Glimt frå open dag 2023
Takk til alle som kom innom og alle som bidrog til open dag på KHiO! Vi håper det er mange som vil kome og studere hos oss hausten 2024!
Med oppstart klokka 9 og program gjennom heile dagen, inviterte avdeling dans inn for å sjå alle klassane våre i klassisk, jazz og moderne. Det var mange sko og klede å leite seg gjennom når dei besøkande var klar for å gå vidare!
Operahøgskolen inviterte mellom anna til å høyre på prøver fram mot framsyninga av Don Pasquale og L’elisir d’amore, regi Mira Bartov. Framsyninga blir 30.11 og 01.12, sjå meir om arrangementet Pride and Prudence - italiensk opera. Husk at alle våre arrangement er gratis, så om du ikkje rakk innom på open dag – har vi mykje som skjer heile året.
Teaterhøgskolen opna og for å bli med og observere undervising. Mellom anna felles kor for 1., 2. og 3. klasse bachelor på skodespelarfag. Etterpå vart det spørjerunde der studentane ivrig svarte dei besøkande. Vi er ganske greie her på KHiO altså, sjølv om det kan virke litt skummelt før du kjem inn!
Studentambassadørane våre hadde mange besøkande med rundt på huset og studentane viste fram KHiO på scener, salar, verkstader og arbeidsplassar. I tillegg var det fleire utstillingar på huset.
Avdeling design hadde med folk på omvisinger og i tillegg stilte dei ut arbeid frå grafisk design og illustrasjon, klede- og kostymedesign, og interiørarkitektur og møbeldesign.
Kunst og handverk sitt store program inneheldt mellom anna omvisingar og demonstrasjonar. Dei var og tilgjengelege for råd med portofolio og spørsmål om søknadsprosess. Her finn du grafikk og teikning, metall- og smykkunst, tekstil og keramikk. Visste du at vi har Nord-Europas største keramikkovner? Hos oss kan du bygge stort! Kunst og offentlege rom høyrer og til her, og dei serverte kake mot historiane dine og inviterte også til å lage buttons og andre aktivitetar.
Studentar på Kunstakademiet starta med sal av kunstverk allereie klokka 11 på formiddagen. Dei fekk inn 12.000,- kroner, som gjekk rett til Palestinakomitéen. Seinare inviterte dei til eit gratis måltid klokka 18.oo og uformell samtale med studentar og omvisingar under deira tradisjonelle kveldsarrangement Open Academy, som avslutta dagen.