentar

Helene T. Duckert
Isak Wisløff
(vara: 1. Ylva Kemi, 2. Simen K. Robertsen)

Eksterne representantar (oppnemnde av Kunnskapsdepartementet)

Sigbjørn Apeland
Morten Gjelten
Karin Hindsbo
Anna Lindal
(personlege vara: Samir M'Kadmi, Tore Slaatta, Alfhild Skaardal, Tone Hansen)

Styremøte

I samband med styremøte legg Kunsthøgskolen i Oslo ut sakliste frå det siste møtet, lenkje til saksdokumenta (med unnatak av saker som er u.off) og referat.

Møteplan 2016-2017

5.–6. september 2016, 25. oktober 2016, 13. desember 2016, 7. februar 2017, 14. mars 2017, 2. mai 2017 og 13. juni 2017.

Referat frå styremøte vert formelt godkjent på neste styremøte.

14. mars 2017

7. februar 2017

13. desember 2016

25. oktober 2016

6. september 2016

14. juni 2016

3. mai 2016

10. mars 2016

9. februar 2016

22. januar 2016

15. desember 2015

Delegasjonsfullmakt per 6.9.2016 (S-sak 47/15)

Organisasjonskart

Verksemda er organisert i fagavdelingar for dei ulike studieretningane og fagseksjonar for dei administrative fellesfunksjonane.

Organisasjonskart

KHiO Organisasjonskart 2016. Klikk for større versjon

Rektor har overordna ansvar for å leie den faglege verksemda ved Høgskolen.

Direktøren leier den administrative verksemda og økonomiforvaltninga, innanfor dei rammene som blir sette av Kunnskapsdepartementet og styret.

Fagavdelingane

Avdeling Design har fagansvar for utdanning i grafisk design, illustrasjon, klesdesign, kostymedesign, interiørarkitektur og møbeldesign.

Avdeling Kunst og handverk har fagansvar for utdanning i tekstilkunst, grafisk kunst og teikning, keramisk kunst, og dessutan metall- og smykkekunst.

Avdeling Kunstakademiet har fagansvar for utdanning innanfor biletkunst og arbeider på tvers av medium, disiplinar og tilnærmingar og handsamar formale og materielle problemstillingar i tillegg til postkonseptuelle, sosiale og politiske spørsmål.

Avdeling Teaterhøgskolen har fagansvar for utdanning av skodespelarar og regissørar, og fordjuping i skodespelarfag, regi, scenetekst og scenograf og dessutan praktisk-pedagogisk utdanning i teater.

Avdeling Balletthøgskolen har fagansvar for utdanning av koreografar og dansarar innanfor samtidsdans, klassisk ballett og jazzdans og i tillegg praktisk-pedagogisk utdanning innanfor dans.

Avdeling Operahøgskolen har fagansvar for utdanning innanfor opera, song- og scenefag, med stor vekt på sceniske produksjonar.

Fagseksjonane

Seksjon for kommunikasjon og service har ansvar for kommunikasjon, marknadsføring og samfunnskontakt, og arbeider for å spreie strategisk informasjon om Kunsthøgskolen til ulike målgrupper i samfunnet. Seksjonen er redaksjon for nettsider og sosiale kanalar som Facebook, Twitter og Instagram.

Seksjon for studium og forsking har ansvar for rådgiving og kvalitetssikring av studie- og forskingsadministrative prosessar. Seksjonen utformar studieplanar i nært samarbeid med fagavdelingane og har vidare ansvar for samordning av kunstnarleg utviklingsarbeid, stipendiatar og nettverk.

Seksjon for teknisk produksjon har ansvar for verkstader, scener, undervisningsrom og støtterom på Kunsthøgskolen. Seksjonens hovudoppgåve er medverknad og bistand til teknisk produksjon av høg kunstnarleg kvalitet, og å halde seg oppdatert og vere i forkant av teknologiske og kunstnarlege utviklingstendensar.

Seksjon for bibliotek og arkiv har det faglege ansvaret for Kunsthøgskolens bibliotek med ei samling på 80 000 bind med tilhøyrande spesialsamlingar, tidsskrift- og multimediesamling. Arkivtenesta har ansvar for postmottak, arkiv og journalføring

Seksjon for økonomi og infrastruktur har ansvar for Høgskolens økonomiforvaltning, it, innkjøp, bygningsdrift og løn.

Seksjon for personal og organisasjon har ansvar for personalsaker, utgreiing og iverksetjing av saker innanfor organisasjonsområdet, i tillegg til internkontroll og HMS.

Styringsdokument

Strategisk plan

Strategisk plan 2012–2016 byggjer på Kunsthøgskolens kultur- og merkeplattform som vart etablert hausten 2009.

Vår verksemdsideene og verdiane våre er fundamentet for strategisk plan.

Strategisk plan 2012–2016 (pdf)

Tildelingsbrev

Tildelingsbrevet er Kunnskapsdepartementets årlege styringsdokument til Kunsthøgskolen i Oslo og gjev føringar for verksemda bygt på Stortinges vedtak om statsbudsjettet kap 260.

Tildelingsbrev 2017 (pdf)

Språkpolitikk

Språkpolitikk for Kunsthøgskolen, vedtatt av styret, 30.09.2014 (pdf).

Offentleg journal

Offentleg journal gir oversikt over korrespondanse til og frå Kunsthøgskolen i Oslo.

Saksdokument blir journalførte og er tilgjengelege for offentlegheita dersom det ikkje er gjort unnatak i lov eller i medhald av lov, jf. offentleglova § 3.
Til vanleg ligg offentleg journal ute til gjennomsyn i tolv veker. Etter dette må ein spørje særskilt om tilgang til eldre journalar.

Journal

Veke 2017-11

Veke 2017-10

Veke 2017-09

Veke 2017-08

Veke 2017-07

Veke 2017-06

Veke 2017-05

Veke 2017-04

Veke 2017-03

Veke 2017-02

Veke 2017-01

Veke 2016-52

Innsyn

For ønske om innsyn gjeld ei rettleiingsplikt i samsvar med forvaltningslova § 11.
For partar i ei sak gjeld rett til innsyn i samsvar med forvaltningslova § 18.
Dokument blir sende elektronisk på e-post i pdf-format.

Avslag og klage på avslag om innsyn

Ved avslag om innsynskrav kan det innan tre veker krevjast grunngiving for avslaget, jf. offentleglova § 31. Ei slik grunngiving skal givast skriftleg innan ti arbeidsdagar etter at kravet er motteke.
Avslag på krav om innsyn kan påklagast innan tre veker frå avslaget er motteke, jf. offentleglova § 32.

Kontakt

Alle spørsmål om innsyn skal rettast skriftleg til: postmottak@khio.no
Hugs å gi opp saksnummer, dokumentnummer og omtale av dokumentet du etterspør!

Ledige stillingar

Velkomen som jobbsøkjar til ledige stillingar ved Kunsthøgskolen i Oslo.

Våre ledige stillinger

Vi bruker jobbsøkjarportalen Jobbnorge ved alle utlysingar.

Alle som søkjer, må registrere seg i portalen med namn, cv og søknad.
Relevante vedlegg som attestar og vitnemål kan lastast opp i eigne vedlegg (pdf).

Vi rår deg til å registrere deg i portalen nokre dagar før søknadsfristen går ut. For å sikre likebehandling av alle søkjarar vil berre søknader som er sende via Jobbnorge innan søknadsfristen går ut bli behandla.

Merk at portalen stengjer ved midnatt den datoen som er oppgitt som søknadsfrist!

Skal du søkje ei fagleg stilling ved Kunsthøgskolen i Oslo?
Her finn du forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar.

Les også rettleiing for sakkunnig vurdering for undervisnings- og forskarstillingar