Studentombod
KHiO har eit studentombod saman med fem andre høgskolar i Oslo. Studentombudet skal gje studentar råd og hjelp i saker knytt til studiesituasjonen. Studentombodet er uavhengig av studieinstitusjonen og har tausheitsplikt.
Ta kontakt når:
- Du har eit problem og ikkje veit kor du skal vende deg.
- Du har eit problem og er usikker på vegen vidare.
- Du har eit problem du har meldt frå om, men opplever ikkje å bli høyrt, eller at svaret er mangelfullt/feil eller du manglar svar innan fastsett frist.
Studentombodet kan hjelpe deg med:
- Gje deg innsikt i rettane dine og plikter som student ved utdanningsinstitusjonen.
- Bidra til at rettane dine blir ivaretatt slik at saker kan bli løyst.
- Delta som nøytral tredjepart i møte mellom deg som student og utdanningsinstitusjonen din, eller mellom deg og ein medstudent.
- Lese over utkast til søknad eller klage.
- Gje deg innsikt i kva det inneber å seie ifrå om til dømes eksempel trakassering, mobbing eller brot på sikkerheitsrutinar og om vegen vidare dersom du vurerer å melde frå om noko som er kritikkverdig.
- Hjelpe deg med råd dersom du ønskjer å varsle anonymt.
Les også intervjuet: Gir råd i krevjande situasjonar
Kontakt
Studentombodet
- e-post: studentombudet@uio.no, tlf. +47 452 98 992
Studentombodet er lokalisert på Universitetet i Oslo, saman med andre studentombod.
Les meir om studentombodet på nettsida uio.no
KHiO
- Anette Christensen, teamleiar studieadministrasjon, e-post: anette.christensen@khio.no
KHiO skal kunne hjelpe deg med same saker som studentombodet, men studentombodet er heilt uavhengig og ein nøytral instans du som student kan vende deg til.
Sjå også sida "Si ifra om læringsmiljøet" med informasjon om trygt læringsmiljø og informasjon om korleis ein går fram i varslingssaker.
Lovheimla ordning
Lov om universitet og høgskolar blei endra med verknad frå 1. august 2019 då lova fekk dette tillegget:
§ 4-17. Studentombud
(1) Styret skal sørge for at alle studenter har tilgang til et studentombud.
(2) Studentombudet skal gi studenter råd og hjelp i saker knyttet til deres studiesituasjon. Studentombudet kan ikke instrueres i sitt virke. Studentombudet har taushetsplikt, jf. forvaltningsloven §§ 13 til 13 e.
(3) Departementet kan gi nærmere forskrift om studentombud.