Å studere på KHiO 2020: design

Namn: Tone Elisabeth Bjerkaas
Fag: master i design

Korleis har tida på KHiO vore ?

Dei siste par åra har vore inspirerande og lærerike, og dei har gått enormt fort! Eg har vore involvert i mange forskjellige prosjekt og prøvd å engasjere med breitt innanfor kunst og design feltet. Blant anna har eg vore involvert i forskingsprosjektet Connecting Wool, der vi har utforska moglegheitene og potensialet i norsk ull. Gjennom dette har eg blitt kjent med mange andre som i likheit med meg har ein heilt spesiell fasinasjon for sauen og spesielt ulla.

Kva er det viktigaste du tek med deg frå KHiO?

Eg tok bachelorgraden min på Rietveld Akademiet i Amsterdam, så noko av det viktigaste for meg med å begynne å studere på KHiO var å bli kjent med kunst- og designmiljøet heime i Noreg. Verkstadene på skolen er veldig velutstyrt, så eg kjem til å sakne å ha tilgang til så mange forskjellige verktøy og teknikkar, det berikar absolutt arbeidet å ha ein god maskinpark.

Fortel om avgangsprosjektet ditt?

Masterprosjektet mitt heiter Fashion Farm og tar utgangspunkt i familiegarden eg arva i 2018 då faren min gjekk bort. Prosjektet er mangefasettert, som gardsdrift ofte er, og rommar difor ei rekkje forskjellige initiativ som omhandlar både design av klede, men også bygging av krakkar og setting av poteter. Eg har brukt gamle dukar, sengeklede og broderi frå garden til å sy kolleksjonen min, mange av desse tekstila er handlaga av bestemora mi. Designet til krakkane eg har bygt no er basert på krakkar som bestefar pleidde å byggje av restematerialar. Eg har laga eit DIY-krakk-kit av restematerialar frå Fellesverksted. Potetene eg har sett her i Oslo er dei same potetene eg arva frå far min og har kultivert på garden i to sesongar etter han døydde.

Eg proklamerte allereie i opptaksintervjuet til masteren at eg hadde ein ambisjon om å bli sjølvforsynt klesdesignar. Dette er openbert ein utopi, men eit konsept eg har klart å halde på undervegs i arbeidet. Eg har ikkje kjøpt noko materialar til arbeid eg har produsert medan eg har vore student på KHiO! I lys av korona-pandemien har dette blitt eit stadig meir aktuelt tema for skaparar, spesielt når tilgang på materialar frå utlandet er problematisk.

Samarbeid er eit essensielt element i praksisen min og eg føler at alle idear og prosjekt blir løfta til eit høgare nivå når det er fleire hovud og hender involvert.

Kva no?

Eg vil tilbake til Nord-Noreg, eg vil heim til Tromsø og nærmare garden på Dyrøya. Planen er å etablere designstudio i Tromsø, og med det ha moglegheit til å være på garden gjennom stort sett heile sommarhalvåret. Pandemi og heimekontor har jo vist at det ikkje spelar så stor rolle kvar vi befinn oss geografisk og at arbeid stadig kan gjennomførast, difor tenkjer eg at det er mogleg å samarbeide med nettverket mitt i Oslo, uansett kor i landet eg skulle befinne med frå hausten av. Eg håpar på å være ein ressurs for kulturlivet i heimbyen min og skape saman med nettverket mitt der oppe.


Les også 

Malin Kristine Graesse, Phd stipendiat i kunsthistorie ved Universitetet i Oslo, om Tone Elisabeth Bjerkaas sitt prosjekt  Farm, Farming; Farmer:  Thinking about design in the fringes

Koronakullet , avgangsstudentar frå kvar av våre seks avdelingar forteller kordan dei har hatt det denne ekstraordinære våren og kva dei tenkjer om kunstnarens rolle.

Avgang 2020: Bachelor og master design