Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 104, Firefox (Android) 101, QQ browser 10.4, UC browser 12.12, Android WebView 104, Baidu 7.12, Chrome 104, Chrome 103, Chrome 102, Edge 104, Edge 103, Firefox 103, Firefox 102, Firefox 91, Firefox 78, Internet Explorer 11, Safari/Chrome (iOS) 15.5, Safari/Chrome (iOS) 15.4, Safari/Chrome (iOS) 15.2-15.3, Safari/Chrome (iOS) 14.5-14.8, Safari/Chrome (iOS) 14.0-14.4, Safari/Chrome (iOS) 12.2-12.5, KaiOS 2.5, Opera Mini, Opera Mobile 64, Opera 89, Opera 88, Safari (MacOS) 15.6, Safari (MacOS) 15.5, Samsung 18.0, Samsung 17.0

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Healing Blanket, Jad el Khoury
Healing Blanket, Jad el Khoury

Habitat - ut i det fri

Masterstudentar ved kunst og offentlege rom får tilgang til unike erfaringar gjennom samarbeid med profesjonelle utanfor skulen. I samarbeid med Galleri F15 stiller fire studentar ut arbeida sine i og rundt garden Alby i Moss. Utstillinga Habitat står i til saman fire månader.

– Vi får mykje igjen for samarbeidet og håpar på meir framover, seier Dag Sveinar, direktør ved F15. Han synest studentane har hatt ei veldig god tilnærming til staden og dei endelege prosjekta.

– Dei har utvikla prosjekta i lang tid og vi har også rokke å bli kjent med kvarandre, slik at vi betre forstår ønska til den einskilde og kan sette dei i kontakt med folk som hjelper dei å ta eit djupdykk i tema ein er interessert i. Vi har mellom anna sett dei i kontakt med naboar, statsforvaltar, ein ekspert på biotopar frå NMBU og kommunen.

Sveinar seier at han og staben hans også har lært mykje av fagfolka studentane har vore i kontakt med.

Animal Conference

Animal Conference, Sarah Sekles

– Ettersom eg er tysk, med jødisk bakgrunn, så er det mi interesse å utforske familien min og arva mi, forklarar Sarah Sekles om prosjektet sitt "Animal Conference".

– Då Dag Sveinar, peikte ut baby eiketreet, planta midt i åkeren ved galleriet, til minne om det 500 år gamle treet som nazistane kutta ned for å lage rom for kanonane sine, så passa det inn med resten av mitt prosjekt.

 Saman med bonden som eig jordet, har Sekles planta ei eng i sirkel rundt treet. Tanken er å bringe tilbake insekt og dyr til området og gje dei ei stemme utan menneskeleg innblanding.

– Eg intervjua to brør om historia til nazistane og korleis dei satt opp forsvaret sitt i denne enga, som ligg langs Oslofjorden. Berre eit par minutt tok det å hogge ned den over fem hundre år gamle eika. Vi snakka og om dyrelivet i naturen her og om området generelt. Dei var så gode samtalepartnarar, eg elska å høyre på dei.

Galleri F15 er ein stad for kontemporære prosjekt, men prosjektet til Sarah Sekles vil bli ein permanent installasjon i bonden sin åker. Det skal hjelpe med å bringe tilbake mangfaldet i naturen, i tillegg til at "Animal Conference" vil bli ein del av minnestaden knytt til eika.

– Når du kjem hit vil eg berre at du skal observere treet og enga, samstundes som du lyttar til dei fire lydklippa der brøra forklarar historia, personlege minner og dyrelivet her i Alby. Dette er eit prosjekt som stadig vil endre seg saman med naturen, med mål om å skape ei undrande tilnærming til å forstå, der menneska berre har i oppgåve å stille lytte til naturen.

Animal Conference, Sarah Sekles

Pink Cloud

Litt nærare hovudhuset, til venstre for inngangen sett frå sjøsida, står Amina Baker Shubar sine keramikkpilarar. Fleire ungar har vore borte for å ta på skulpturane og å sjå nedi dei, for den eine skulpturen snakkar.

– Lyden handlar om reise, molekyl og vatn, det er rett og slett mange forskjellige tema som er sett saman, forklarer Shubar. "Pink Cloud" er tittelen på arbeidet hennar, som har overlevelsesstrategiar som overgripande tema.

Pink Cloud, Amina Baker Shubar

– Vi menneske ser gjerne rosa skyer som noko positivt, som vi tek bilete av og gleder oss over, men årsaka til at dei oppstår, er ofte forureining frå masseproduksjon. "Pink Cloud" tek opp tema som klimautfordringar, men og ting frå min eigen bakgrunn. Eg er oppteken av korleis makt og kultur påverkar naturen og samfunnet vårt på ulike nivå. I mitt keramiske arbeid er eg inspirert av det feminine, mellom anna Ishtar, den mesopotamiske gudinna for krig og kjærleik, derfor brukar eg runde, organiske former. Jødane nekta kvinnelege gudinner og let menn ta over. Også Islam har vore negativ til tidlegare mytologi. Men den første som skreiv narrativet ‘eg’ var ei kvinne. Ho skapte det å skrive, seier Shubar.

Pink Cloud, Amina Baker Shubar

I møte med skulpturane er Shubar mest oppteken av at den som ser må få tenke sitt, derfor har ho lage former som vekker interesse, men som ikkje er heilt lett å skjønne kva skal førestille.

– Det har vore ei fantastisk erfaring å komme ut av skulen og jobbe med teamet her på F15. Etter å ha møtt folk i bransjen, føler vi oss meir trygge på at vi kan få til dette også etter tida som student.

Pink Cloud, Amina Baker Shubar


Healing Blanket

– I byrjinga var prosjektet heilt annleis, seier Jad el Khoury. Når ein jobbar ute i offentleg rom, vil ein møte prosessar ein ikkje har kontroll over, og då må ein som kunstnar kunne tilpasse seg. Prosjektet "Healing Blanket", som eg endte opp med, er plassert på plena i barokkhagen med Oslofjorden som bakteppe. Det er laga av gardiner eg har brukt i tidlegare prosjekter til å reaktivere og heile krigsmonument i Beirut.

Healing Blanket, Jad el Khoury


I eit av prosjekta har el Khoury brukt gardiner for å heile eit forlatt, uferdig fabrikkbygg som er brukt som base for skarpskyttarar under borgarkrigen i Libanon. Gardinene i dei tomme vindauga, som bølgjer med vinden, reaktiverar bygget.

– Eg lar det tilfeldige leie prosessen, med gardinene i Beirut som heilande teppe.

Planen er å flytte teppa etter at utsillinga sluttar 5. oktober.

– Teppa er meint å røyre seg, og eg vil ta det med til parkar i Oslo, og kanskje til ei strand for å auke sjansen for at det tilfeldige kan finne stad. Ulike grupper kan bruke dei, gjennom eventer som piknik, yoga, meditasjon eller livemusikk.

 Healing Blanket, Jad el Khoury   


Profesjonelt miljø

– Vi er veldig glade for at studentane våre får denne opplevinga av å stille ut på eit galleri i eit profesjonelt miljø, seier førsteamanuensis Merete Røstad, ved kunst og offentlege rom.

– Her får dei oppleve korleis det er å jobbe saman med profesjonelle, og planlegge og utføre ei utstilling som skal stå over lang tid. Også i fjor hadde studentane tilbod om utstilling utanfor skulen, då var det på Nitja senter for samtidskunst. Denne typen samarbeid betyr mykje for oss, slik kan studentane få med seg erfaringar som gjer at dei kan klare seg som sjølvstendige kunstnarar etter studia. Vi håper å kunne tilby profesjonelle utstillingar også til kommande studentar, seier Røstad.

Merete Røstad og kollega Siri Hermansen, professor og leiar for kunst og offentlege rom gjennom studieåret 2021-22, deltek også med arbeid på utstillinga.

Vi heng i same spinn

Nældens takvinge, fjerde forsøg på Galleri F15 (vi hænger i det samme spind), Sarah S


Inn ei lav dør, opp ei trapp til andre etasje i Naturhuset, bygget like ved sida av hovudbygget, finn vi arbeidet til Sarah S. Her har ho laga kokong liknande installasjonar der små sommarfugl-larvar lever, og endrar seg til sommarfuglar.

– Dette prosjektet handlar om korleis ein utviklar forhold. Folk blir invitert inn for å ta del i endringane til larvane. Eg er fasilitator og så er det larvane som utfører storarta kunst.

Nældens takvinge, fjerde forsøg på Galleri F15 (vi hænger i det samme spind), Sarah S

Sommarfuglarten neslesommarfugl er ein hardfør art som lever tett på folk, dei bur i hagen vår og overvintre i husa våre.

– Vi er avhengig av desse pollinatorane for å sikre matkjeda vår. Då eg vandra rundt i området her, var eg redd for at tørka dette året ville gjere det umogleg å finne larvane som likar seg i neslekratt. Eg gjekk rundt på øya sju timar kvar dag. Så ein dag fann eg dei – 20 meter frå dette huset!

Sarah S. fortel at ho ønsker å gjere folk merksam på desse viktige, små vesena og at dersom vi kuttar ned neslene så døyr dei.

Nældens takvinge, fjerde forsøg på Galleri F15 (vi hænger i det samme spind), Sarah S– Eg har tatt med larvane til dette rommet, der dei sannsynlegvis har overvintra i mange generasjonar allereie. Her har eg sove gjennom heile perioden og lytta til larvane. Eg veit at dei blir til sommarfuglar rundt klokka fire om morgonen. Løyndomen er at dei kvittar seg med ei raud veske kalla meconium når dei endrar form og eg vaknar opp av lyden av dråpane som fell ned.

Den raude veska meconium, er restane av larven som den ikkje trengte for å omforme seg til sommarfugl. Sarah S. samlar denne veska og lagar blekk av den. Dette lar ho gjestane bruke for å skrive ned tankar og historiar. Når alle larvane har blitt til sommarfuglar, tar ho med papiret ut til der ho fann larvane i starten av prosjektet.

– Eg har gjort dette prosjektet med larvar før, og brukt blekket, men det er første gang eg viser fram prosessen. Eg invitererar folk inn og serverar neslete. Alby er ein fantastisk stad og det har vore så fint å vere her!

Nældens takvinge, fjerde forsøg på Galleri F15 (vi hænger i det samme spind), Sarah S

Galleri F15 eit habitat

– Her ved Alby har folk budd lenge og vi ønsker å både reflektere over fortida og tenke framover, med fokus på landskapsvern og vern av dei fem biotopa som er her i området, seier Sveinar. – Med kontemporære prosjekt trur eg vi vil klare å fortsette å vere ein iaugefallande stad, og vi ser positivt på at studentane kjem med sine ulike erfaringar som dei tar i bruk i møte med omgjevnadane her. Det får fram subtilitetar vi ikkje visste var der.

Sveinar forklarer at her ved Alby gard har ein tradisjonelt hatt blikket retta utover mot Europa, garden vart oppretta før nasjonalistane sette sitt preg på Noreg og har alltid vore open for internasjonal kulturutveksling. I 1985 vart garden redda frå å bli kjøpt opp av bedrifter som ville legge golfbane her og bruke den til konserntreff. I staden lever Alby gard no vidare som ein stad for kontemporære utstillingar.

– Vi blir rikare av slike samarbeid og ønsker å satse på fleire prosjekt saman med dei tre utdanningsinstitusjonane som deltok under Momentum i 2019, som i tillegg til KHiO var NMBU og Akademi for scenekunst ved Høgskolen i Østfold.

– Mitt motto er: “Gallery F15 is not a white cube, it’s a habitat.”

Animal Conference, Sarah Sekles

Alle foto: Eivind Lauritzen / Galleri F 15. Utstillinga står fram til 5. oktober. Sjå nettsidene til Galleri F15 for opningstider.


Følg på instagram
Jad el Khoury @jadelkhoury.art
Amina Baker Shubar @aminabakerart
Sarah Sekles @sarah_sekles
Sarah S (Svensson) @sarah.sikorie