Beatrice Guttormsen framfor arbeid og trykkplater på arbeidsplassen sin på KHiO.
Beatrice Guttormsen framfor arbeid og trykkplater på arbeidsplassen sin på KHiO.

Reis ut

Studie ved Kunsthøgskolen i Oslo kan kombineras med studieopphald i utlandet. Masterstudent Beatrice Guttormsen innan fagområdet grafikk og teikning, reiste eitt semester til Budapest.

Kvifor valde du å reise på utveksling?

Det å utvide horisonten sin er viktig. Noreg er ikkje så stort, og KHiO eller Oslo har ikkje malen på kva som er kunst. Når vi etter kvart skal ut av KHiO, er det greitt å ha kontaktar i utlandet, og terskelen for å søke artist residency seinare blir også mindre. Personleg ville eg reise fordi eg hadde tatt bachelor på KHiO, så då eg starta på master ville eg gjerne få eit anna perspektiv. Det vart og ei personleg utfordring fordi eg har aldri reist aleine før. Så sjølv om vi har fantastiske fasilitetar på KHiO, er dette eit unikt høve til å reise ut og samle erfaringar, samstundes som ein får stipend.


Kva såg du etter då du skulle avgjere studiestad?

Eg såg rett og slett etter stader eg kunne tenke meg å bli betre kjend med. Ungarn har eg aldri vore i før, dei har eit språk eg ikkje forstår, men eg var spent på byen, folka og atmosfæren. Dei har ein vanskelig politisk situasjon, og trass i at eg ikkje er ein politisk kunstnar, lurte eg på korleis dette påverka kunsten.


Kva møtte deg då du kom?

I Budapest var det mange internasjonale studentar frå 26 ulike land, eg var den einaste frå Skandinavia. Dei har eit eige opplegg for internasjonale studentar med undervising på engelsk. Vi hadde 6-8 obligatoriske timar i veka og mykje fridom. Det var svært interessant å snakke med vegleiarar som stilte andre spørsmål enn dei eg var van med, i Ungarn er dei klassisk vridd, men dei er og svært opptekne av konsept. Og ikkje minst var det spanande å bli kjend med medstudentar med andre innfallsvinklar til kunst.
Eigentleg hadde eg vald eit fag som heitte intermedia, men det vart for lite handfast for meg, og eg hadde ingen stad som var min, så eg skifta til grafikk etter tre veker, då fekk eg eigen arbeidsplass saman med ungarske studentar. Eg var mykje på skulen, i tillegg til at eg fekk med meg mange utstillingar i byen. Det var kunstopningar kvar einaste dag, i motsetning til her heime der det meste er konsentrert rundt helgene. Men det var også utfordringar for kunstnarar i Ungarn, det er ein stad med spenningar og høgreorientering, der kunst ikkje står så høgt i kurs fordi det ikkje genererer pengar, medan design får meir fokus. Vi merka at stader vart stengd, med grunning i ulovleg alkoholservering eller at ein ikkje hadde lov å møtes fleire i grupper eller andre vikarierande årsaker til at lokal brukt til utstillingar vart stengd.


Kva fekk du ut av opphaldet?

Eg fekk mykje ut av opphaldet, eg var aleine og konsentrerte meg om jobb, rett og slett djupdykka i kunsten. Då eg flytta til Budapest, sa eg opp leilegheita mi på Grüneløkka. Eg gav vekk mange av plantene mine og sende 17 på plantepensjonat hjå vener. Plantene er viktige for meg, eg pleier starte dagen med å sjå på plantene mine, men då eg budde i Budapest hadde eg ingen planter og berre nokre få eigendelar. Det gjer noko med hjernen din å tilpasse seg ein ny stad og eg tenkte over korleis ein ny stad blir til ein heim? Eg starta å skjære ut frå hukommelsen dei romma eg har budd i tidligare. Så fekk eg låne pressa til ein lærar, dei har ikkje dei same fasilitetane som oss, så det var rift om det utstyret dei hadde. Men det er jo og interessant å finne løysingar når tilgang til utstyr er avgrensa. Formatet på trykka mine til dømes, har blitt til etter kva eg fekk plass til i kofferten, med tanke på å få med trykkplatene heim etter opphaldet. No kjenner eg at eg liker det formatet veldig godt. Ettersom det var lite plass til å tørke trykka, hang eg arbeida på pulten min, og slik vart det til at mange studentar og lærarar stoppa opp og byrja å snakke med meg. Eg oppdaga at mange jobba med tematikken heim, kva er ein heim? Muleg det hadde samanheng med den politiske situasjonen i Ungarn, mange av dei fattige strøka i Budapest, der det i hovudsak bur sigøynarar, blir revet og mange må bryte opp og får ei utfordring med å finne seg ein ny stad å bu. Dei er og mykje meir miljøbevisste enn oss og svært opptekne av bærekraftige heimar.

Ritual vart enda viktigare for meg enn heime, ettersom eg ikkje hadde så mange ting, eg drakk av den same koppen kvar dag, og sjølv om den eigentleg ikkje var min, fekk eg lov å ta den med meg tilbake til Noreg då opphaldet var over. Eg gjekk same veg til skulen kvar dag. I det heile gjekk eg veldig mykje, nær 20000 skritt kvar dag. Arkitekturen i Budapest er fantastisk. Morgonritualet var nok det viktigaste, men tresnitta vart og ein viktig del av rituala. I tillegg tok eg eitt bilete kvar dag, som gav meg ei an merksemd for det som var rundt meg. Tematikken rundt kva som gjer ein heim og trykka eg laga då eg var på utveksling, har eg har fortsatt med etter eg kom heim og det kjem til å bli del av masterprosjektet mitt.

Då eg skulle reise sa dei at dei hadde aldri hatt ein student som jobba så mykje som meg. Dei beheld seks av arbeida mine til biblioteket sitt og eg bytta nokre trykk med ein lærar. Eg er invitert tilbake og eg tenker det kan godt hende eg reiser dit igjen.


 
Les meir om studiet Beatrice Guttormsen tar ved KHiO:
Masterstudium i medium og materialbasert kunst, fagområde grafikk og teikning

Oversikt over stader som KHiO har utvekslingsavtaler med

For deg som allereie studerer på KHiO, minner vi om frist for søknad om forhandsgodkjenning for utveksling 20. september for vårsemesteret og 01. mars for haustsemesteret. Her finn du meir om utveksling