Straumkrisa når KHiO – det går mot 19 grader i alle bygg
Styret fekk tysdag ei orientering frå høgskoledirektøren om at KHiO må iverksetje omfattande tiltak for å dekke inn auka straumkostnader og ein ubalanse i KHiOs økonomi. Fredag 23. september er alle tilsette kalla inn til allmøte der det vil bli orientert om den økonomiske situasjonen.
Vi er alle i same båt
Rektor og styreleiar Markus Degerman og høgskoledirektør Kristel Jæger Skorge var sist torsdag i møte med Kunnskapsdepartementet. Her fekk departementet orientering om at dei høge straumprisane gjev ekstremt store utslag og meirkostnader for KHiO.
– Vi vil be departementet om ei tilleggsløyving, seier rektor og styreleiar Markus Degerman. – Men signala tilbake frå departementet var at tilleggsløyvingar er svært usikkert og ikkje noko KHiO kan leggje til grunn for det vidare arbeidet sitt. Dette gjer at KHiO må handtere situasjonen langs fleire parallelle spor for å ha kontroll over den økonomiske utviklinga.
– KHiO ber også om at budsjettforslaget for 2023 inneheld midlar, eller økonomiske mekanismar, som kompenserer for meirkostnader med stigande straumprisar, seier høgskoledirektør Kristel Jæger Skorge. – Som ansvarleg leiing må vi no likevel både utfordre, og invitere, avdelingar og seksjonar til den utfordrande prosessen med å finne inndekking for den store meirkostnaden. Vi må også innføre nokre strakstiltak for å få ned meirforbruket for 2022.
Dei viktigaste sparetiltaka er:
- 19 grader som standard romtemperatur i alle bygg.
- Innføre vaktrunde mellom kl. 19 og 20 for å sløkkje lys i alle dansestudio, prøvesalar, teaterscener, på scenetorget og monteringshall når desse ikkje er i bruk.
- Redusere driftstida på badstuomnane i scenekunstbygget.
- Redusere ventilasjonsdrift på kveld og kvardagar der dette får liten eller ingen merkbar konsekvens.
- Reduksjon i reiseverksemd, vare- og tenestekjøp
- Gjennomgang av investeringsplanen med tanke om å utsetje/redefinere prosjekt
- Alle tilsetjingar – både teknisk-administrative og kunstfaglege – må vurderast eventuelt stillast i bero
- Dialog med gardeigar med ønske om å redusere husleiga
Kontakt med gardeigar
KHiO er leigetakar i Fossveien 24. Husleiga er indeksregulert, dvs at husleiga stig i takt med den generelle prisauken i samfunnet. Leiinga vil gå i dialog med gardeigar med spørsmål om å redusere leigeprisen.
Rektor vil drøfte dei økonomiske meirkostnadene med kollegaer i UH-sektoren med sikte på å få til eit felles initiativ for at staten skal innføre økonomiske mekanismar som kompenserer for auka straumprisar.
Internt på KHiO blir alle avdelingar og seksjonar invitert til dialogmøte om budsjettramma for 2023.
Anslag på auka kostnader
Dei fyrste anslaga over forventa meirkostnad for KHiO var mellom 12 og 15 millionar. Dersom KHiO ikkje reduserer meirforbuket på budsjettpostane i 2022 vert meirforbruket ført over til seinare år. Det er grunn til å tru at dei auka energikostnadene vil halde fram i 2023, noko som vil medføre store utfordringar med å få budsjettet i balanse. I verste fall kan det medføre ein kraftig reduksjon av budsjetta til kunstfaglege avdelingar og administrative seksjonar.
KHiO-styret orientert
Styret på Kunsthøgskolen vart orientert om den økonomiske situasjonen på møte 13. september. Styret gjorde følgjande vedtak i S-sak 53/22:
"Styret ber om at rektor og direktør utarbeider en plan og iverksetter tiltak for å komme i økonomisk balanse. Det bes om at saken tas opp i styremøtet i oktober 2022.
Styret gir rektor og direktør fullmakt til å innhente ekstern bistand ved behov."
Fakta
6. oktober legg regjeringa fram forslag til statsbudsjett for 2023.
Dekking av KHiOs utgifter til husleige og straum er bakt inn i det årlege tilskotet i statsbudsjettet. I 2022 mottek KHiO 382 427 000 kroner i statstilskot. Dette skal dekke husleige, løn, andre driftskostnader og alle faglege aktivitetar. I 2021 utgjorde den årlege husleigekostnaden aleine 136 125 000 kroner.
KHiO disponerer 43.000 m2 i Fossveien 24 gjennom ein langsiktig leigeavtale med eigedomsselskapet Brødrene Jensen. Det er Kunnskapsdepartementet som overordna fagdepartement som har inngått leigeavtale.
I Noreg, og i alle andre europeiske land, har det i 2021/22 vore ein tilnærma eksplosiv auke i straumprisane. Regjeringa har iverksett støttetiltak for private hushaldningar, men staten har ikkje etablert tilsvarande for næringsliv og statlege verksemder. Etter statens økonomireglement er institusjonane pålagde å dekke inn alle meirutgifter.
19 grader som standard innetemperatur i offentlege bygg er allereie innført i fleire europeiske land, mellom anna Danmark og Tyskland. EU drøftar å innføre dette som standard.