Korleis spare straum på KHiO?
KHiO-studentar får snart invitasjon til allmøte på si avdeling for å diskutere korleis KHiO best kan redusere straumutgiftene og på ein kreativ måte unngå at dette unødvendig rammar undervisning og læringsmiljø.
Sjekk KHiO e-post og Canvas for konkret tidspunkt for det enkelte møtet.
I dei avdelingsvise allmøta vil det bli gitt ei overordna framstilling av kordan den eksplosive auken i straumutgifter påverkar KHiOs budsjett. Og kva tiltak som fungerer best for å spare straum.
Som student kan du både stille spørsmål og kome med forslag til energisparande tiltak. Du kan også gje ditt ærlege syn på om dei tiltaka som er iverksett verkar etter hensikta.
Dugnad og dialog med studentrådet og studentutvala
KHiO disponerer totalt 43.000 m2. Vi leiger lokale i eit privateigd bygg. I desse bygga er det altså ein vrimmel av rom, lyspærer, stikkontaktar, ventilasjonsaggregat, maskiner og utstyr.
Det er du som er ute i utstillingsrom, salar, prøverom og scener som «kjenner temperaturen best på kroppen».
Ideen til avdelingsvise allmøte kom fram i eit sammøte mellom studentrådet og rektoratet på KHiO.
Studentane er også representert med 2 av 11 styremedlemar på KHiO. Styret har sitt neste møte 24. og 25. oktober. Akkurat no det føre seg val av nye studentrepresentantar til styret.
Les også: 13.09.22 Vil du være studentrepresentant i styret?
19 grader i alle rom
Heile Europa sparar no straum. Mange land har gått langt meir drastisk til verks enn Noreg. På KHiO er førebels følgjande tiltak sett i verk:
- 19 grader som standard romtemperatur i alle bygg.
- Vaktrunde kl. 19-20 for å sløkke lys i alle dansestudio, prøvesalar, teaterscener, på scenetorget og monteringshall når desse ikkje er i bruk.
- Redusere driftstida på badstuomnane i scenekunstbygget.
- Redusere ventilasjonsdrift på kveld og kvardager der dette får liten eller ingen merkbar konsekvens.
- Programmere automatisk timer i nokre viktige rom slik at lyset automatisk blir slått av (og brukar eventuelt må slå lyset på igjen om rommet framleis er i bruk)
KHiO er også i dialog med byggets eigar om tiltak som kan redusere kostnadene.
Les også: 12.09.22:
Norsk: Straumkrisa når KHiO – det går mot 19 grader i alle bygg
English: The Ongoing Electricity Crisis Hits KHiO: Buildings to Be Kept at 19 Degrees
Plakatkampanje
Kommunikasjon og driftsteamet arbeider no med ein kampanje for å minne kvarandre om konkrete, daglege tiltak for å spare straum:
- Spar straum
- Sløkk lyset
- Steng opne vindauge
- Kle godt på deg
Om ei stund vil det bli hengt opp plakatar i mange rom, gjerne rom som er veldig store og som påfører oss mange unødvendige kostnader til lys, oppvarming og ventilasjon. Men vi treng hjelp frå alle brukarane til å identifisere det rette tiltaket for det enkelte rommet.
Ukjent faktor
1. Straumprisen
Det er vanskeleg å spå om framtida, også om prisen på straum. I laupet av det siste året har strumkostnadene blitt mangedobla. For 2022 viser anslaget at det dreier seg om 12 til 15 millionar kroner. Den rekninga må betalast.
2. Statstilskotet
KHiO er ein statleg høgskole og får nesten heile budsjettet sitt gjennom tildelinga i statsbudsjettet. Ein stor del av denne budsjettkaka går med til husleige, lønningar og andre driftskostnader (som mellom anna straum og ventilasjon).
Den eksplosive auken i straum var ikkje tatt høgde for av styresmaktene då KHiO for eitt år sidan fekk statsbudsjettilskotet for 2022. Vi søkjer nå Kunnskapsdepartementet om ekstra tilskot og har bedt om at det blir innført kompensasjonsordning for den store meirkostnaden.
6. oktober legg regjeringa fram forslag til statsbudsjett med forslag til ramme for 2023. Statsbudsjettet blir endeleg vedtatt av Stortinget i desember.