Kristel Jæger Skorge

Kristel Jæger Skorge er høgskoledirektør.
I 2021 tiltredde ho ei åremålsstilling for seks år.

Skorge er utdanna cand.philol. og dr.art. ved Universitetet i Bergen. Ho har også gjennomført Master of Public Administration med spesialisering i strategisk leiing ved Copenhagen Business School. Skorge har brei erfaring frå universitets- og høgskolesektoren og har mellom anna arbeidd som stipendiat og prosjektmedarbeider ved Senter for europeiske kulturstudium ved Universitetet i Bergen, FoU-leiar og underdirektør ved Universitetet i Stavanger og førsteamanuensis og instituttleiar ved Høgskolen i Oslo og Akershus (nå OsloMet) og som leiar av FOU i NAV. Til KHiO kom ho frå ei stilling som direktør for forskings- og innovasjonsadministrasjon ved Universitetet i Oslo.