

Teaterhøgskolen
Teaterhøgskolen har sidan etableringa i 1953 vore den leiande institusjonen for utdanning av scenekunstnarar. Teaterhøgskolen tilbyr bachelorstudium for skodespelarar og regissørar, og eit masterstudium i teater med fordjuping i skodespelarfag, regi, scenetekst eller scenografi. Avdelinga tilbyr òg praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) i teater.
Teaterhøgskolen arbeider både tradisjonelt og eksperimentelt. Utgangspunktet er å utdanne kompetente scenekunstnarar til teatermiljøet. Visjonen er å utdanne studentar som sameinar den tradisjonelle handverksorienteringa som har stått sterkt ved mange av institusjonane, med det meir eksperimentelle og skapande arbeidet som har prega det frie feltet.
Teaterhøgskolen tilbyr ikkje berre ei profesjonsretta utdanning, men ei fullverdig kunstutdanning. Vi ønskjer å utvikle det kunstnariske samvitet til studentane, og gi miljøet ikkje berre det det har bedd om, men kanskje også noko det ikkje visste at det trong.
Bachelor i skodespelarfag

Varighet |
Omfang |
Språk |
Søknadsfrist |
Tre år | Heltid | Norsk | 1. februar |
Studentane ved det treårige bachelorstudiet i skodespelarfag skal utdannast til sjølvstendige, skapande kunstnarar på høgt nivå, som gjennom erfaring med ulike metodar skal utvikle det personlege uttrykket sitt. Utdanninga gir studentane solide føresetnader for å gjere profesjonelt skodespelararbeid i sceniske produksjonar, så vel som på film og andre medier. Teater er ein kollektiv kunstart, og studenten skal også lære å arbeide med eit ensemble og å samarbeide med andre kunstnarlege og scenetekniske yrkesgrupper.
Utdanninga tek utgangspunkt i pedagogikken til den russiske teaterpedagogen Stanislavskji. I første studieår lærer studentane grunnleggjande teknikker fra ulike fagfelt retta mot skodespelaren. Studiet har ein jamn progresjon fram mot framsyningar med tilnærma profesjonelt nivå i tredje studieår. Studentane arbeider også med sjølvstendige sceniske prosjekt som skal føre til visingar.
Skodespelarfaget utgjer hovuddelen av studiet. Andre fag er bevegelse og improvisasjon, dans, tale og stemmebruk, song og musikk, tekst og dikt, kunstfagleg teori og metode. Det er også filmkurs og workshop i bruk av andre mediar.
Søk opptak
Opptaket åpner to måneder før søknadsfristen.
Bachelor i regi

Varighet |
Omfang |
Språk |
Søknadsfrist |
Tre år | Heltid | Norsk | Nytt opptak i 2024 |
Studentane ved det treårige bachelorstudiet i regi skal utdannast til sjølvstendige, skapande kunstnarar på høgt nivå, og gjennom opplæring i ulike metodar utvikle det personlege uttrykket sitt. Teater er ein kollektiv kunstart, og studenten skal også lære å arbeide med eit ensemble og å samarbeide med andre kunstnarlege og scenetekniske yrkesgrupper. Utdanninga tek utgangspunkt i teoriane og arbeida til den russiske teaterpedagogen, regissøren og skodespelaren Stanislavskij. Studentane skal også bli kjende med andre innfallsvinklar og metodar for regifaget.
I undervisninga jobbar studentane med kvarandre både som skodespelarar og regissørar. Dei arbeider også med andre studentar ved Kunsthøgskolen, og dessutan andre fagmiljø og aktørar – både gjennom regiøvingar og eigne oppsetjingar av aukande omfang og vanskegrad.
I tillegg til hovudfaget regi blir det undervist i skodespelartekniske fag, teaterteori og kunstteori, dramaturgi, dramatikk-kunnskap og produksjon, og dessutan teatertekniske fag.
Master i teater

Varighet |
Omfang |
Språk |
Søknadsfrist |
To år | Heltid | Norsk | 1. Februar |
Masterstudiet i teater er eit toårig fulltidsstudium. Målet med studiet er å utvikle scenekunstnarar som kan bidra til fagleg nytenking, bringe inn nye perspektiv og skape særeigne kunstnariske uttrykk innanfor ein vid definisjon av kva scenekunst er og kan vere.
Studiet er retta inn mot kunstnarisk praksis, og ein vesentleg del av studiet består av kollektive, skapande prosessar der ulike faglege fordjupingar møtest.
Studiet rommar eit unikt høve for fagleg utvikling og bevisstgjering, og krev samtidig vilje til sjølvstendig arbeid og refleksjon.
På masterstudiet får studentane høve til å reflektere over og vidareutvikle kunstnarskapet sitt, fordjupe seg i kunstnarisk utforsking, delta i nye samarbeidsformer og presentere arbeida sine innanfor profesjonelle rammer på ein av Europa sine fremste kunsthøgskular. Det kunstnariske arbeidet skjer både individuelt og i samarbeid med ei samansett student- og lærargruppe.
Studentane på masterstudiet møter variert undervisning og eit breitt spekter av kunstnariske verkstadprosessar. Sentralt står produksjonsarbeid som leier fram mot ulike former for visningar og framsyningar, og under tett oppfølging frå lærarar og rettleiarar på høgt norsk og internasjonalt nivå. Studiet blir avslutta med eit kunstnarisk masterprosjekt der det også inngår ein refleksjonsdel.
Studiet kvalifiserer også til å søkje om opptak til doktorgradsprogram for kunstnarisk utviklingsarbeid (ph.d.) og andre relevante stipendiatprogram. Både enkeltpersonar og grupper er velkomne til å søkje.
Søk opptak
Opptaket åpner to måneder før søknadsfristen.
Master - Comparative Dramaturgy and Performance Research

Varighet |
Omfang |
Språk |
Søknadsfrist |
To år | Heltid | Engelsk | 1. februar |
Internasjonal masterstudium i teater - CDPR (komparativ dramaturgi og performance studier)
KHiO tilbyr eksklusive plasser til en internasjonal master i dramaturgi og performancestudier – CDPR (komparativ dramaturgi og performance studier) med utveksling til Frankfurt, Brussel, Paris eller Helsinki.
CDPR-programmet er et unikt samarbeid mellom fem sentrale europeiske utdanningssteder med fokus på dramaturgi i en internasjonal kontekst. Studiet har som mål å utdanne dramaturger med innsikt i, og oversikt over ulike teaterkulturer og systemer, og med evne til å skape samarbeid mellom aktører og organisasjoner på tvers av nasjonale grenser. CDPR blir avviklet i nært samarbeid med masterutdanningen i teater og gir en dobbel grad.
Søk opptak
Opptaket åpner to måneder før søknadsfristen.
Praktisk-pedagogisk utdanning

Varighet |
Omfang |
Språk |
Søknadsfrist |
Ett år | Heltid | Norsk | 3. april |
Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) i teater er ei lærarutdanning for skodespelarar og regissørar som ønskjer å jobbe som faglærarar og teaterpedagogar.
Studiet kvalifiserer for undervisning i grunnskole, vidaregåande skole, vaksenopplæring, folkehøgskolar, og dessutan kulturskole og private teaterskolar.
Les om PPU-student Henriette Blakstad og røynslene hennar med studiet.
Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er eit eittårig studium på 60 studiepoeng, og består av pedagogikk, fagdidaktikk og praksis. I studiet inngår 12–14 vekers integrert rettleidd praksisopplæring.
Pedagogikk er læra om oppseding, undervisning, læring og utvikling og skal bidra til å gi auka kunnskap og refleksjon i lærarrolla inn mot praksis. Innhald:
- psykologi; utviklingspsykologi, relasjonar, kommunikasjon, læring og motivasjon
- filosofi; ulike grunngivingar og fokus for oppseding og undervisning, etikk og verdimedvit
- sosiologi; samfunn, kultur, gruppeprosess og samspel
- didaktikk/undervisningslære; «kva, korleis og kvifor» i undervisninga, læreplanar og vurderingsarbeid
Fagdidaktikk handlar om ulike faglege tilnærmingar og perspektiv på undervisning retta mot ulike målgrupper og læringsarenaer. Det å få erfaring med, tilbakemelding på og gode eksempel på planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning står sentralt, og studentane møter eit breitt utval av lærarkrefter. Emnet er delt inn i følgjande område:
- leik, kreativitet og skapande arbeid med barn
- samspel, improvisasjon og komposisjon
- teaterteknisk grunnlagsarbeid (rolle- og karakterutvikling)
- teaterdidaktisk fordjuping: konsept og regi
I praksisopplæringa får studentane erfaring med ulike sider ved læraryrket. I samarbeid med praksisrettleiar får studentane trening i å planleggje, organisere, gjennomføre og vurdere opplæring i samsvar med pedagogiske og didaktiske prinsipp. Praksisopplæringa blir gjennomført med elevar i ulike aldersgrupper og er primært/normalt retta mot kulturskole/ private teaterskolar og vidaregåande skole.
Praktisk-pedagogisk utdanning i både teater og dans vert fagleg leia og administrert av avdeling dans.
Søk opptak
Opptaket åpner to måneder før søknadsfristen.
Utveksling
Dersom du er interessert i å vere utvekslingsstudent ved Kunsthøgskolen i Oslo, gå til sida Student Exchange.
Dersom du vil vite om moglegheitene studentar ved Kunsthøgskolen har for å søkje om utveksling i utlandet, gå til sida for studenter.