Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 117, Firefox (Android) 118, Android WebView 117, Chrome 117, Chrome 116, Chrome 115, Chrome 114, Chrome 109, Edge 117, Edge 116, Firefox 118, Firefox 117, Firefox 91, Firefox 78, Safari/Chrome (iOS) 17.0, Safari/Chrome (iOS) 16.6, Safari/Chrome (iOS) 16.3, Safari/Chrome (iOS) 16.1, Safari/Chrome (iOS) 15.6-15.7, Opera Mobile 73, Opera 103, Opera 102, Opera 101, Safari (MacOS) 17.0, Safari (MacOS) 16.6, Safari (MacOS) 15.6, Samsung 22, Samsung 21

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Studentombod Pål Gustavsen, ved kontoret på Blindern.
Studentombod Pål Gustavsen, ved kontoret på Blindern.

Gir råd i krevjande situasjonar

KHiO og fem andre høgskular i Oslo har gått saman om å finansiere eit studentombod som skal gi studentar rådgjeving i vanskelege saker som kan oppstå i studiekvardagen. Pål Gustavsens kontor på Blindern er ope for dei som treng det.

– Studietilværet kan vere ein krevjande situasjon. Ein er gjerne ung og står midt i ein situasjon med ei rekkje nye krav og forventningar. Det er mange reglar, og ein kan føle seg liten og sårbar. Det er òg ein viss maktubalanse, seier Pål Gustavsen. Han er det nye studentombodet for dei seks høgskulane som har etablert ei felles ordning om tilbodet.

1. august i fjor tredde lova om at alle studentar skal ha tilgang til studentombod i kraft. Studentar ved Kunsthøgskolen i Oslo, Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, Lovisenberg diakonale høgskole, Bjørknes Høyskole, Politihøgskolen og Noregs musikkhøgskole har dermed tilgang til ein ekstra ressurs dersom dei treng støtte.

Gustavsen fortel at dei ynskjer å vere ein trygg støttespelar og nøytral tredjepart, som studentane kan kome til og lufte problem for.

Studentombodet tek aldri saka vidare med mindre studenten sjølv ynskjer det, men er ein uavhengig part som gir råd og rettleiing i vanskelege saker som kan oppstå i studiekvardagen.

– Som oftast er jobben å gi juridisk rettleiing om regelverket, korleis det funkar, og fortelje om kva rettar og plikter studentane har. Mange av vedtaka som fattast er enkeltvedtak, der studentane mellom anna skal varslast i forkant, få ei grunngjeving og høve til å klage, og oppgåva vår er å sørgje for at saksbehandlinga er forsvarleg og korrekt.

Har teieplikt

Gustavsen seier at studentane ofte spør kva reglane er i nettopp deira sak. Kva har dei krav på? Og motsett: Kva er forventa av dei? Somme treng ikkje meir hjelp enn det. Andre treng meir. Omfanget kjem an på saka.

– Dette er eit lavterskeltilbod. Det er uformelt, uforpliktande og gratis, og man treng ingen tilvising. Det er berre å svinge innom. Vi har også utvida teieplikt, så alt som skjer hos oss er konfidensielt.

Studentombodet representerer korkje skulane eller studentane, men skal medverke til at saka blir opplyst og gått gjennom på ein upartisk måte.

– Vi kan gi råd og rettleiing til studentar som varslar om kritikkverdige forhold. Her kan vi eksempelvis delta på møte, og vere ein støttespelar som gjer at studenten ikkje treng å kjenne seg aleine i ein vanskeleg situasjon.

Set opp møte ved høve

Gustavsen påpeikar likevel at dei fleste ikkje vil trenge studentombodet i det heile. Han opplever at avdelingane og institusjonane løyser langt på veg dei fleste saker på ein god måte for studenten sjølv.

– Dei fleste ynskjer det beste for studentane. Og ein finn svært ofte gode løysningar. Men vi kan kome inn i bildet når dei vanlege mekanismane ikkje fungerer, og det er behov for ein tredjepart.

Vidare fortel han at han vil besøkje alle dei seks høgskulane han har ansvaret for i nærmaste fremtid, saman med vikaren som fungerar for han ut året, og gjere seg kjent blant studentane.

– Vi må gjere oss relevante og tilgjengelege, og sørgje for at studentane har tillit til oss, seier han, og understreker at det berre er å ta kontakt.

– I utgangspunktet er eg tilgjengeleg kvar dag, så det er berre å sende e-post eller ringe, så kan vi setje opp eit møte med dei som har behov for det, seier Gustavsen.

Her finn du meir info om kva studentombodet gjer, og kontaktinfo.