Kunsthøgskolen er vertskap for Dronning Sonja Sangkonkurranse 2023
15. august startar rigg, innleiande konkurransar og deretter semifinalen i Queen Sonja Singing Competition 2023 på campus KHiO. Den store tv-framførte finalekonserten går av stabelen i Den Norske Opera & Ballett 26. august 2023.
40 operatalent frå 19 land er nå plukka ut til å delta i dei innleiande rundane av konkurransen.
- Vi gler oss veldig til å være vertskap og motta framståande unge operatalent frå heile verda som skal konkurrere om finaleplass i denne store og internasjonalt anerkjente songkonkurransen, seier dekan Anna Einarsson ved avdeling Operahøgskolen på KHiO. Einarsson også medlem i rådet for konkurransen og er i år også juryleiar for å velje ut tre unge songstudentar i Noreg til eit nyoppretta program for karriereutvikling.
- At Dronning Sonja Sangkonkurranse for første gong er på KHiO betyr utruleg mykje for oss. Det gjev stor internasjonal synlegheit, ikkje berre for oss på Operahøgskolen, men også for heile Kunsthøgskolen. For studentane våre inneber dette eit uvurderleg læringsutbytte då dei tett kan følgje songarane i konkurransen, synge på masterklassar med nokre av verdas mest profilerte artistar og også følgje alle forelesingar, paneldebattar og konsertar.
Operastudentane blir også invitert til den store finalen ved Den Norske Opera & Ballett. Det nære samarbeidet med Dronning Sonja Sangkonkurranse er svært verdifullt for oss og norsk operautdanning, så vi er som sagt veldig glade, seier dekan Anna Einarson.
https://www.instagram.com/p/Coh_bmIqpco/
Følg operastudentane på #oslooperaacademy
Operaakademiet - program for karriereutvikling
Dronning Sonja Sangkonkurranse har initiert eit nytt fagleg utviklingstilbod retta mot songstudentar i Noreg. Tilbodet omfattar modular som førebur songarar til å møte og meistre sentrale krav og forventningar frå operaindustrien. Konkurransen i år tilbyr ekstra merksemd for unge norske songarar som førebur seg framfor ei songarkarriere.
Den første samlinga i programmet vil gå føre seg på Kunsthøgskolen i Oslo under konkurransen 15.–26. august 2023. Det vil bli lagt opp til fleire samlinger i Oslo i oktober 2023 og mars 2024, i tillegg til digitale opplegg gjennom sesongen. Programmet er lagt opp for tre songstudentar som tilbys rettleiing og undervisning gjennom sesongen 2023/24. Songstudentar opp til 25 år, som kan oppgje bustadsadresse i Noreg, er kvalifisert til å søkje.
Operastudentane på KHiO følgjer allereie konkurransen tett. Operahøgskolen har i tillegg innført tidlegare studiestart i august for at alle studentane skal kunne få overvære heile prosessen og med det få best mogleg utbyte av songkonkurransen som går føre seg på campus.
Les også: Velkommen-til-operaakademiet
Les også: En bærekraftig karriere
Programmet er utvikla i eit samarbeid mellom Dronning Sonja Sangkonkurranse, Noregs musikkhøgskole og Kunsthøgskolen i Oslo.
Queen Sonja Singing Competition
Dronning Sonja Sangkonkurranse 2023 er open for unge songarar født i 1991 eller seinare. Konkurransen blei stifta i 1998 og blir annakvart år arrangert i Oslo. Konkurransen er open for songarar frå alle verdsdelar og arbeider kontinuerlig for å gje unge songarar moglegheita til å eksponere seg og for å være ein døropnar for innpass i den profesjonelle musikkverda. Konkurransen opererer også som ein aktiv brubyggjar mellom norsk og internasjonalt musikkliv.
15.–26. august 2023 går konkurransen føre seg i Oslo.
17. og 18. august er det innleiande rundar og 20. august semifinale på hovudscenen til KHiO på Grünerløkka.
26. august går den store tv-framførte finalen av stabelen på hovudscenen ved Den Norske Opera & Ballett i Bjørvika.
Les også
Her er opera-talentea som er klare for Dronning Sonja Sangkonkurranse 2023
19 land vil være representert i Dronning Sonja Sangkonkurranse i år. To norske deltakarar er med vidare.
Billetter til finalen kan bestillast på www.operaen.no
VOICES OF THE WORLD