KHiO får tilsett rektor
Kunsthøgskolen i Oslo skiftar styringsordning frå valt til tilsett rektor, vedtok KHiO styret på møte 13. september 2022. Den nye ordninga skal gjelde frå 1. august 2023 då valperioden til noverande rektorat går ut.
I styrevedtaket, S-sak 45/22, heiter det:
- Styret vedtar å innføre styringsordning med tilsatt rektor for perioden august 2023 - juli 2027, jf. UH-loven § 10-1.
- Styret gir rektor og direktør mandat til å sette ned en arbeidsgruppe som skal utarbeide forslag til endringer i organiseringen av Kunsthøgskolen i Oslo som følge av ny styrings- og ledelsesmodell.
- Styret gir direktør fullmakt til å innhente konsulentbistand i prosjekt- og rekrutteringsarbeid, til sammen 1,5 mill eks. mva.
Knapt styrefleirtal for ny ordning
Styret var delt der 6 stemte for tilsett rektor og 5 stemte for valt rektor. Fleirtalet på seks som vedtok styringsordning med tilsett rektor bestod av alle dei fire eksterne styrerepresentantane og to av styrerepresentantane frå dei tilsette. Mindretalet på fem som stemte for å halde fram med valt rektor bestod av to styrerepresentantar frå dei tilsette, to studentrepresentantar og styreleiar.