Presentasjon
Opning av avgangsutstillingane på bachelorstudia ved Design, Kunst og håndverk og Kunstakademiet
Rektor Jørn Mortensen ynskjer velkomen til felles opning av avgangsutstillingane for bachelorstudia ved avdelingane Kunst og handverk, Kunstakademiet og Design.
- Å holde avgangsutstillingar på Kunsthøgskolens campus er framifrå for å vise fram studentanes arbeid, samtidig som dette laboratoriet av ein institusjon blir satt på kartet - midt på Grünerløkka! seier rektor Jørn Mortensen ved Kunsthøgskolen i Oslo.
«Avgang 2016» er gratis og ope for alle!
No kan du for første gong sjå ein felles opning for til saman 170 studentar frå seks utdanningar ved Kunsthøgskolen i Oslo! Viss du vil sjå framtidas kunst og design er det berre å finne vegen til den ombygde seglduksfabrikken midt på Grünerløkka i Fossveien 24, i tillegg til Kunstnernes Hus ved Slottsparken.
- Avgangsutstillingane for bachelorstudentane er viktige fordi tre års arbeid får materialisere seg i kunst- og designarbeid. Dei bærer i seg samtalene og refleksjonen frå verkstad og atelier, seier rektor Jørn Mortensen, som ser fram til opninga neste veke.
- Det vil bli interessant å oppleve avgangsarbeid frå tre ulike avdelingar samtidig, fordi vi kan sjå ulike tradisjonar og disiplinar sine løysingar på mange av dei same designfaglige og kunstnarlege utfordringane, seier han.
Program
Kl. 18:00: Opning av bachelorutstillingane ved rektor Jørn Mortensen.
Utstillingane er opne for publikum til kl 21:00.