Fråsegn frå styret ved Kunsthøgskolen i Oslo 29.10.2020

Styret beklagar at rektor Måns Wrange har sagt opp si stilling, men respekterer avgjerda. Styret har sett i gang prosess for nyval av rektorat, og held fram med rekruttering av direktør.

Styret erkjenner at KHiO er i ein vanskeleg situasjon, og derfor ønskjer vi å samle krefter saman med heile høgskolen om løysingar og prosessar som kan skape fellesskap, samkjensle og felles retning for Kunsthøgskolen i Oslo.

KHiO er ein viktig institusjon for kunstnarisk utdanning og forsking i Noreg, ein av dei breiaste og mest spennande kunstutdanningane i verda og med det ein attraktiv plass for både leiarar, tilsette og studentar.

KHiO er ein institusjon som er open for alle, og som skal vere inkluderande og romme eit meiningsmangfald, der studentar og tilsette har akademisk og kunstnarisk fridom.

Gjennom heile koronaperioden og denne hausten har KHiO gjennomført eit omfattande arbeid for å sikre framleis høg kvalitet i utdanning og kunstnarisk utviklingsarbeid.

Styret følgjer opp arbeidet med å etablere eit utval for mangfald og likestilling, og utarbeide ein handlingsplan for dette. KHiO vil halde fram med og intensivere tiltak for å skape god debatt og ein trygg høgskole og arbeidssituasjon for våre studentar og tilsette.