Kunstprosjekt til topps langs Karl Johan

Studentar frå KHiO har fått henge kunstprosjektet Et levende hav, på flaggstengene opp Karl Johan, hovudgata i Oslo. 

Studentar på tekstil, ved avdeling kunst og handverk, har laga 24 banner som alle har tatt utgangspunkt i internasjonale maritime signalflagg. Prosjektet er eit samarabeid med Oslo kommune og får henge ei veke frå 23. - 29.08.20.


Dei som har vore med er:
Tone Marie Andersson
Alex Bigand
Freja Burgess
Linn Monica Børresen
Ronja Elvenes
Lise Larina Hudson
Majken Hove Jensen
Hans Hamid Rasmussen
Grete Riseng
Ina Vang
Andrea Veiden
Kaia Weiss