Noreg bør prioritere ei god kunstutdanning

Kristel Jæger Skorge startar som ny direktør ved KHiO 22. mars. Ho meiner at som leiar i UH-sektoren, må ein både tole og like ulike meiningar og det er naturleg at rørsler i tida treff kunsten tidlegare enn andre stader i samfunnet. Hovudmålet er at Kunsthøgskolen skal halda seg på topp internasjonalt og då må alle vere villig til å inngå i diskusjon. Skorge kjem frå stilling som direktør for forskings- og innovasjonsadministrasjon ved Universitetet i Oslo.

– KHiO er ein institusjon med unike ressursar og fagleg profil eg synest er spennande. Ein unik fagleg vitskapeleg høgskule i Noreg. Her er veldig dyktige tilsette og studentar, det er vanskeleg å kome inn. Og desse vil vere med og prege samfunnet vårt i framtida. KHiO er Noregs viktigaste kunstfaglege utdanning og spelar ei viktig rolle både nasjonalt og internasjonalt. Eg har interesse for både praksisfeltet og utdanninga. I min sektor, UH-sektoren, er KHiO er ein veldig spennande institusjon.

Då tilsetjinga di vart kjent, vart det trekt fram at du er den inkluderande og brubyggjande, så vel som den strategiske og tydelege leiaren, som KHiO treng. Institusjonen har det siste året vore prega av diskusjonar om rasisme, diskriminering og ytringsfriheit. På tidspunktet du vart tilsett var det klart at tidlegare rektor Måns Wrange trakk seg frå jobben på grunn av ein kritisk familiesituasjon, men også fordi han i sitt arbeid med mangfald- og diskrimineringsarbeid på KHiO vart kritisert for det media kalla «identitetspolitikk», og vart ståande i ein mediestorm som dreia seg om politisering og ideologisering av utdanninga ved KHiO. Kva er det ved deg trur du, som overtydde styret om at du er den rette brubyggar og strateg for KHiO?

– Eg ser fram til å arbeide med alle tilsette ved KHiO, rektoratet inkludert, og trur det skal gå riktig bra. Mi erfaring er at det er det vi får til saman - alle saman - som er det viktige, og at sjølv om enkeltrelasjonar har betydning er det til sjuande og sist teamet som tel. Vi må bygge robuste team som stolar på kvarandre og som toler å vere ueinige i sak. Mitt inntrykk basert på dei fine samtalene eg allereie har hatt med rektor, tilsette og andre med kjennskap til KHIO, er at alle ønsker det same, nemleg at KHIO skal vere ein av de beste kunsthøgskulane i verda. Eg er ikkje redd for dei diskusjonane som naturleg kjem opp når ein arbeidar saman om å oppretthalde og vidareutvikle kvalitet i utdanning, forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid.

– Når det gjeld den positive omtala frå styret, så set eg pris på den. Det er jo hyggeleg å kjenne at begeistringa er gjensidig. Eg kan nok ikke forklare fullt ut styret sine tankar, men eg tenkjer vel at dei mellom anna såg positivt på det at eg har innehatt både faglege og administrative leiarroller i UH-sektoren med godt resultat og at eg har nokså brei erfaring og trivst med strategiske utvikling av kunnskapsinstitusjonar. Som leiar i UH-sektoren leier ein jo menneske som er uhyre dyktige og dedikerte, og også meiningssterke. Det må ein tole, og kanskje helst også like litt, dersom ein skal leve godt som leiar i vår sektor.

I sin nye film Manifest er Ane Hjort Guttu, professor i samtidskunst, kritisk til utviklinga innafor kunstutdanninga i Noreg og på KHiO. I saka Manifest for en annen kunstutdanning seier ho mellom anna at tilsette prøver stadig å «komme seg rundt» ein del krav ovanfrå for å kunne drive forsvarleg i tråd med det dei ser som ei konstruktiv kunstutdanning, fordi mange opplever at delar av new public management fungerer dårleg. Kva tenkjer du, som øvste ansvarleg for administrasjonen på KHiO, om samarbeidet mellom administrasjon og det faglege miljøet?

– Når det gjeld New Public Management, så er det vel etterkvart nokså brei einigheit i Noreg om at delar av styringsprinsippa og tankegodset ein opprinneleg knytte til dette ikkje utan vidare kan implementerast med godt resultat i offentleg sektor. Offentleg sektor har verdibaserte formål, og gode resultat for den enkelte brukar, borgar eller student kan ikkje alltid utan vidare teljast og målast. Samtidig må vi og akseptere å vere ein del av eit samfunn og institusjonar der ressursane ikkje er uendelege, men må prioriterast. 

– Som utdanningsinstitusjonar trur eg og at vi må innsjå at vi må konkurrere om nokre av midlane som er stilt til rådigheit til forsking og utviklingsarbeid for å auke vårt eige ressursgrunnlag. Om dette faktisk er god ressursutnytting, at ein så vidt stor del av dei tilsette si tid går med til å skrive søknader, det er derimot ein stor og kompleks debatt.

– Eg tenkjer at hovudmål for oss alle saman må vere ønsket om å drive ein best mogleg kunsthøgskole, og alle må vere villig til å inngå i diskusjon. Det blir for enkelt å tenkje at dei faglege berre tenkjer på fag og dei administrative berre tenkjer administrasjon. Er det noko denne tidsepoken lærer oss, så er det å vere forsiktig med å tillegge grupper meiningar dei ikkje har.

KHiO er ein institusjon med eit stort og komplekst areal, og det er mange både studentar og tilsette som saknar stader der folk kan møtes naturleg, slik at det blir kortare avstand mellom studentar, tilsette og leiinga. Har du tankar om korleis det er mogleg å opprette slike møtestader og er det noko du vil prioritere?

– Det er vanskeleg for meg å seie noko konkret om arealet på KHiO, ettersom eg ikkje har vore innom så mykje enno. Men eg er absolutt opptatt av fysiske møtestader, både for å møtast, snakkast og gje ro. Det som er interessant etter denne kræsjdigitaliseringa vi har hatt i løpet av året som ligg bak oss, er korleis vi kjem til å bruke dei fysiske møtestadane når ting blir meir normalt igjen. Eg trur kanskje vi framleis vil bruke zoom og dermed vil kanskje også bruken av møterom og fellesareal endre seg litt.

Fleire har spurt deg om di tilnærming til kunst, etter det vart kjent at du blir ny direktør ved KHiO, kva svarer du til det?

– Det er eit litt overveldande spørsmål. Eg tenkjer først at eg elskar kunst! Men så er det jo mykje kunst eg ikkje liker eller synest er inkjeseiande eller fråstøytande.

Når eg har studert kunst, har det meir vore frå eit historisk perspektiv, og eg har brukt både maleri, objekt og arkitektur som kjelde til å forstå menneska og samfunn frå fortida.

– Men det er klart, eg ville ikkje søkt Kunsthøgskolen om eg ikkje var interessert i kunst. Gode kunstutdanningar minskar risikoen for kjedeleg og irrelevant kunst, så det meiner eg eit oppegåande samfunn bør prioritere.

Kva vil du bruke tida på fram mot sommaren?

– Bli kjent med dykk på KHiO, tilsette, studentar, organisasjon og å få ei djupare innsikt i rammevilkåra. Eg veit at mange leiarar ofte svarer at dei vil bruke tid, men mi erfaring er at nettopp det er veldig viktig. Eg har ingen plan som eg tenkjer å iverksette på dag to av mi tilsetjing. Ein må kjenne organisasjonen på kroppen, både den fysiske delen og interessentane.

– Til slutt vil eg seie at det er ikkje nødvendigvis er eit sunnheitsteikn at det ikkje vert snakka i organisasjonen. Rørsler i tida vil naturleg treffe kunst raskare enn til dømes astrofysikk. Eg trur alltid det vil gå bra.

Kristel Jæger Skorge (54) er utdanna cand.philol. og dr.art. ved Universitetet i Bergen. Ho har også gjennomført Master of Public Administration med spesialisering i strategisk leiing ved Copenhagen Business School. Skorge har brei erfaring frå universitets- og høgskolesektoren og har mellom anna arbeidd som stipendiat og prosjektmedarbeider ved Senter for europeiske kulturstudium ved Universitetet i Bergen, fou-leiar og underdirektør ved Universitetet i Stavanger og førsteamanuensis og instituttleiar ved Høgskolen i Oslo og Akershus (no OsloMet) og som leiar av fou i NAV. Skorge er no direktør for forskings- og innovasjonsadministrasjon ved Universitetet i Oslo.

Kristel Jæger Skorge tiltrer stillinga som direktør på Kunsthøgskolen i Oslo 22. mars 2021. Ho tar over stillinga etter Annemarie Bechmann Hansen som no er direktør for Statped.