Markus Degerman

Markus Degerman er kunstnar med bakgrunn frå både visuell kunst og arkitektur. Han er utdanna ved Kungl. Konsthögskolan, Konstfack og Nyckelviksskolan i Stockholm og Konsthögskolan i Umeå. Han arbeider nå som professor og faggruppeleiar for Kunstakademiet ved Universitetet i Tromsø.

Degerman har brei bakgrunn som kurator og utstillar og frå design, teori og undervisning. Som kunstnar har han arbeidd mykje med romleg design i ulike omgjevnader som offentlege rom, byrom og kunstinstitusjonar, mellom anna frå design og arkitektkontoret Uglycute i Stockholm.

Degerman er for tida ordførar i komiteen for kunstnarisk forsking ved Vetenskapsrådet i Sverige.

Markus Degerman er dekan ved avdeling kunst og handverk ved KHiO. Han starta opp 7. oktober 2019 i ei åresmålsstilling for fire år.