
Koreografi av eit arkiv av relasjonar: Singulariteter og det felles delte i dans
Stipendiat Solveig Styve Holtes doktorgradsprosjekt
Vitenskapelig sammendrag
Koreografi av eit arkiv av relasjonar: Singulariteter og det felles delte i dans utforskar koreografiske metodar og prosesser for bruk av arkiver i dans. Korleis kan koreografi eksistere som ein singularitet, som eit objekt som synleggjer historiske dansearkiv, observasjonsmodaliteter og arkiver av oppgåver og situasjonar? Kva om koreografi ikkje handlar om å finne opp nytt materiale, men om ein prosess av å komponere, arbeide med og synleggjere eksisterande materialar og relasjonar?
Forskinga har produsert nye koreografiske verk som er forstått som singularitetar gjennom bruk av eksisterande materiale. Eg er gripen av den handlekrafta materialet kan ha i forminga av verket. Ein kunstarleg skapingsprosess er alltid ein stad for referansar og påverkingar, og eg ser det å sette namn på desse referansane som noko som verken forringer eller undergravar det kunstnarlege verket sin autonomi eller integritet. I staden kan det medverke å etablere eit breiare kunnskapsfelt innan dans og koreografi, og utfordre den historiske fetisjerte ideen om det originale geniale meisterverket, der man ikkje kan artikulere, diskutere eller spore det sine påverkingar.
Forskinga har utvikla seg langsetter to aksar. Den første aksen eg identifiserar er den intersubjektiviteten som ligg i koreografiske prosesser. Meir presist undersøkjer eg korleis skape ein produktiv læringssituasjon i arbeidet mitt der det vi produserer veks fram mellom meg, som koreograf, og utøvaren/danseren/samarbeidspartneren, og korleis staden, konteksten og situasjonen fungerer som samskapande materialar i det kunstnariske arbeidet. Den andre aksen i forskinga mi, intertekstualitet, speglar interessa mi for eksisterande materialar, funne dansehistoriske arkiv, funne former for komposisjonar og observasjonsmodalitetar, og å forstå og nærme seg desse som et felles delt i dans.
Fakta om prosjektet
Prosjekttittel | "Choreographing an Archive of Relations: Singularities and the Shared Commons in Dance" |
---|---|
Prosjektleder |
|
Startdato | |
Sluttdato | |
Prosjektstatus | Aktivt |
Avdeling | Dans |