Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 117, Firefox (Android) 118, Android WebView 117, Chrome 117, Chrome 116, Chrome 115, Chrome 114, Chrome 109, Edge 117, Edge 116, Firefox 118, Firefox 117, Firefox 91, Firefox 78, Safari/Chrome (iOS) 17.0, Safari/Chrome (iOS) 16.6, Safari/Chrome (iOS) 16.3, Safari/Chrome (iOS) 16.1, Safari/Chrome (iOS) 15.6-15.7, Opera Mobile 73, Opera 103, Opera 102, Opera 101, Safari (MacOS) 17.0, Safari (MacOS) 16.6, Safari (MacOS) 15.6, Samsung 22, Samsung 21

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Å studere på KHiO 2020: dans

Å studere på KHiO 2020: dans

Namn: Edith Strand Askeland
Fag: bachelor i samtidsdans

Korleis har tida på KHiO vore?

Tida på KHiO har vore ein god kombinasjon av krevjande og inspirerande. Fagleg trur eg aldri eg har fått så mykje input på kort tid. Du kan kalle bacheloren i samtidsdans ein slags buffet kor du får ein smakebit av kva store delar av feltet har å tilby. Dette kan bli overveldande til tider, men no som eg nærmar meg slutten vil eg aldri ha vore den erfaringa forutan.

Sosialt vil eg seie at tida på KHiO har vore krevjande og inspirerande. Det er intenst å omgå dei same åtte (pluss minus) til eikvar tid, men det å sjå venene mine vekse og bli dei dansekunstnarane dei er i dag har også vore utruleg gjevande. Det er tydeleg at KHiO er ein stad for spesialisering og jobbing, noko som gjer at tida ikkje alltid strekkjer heilt til når det gjeld store sosiale omgangskrinsar, men dei nære og gode venskapa ein får trur eg verkeleg kan vare livet ut.


Kva er det viktigaste du tek med deg frå KHiO?

Det viktigaste eg har med meg frå KHiO er heilt klårt mogninga. Gjennom desse tre åra har eg verkeleg vakse som menneske og dansar. Sjølv var eg 18 og «nyutflytta» då eg byrja på bacheloren min og stega eg har tatt sidan då har vore store. Eg vil også alltid ta med meg dei utrulege relasjonane eg har fått gjennom klassekameratane mine, medelevar og lærarar. Det å samarbeide om å utforske i same kunstfelt skapar utruleg mange fine møte mellom menneske.


Fortel om avgangsprosjektet ditt?

Vi har byrja på visninga av avgangsframsyninga vår «Vente» av Alan Lucien Øyen og Daniel Proietto. På grunn av korona-situasjonen fekk vi berre lov med 22 publikummarar om gongen. Men vi er utruleg takksame for at vi i det heile tatt får ha publikum til stades.


Kva no?

Eg har blitt plukka ut til å være ein del av Panta Rei Danseteaters talentutviklingsprogram TILT Grow, der vi gjennom 2020 får oppfølgjing av mentorar og jobbe mot å formidle dans i Viken regionen. Vi jobbar mot ein turné i regionen med fleire solovisningar og samarbeid med dei forskjellige kommunane om å nå ut med danseriske prosjekt til så mange som mogleg.

Eg drøymer om å kunne fortsetje å formidle dansekunst til så mange som mogleg, og å skape kunst som rører folk. Kortsiktig ønskjer eg å reise og få input frå andre delar av kloden, for å opne auga for kva dansekunst kan være i andre kulturar. Men det har blitt ein draum på vent til verda opnar igjen.


Les også

Koronakullet , avgangsstudentar fra kvar av våre seks avdelingar fortel kordan dei har hatt det denne ekstraordinære våren og kva dei tenkjer om kunstnarens rolle.