Foto: Martin I. Dalen.
Foto: Martin I. Dalen.

Å studere på KHiO 2020: Operahøgskolen

Namn: Eldrid Gorset
Fag: masterstudium i opera

Korleis har tida på KHiO vore?

Tida på KHiO har vore heilt fantastisk på mange måtar. Det at det er ei såpass lita avdeling gjer at vi alle blir godt kjent, og eg vil tore påstå at det aldri har vore eit betre miljø på Operahøgskolen enn det har vore no. Det er høgt under taket, vi er rause med kvarandre og med tilgang til fantastiske ressursar er det mykje å hente. Både songlærarar, dirigentar, regissørar og pianistar er av internasjonal klasse, og eg har måtta klype meg i armen for å skjøne kor heldige vi faktisk er. Det har også vore utruleg tøft med lange og intense dagar, og eg har lært utruleg mykje om meg sjølv som menneske og songar. Det at det er fleire studentar som er tatt inn enn før, og at scenekunsten stadig er i endring har gjort at vi studentar har måtta ta veldig ansvar og være medvitne om kva vi treng som songarar og studentar på skolen. Eg har opplevd at skolen lyttar og heile tida prøver å imøtekome studentars behov og tilpasse seg krava til den verkelege operaverda.


Kva er det viktigaste du tar med deg frå KHiO?

Det viktigaste eg tar med meg er nok det at det er bygt opp såpass likt arbeidslivet til ein operasongar. Eg har lært meg å bli meir sjølvstendig som kunstnar og operasongar, og har kjent på at når alt kjem til alt, er det eg sjølv som må gjere jobben og lære meg å stå for det eg «leverer». I den prosessen har det vore godt å ha kunnskapsrike mentorar og rettleiarar som eg kan stole på og eg kjem nok lenge framover til å «gjenoppdage» meir og meir i verktøykassa dei har gjeve meg. Det eg er mest takknemlig for er det tette samarbeidet eg har hatt med songlæraren min, Solveig Kringlebotn. Det å bli operasongar er eit nitidig arbeid, og hennar engasjement og tålmod har vore uvurdeleg for utviklinga mi.


Fortel om avgangsprosjektet ditt

Avgangsprosjektet vårt var å setje opp operaen Falstaff av Verdi med sjølvaste KORK, som skulle hatt premiere berre to veker etter at skolen stengte på grunn av korona. Det var ei absurd kjensle å være så nære, og utruleg utilfredsstillande å ikkje få vist det harde arbeidet vi hadde lagt i det. Men – det var ei fantastisk erfaring å jobbe inn ei av mine draumemeroller, Nannetta, med min draumereggisør, Stefan Herheim. Han er ei energibombe som krev at vi studentar gjev alt vi har til eikvar tid! Det var i utgangspunktet ein spinvill idé å setje opp denne operaen, men det viste seg å være ein strålande opera å vekse på og vi fekk verkeleg utfordra oss på samspel og komisk timing. Heldigvis har Herheim jobba hardt for at vi skal få vår gulrot, og vi har fått løyve til å setje den opp på Scene 2 i Operaen til hausten.


Kva no?

Tida som nyutdanna operasongar ser nok litt annleis ut no enn før koronaen, men eg kryssar fingrane for at eg skal finne min plass i denne rare, men fantastiske kunstarten. Dersom nye retningslinjer tillet det er eg så heldig å få være med på fleire konsertar og festivalar – eg gler med verkeleg til å få syngje for folk flest igjen! Elles består frilanslivet av audition og reising, og eg gler meg ekstra mykje til fortsetjinga av mitt eige operakompani; Skeive Stemmer, som eg, Maria Dale Johannessen og Therese-Angelle Khachik har starta opp. Du må gjerne seie at vi drøymer om ikkje noko mindre enn ein operarevolusjon!


Følg
www.eldridgorset.no
@eldridgorset


Les også

Koronakullet , avgangsstudentar fra kvar av våre seks avdelingar fortel kordan dei har hatt det denne ekstraordinære våren og kva dei tenkjer om kunstnarens rolle.