Ny studieplan for praktisk-pedagogisk utdanning i scenekunst
Dei to separate studieprogramma i praktisk pedagogisk utdanning, ppu dans og ppu teater, er nå slått saman til programmet ppu scenekunst. Det nye studieprogrammet har tre fordjupingar: dans, teater og musikkteater.
Ppu i scenekunst har søknadsfrist 3. april 2023.
Studiet har eit omfang på 60 studiepoeng og kan gjennomførast som eittårig heiltidsstudium eller deltidsstudium over to år. Første opptak er hausten 2023.
Praktisk-pedagogisk utdanning i scenekunst (ppu) er ei vidareutdanning for scenekunstnarar som ønskjer å jobbe med undervisning. Studiet kvalifiserer for undervisning i grunnskole, vidaregåande skole, vaksenopplæring, folkehøgskolar samt kulturskole og private skolar i scenekunstfag. Ppu i scenekunst tilbyr fagdidaktisk fordjuping i dans, teater eller musikkteater.
Les også: Fremtidens kunstpedagogikk nå
Studiet er organisert i fire temamodular:
- Barn og unges utvikling, leik og kreativitet
- Undervisning og læring i ulike scenekunstfaglege kontekstar
- Scenekunstfagleg fordjuping, konseptutvikling og scenisk realisering/formidling
- Individuelt fordjupings- og utviklingsarbeid
Den nye studieplanen for ppu i scenekunst dekkjer nå alle scenekunstutdanningane på KHiO og tilbyr fordjuping i dans, teater og musikkteater/ opera. Revisjonen inneber formelt at studieprogramma ppu dans og ppu teater vert lagt ned, og at studieprogrammet ppu scenekunst blir oppretta. Ansvar for praktisk pedagogisk utdanning ligg framleis til avdeling dans.
Les også: PPU på KHiO blant de beste i landet