Studentrådet

Studentrådet er det høgste studentorganet ved Kunsthøgskolen i Oslo, valt av studentane sjølve.

I studentrådet sit medlemmer frå studentutvala. Studentutvala representerer dei ulike studieretningane

  • Design
  • Kunst og handverk
  • Kunstakademiet
  • Scenekunst (Operahøgskolen, Dans og Teaterhøgskolen)

Studentrådet 2016-2017:

Studentutvala

Design

  • Karoline Bækkevold Bakke
  • Christian Hartvig Henriksen

Kunst og handverk

  • Linn Svensson, nestleiar SU
  • Miriam Ekeholt

Kunstakademiet

  • Ylva Kemi, leiar SU
  • Aksel Octavius Norreen Hauklien

Dans

  • Mattias Courage, leiar SU

Operahøgskolen

  • Victoria Randem, leiar SU

Teaterhøgskolen

Studenthusansvarlig

  • Henrik Nordahl

Styrerepresentasjon

Studentane vel også to representantar til styret ved Kunsthøgskolen.

Læringsmiljøutvalet

Læringsmiljøutvalet deltek i planlegging av tiltak som gjeld læringsmiljøet, og skal nøye følgje utviklinga i spørsmål som gjeld sikkerheita og velferda til studentane.

Ansvaret gjeld også for det totalet læringsmiljøet, og at fysisk og psykisk arbeidsmiljø er fullt forsvarleg utifrå ei samla vurdering av omsynet til studentane si helse, sikkerheit og miljø.

Studentrepresentantar

Kunst og håndverk

  • Linn Svensson (leiar av LMU studieåret 2016-17)
  • vara: Miriam Ekeholt

Kunstakademiet

  • Ylva Kemi
  • vara: Aksel Octavius Norreen Hauklien

Dans

  • Mattias Courage

Operahøgskolen

  • Victoria Randem
  • vara: Marcela Randem

Design

  • Karoline Bækkevold Bakken
  • vara: Christian Hartvig Henriksen

Tilsetterepresentantar

  • Merete Lingjærde (prorektor)
  • Therese Veier (vara: Tanja Brodshaug Halvorsen)
  • Anette Christensen (vara: Torben Lai)
  • Vidar Iversen (vara: Jon Ivar Strømmen)

Sekretær

  • Alexandra Mertens

Observatørar

  • SiO ved Yasmin Iqbal
  • AMU ved Kikke Norén Løwgren

Styret har i følgje universitets og høgskolelova det overordna ansvaret for studentane sitt læringsmiljø. Høgskolen pliktar å leggje tilhøva til rette for eit godt studentmiljø og arbeide for å betre studentvelferda på lærestaden.

Læringsmiljøutvalet rapporterer til styret.

Meir informasjon: lov om universitet og høgskolar § 4-3 Læringsmiljø

Referat og anna informasjon kan lesast på intranett.

KUF-utvalet

Utval for kunstnarleg utviklingsarbeid og forsking (KUF-utvalet) er eit rådgivande organ i spørsmål som gjeld institusjonens politikk innanfor kunstnarleg utviklingsarbeid for dei tilsette.

KUF-utvalet skal ta vare på heilskapen og kvaliteten innanfor kunstnarleg utviklingsarbeid og forsking. Utvalet disponerer eigne midlar til føremålet, der tilsette, innanfor gitte søknadsfristar, kan søkje om midlar til prosjekt.

Desse prosjekta, saman med stipendiatarbeida, er nærare omtala under Kunstnarleg utvikling og forsking.

KUF-utvalet er nedsett av styret og rapporterer til rektor.

Råd for samarbeid med arbeidslivet

Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA) skal tilføre Kunsthøgskolen i Oslo eit breiare kompetanse- og erfaringsgrunnlag, ivareta samfunnsinteresser, og styrkje samspelet mellom institusjonen og sentrale brukar- og interessegrupper.

Rådet er nedsett av styret.

Meir informasjon:
Strategi for samarbeid med arbeidslivet 2012–16 (pdf)

Klagenemnda

Kunsthøgskolen i Oslo har oppretta ei eiga klagenemnd som handsamar klager om:

  • enkeltvedtak som gjeld studentar og søkjarar til studium ved Kunsthøgskolen
  • formelle feil ved opptak, permisjon, tildeling av grad eller vitnemål, tap av studierett og liknande
  • formelle feil ved eksamen, sensur og arbeidskrav, jf. lov om universitet og høgskolar § 5.2
  • annullering av eksamen eller prøve, såkalla juksesaker, jf. § 4-7

Saker som gjeld erstatning, utestenging eller bortvising, straffbare tilhøve, og saker som gjeld sikkerheitsvurdering, skal handsamast av styret.