Luca De Marchi. Photo Chiara Cant
Luca De Marchi. Photo Chiara Cant

Luca De Marchi ny repetitør på KHiO

Luca De Marchi er tilsett som Kunsthøgskolens nye operarepetitør og pianist. De Marchi har ein omfattande repertoar- og operafagleg bakgrunn som vokal coach og pianist frå operahus og festivalar i Europa, Asia og USA.

På KHiO skal De Marchi arbeide med spel ved songtimar, prøver, meisterklassar, framsyningar og konsertar og med individuell undervisning og rettleiing av studentane ved avdeling Operahøgskolen.

Luca De Marchi er utdanna som dirigent ved Mozarteum Salzburg og med master i piano frå Nasjonalkonservatoriet i Venezia. Etter utdanning arbeidde han som repetitør ved Prague State Opera og seinare ved Wiener Statsoper, Teatro Comunale di Bologna og Conservervatorio «Giuseppe Verdi» di Milano. I tre år leia han dei musikalske studia ved Dortmund Opera. Han har hatt ei rekke oppdrag ved kjende operahus og festivalar som Salzburg Festival, Beijing Opera og Teatro La Fenice in Venice i tillegg til å undervise meisterklassar i Salzburg, Suzhou (Kina) og i Russland og Italia.

Luca De Marchi vart tilsett som repetitør ved avdeling Operahøgskolen frå 1. januar 2020. Han tok over etter Jan Bjørnar Sture som i 2019 gjekk av med pensjon etter førti års teneste.

Sjå også: https://lucademarchi3.wixsite.com/vocal-coach