Visuelt 2020
Årets Visueltkonkurranse har delt ut prisar og diplom til fleire noverande studentar og tilsette ved avdeling design og nyleg uteksaminerte designstudentar. Prisen vart delt ut digitalt på VisueltTV, torsdag 23. april.
–Det er med stoltheit eg ønsker å gratulera årets vinnarar! Prosjekta er modige og samfunnsorienterte og viser stor fagleg kunnskap og engasjement, melder dekan ved avdeling design, Mona Larsen.
Visueltprisen 2020 er Noregs største konkurranse innan visuell kommunikasjon og premierar arbeid innan grafisk design, illustrasjon, digital design og Moving image. Konkurransen presenterar det fremste av arbeid innan fagfelta med fokus på utøvarane, og har som målsetjing å inspirera til målretta nytenking og høg fagleg standard.
BA1-student Annika Linn Verdal Homme vart tildelt gull for sitt arbeid «Mellom Hunder» i kategorien illustrasjon og seier dette om eigen reaksjon:
–Det var veldig stas å få gull! I all beskjedenheit kan eg røpa at eg starta å hylgrine då namnet mitt vart lest opp på VisueltTV. Når ein jobbar på denne måten er det ganske vanskeleg å vite om ein gjer noko riktig eller om det er egoet som klappar deg på skuldra. Derfor er det sjukt digg å få stadfesting frå sjølvaste Bransjen.
Også Martin Lundell, professor og fagansvarleg for grafisk design og illustrasjon, er svært nøgd med resutatet.
–Dette er veldig gøy! At våre studentar, både på MA og BA gjer så godt frå seg, i så mange kategoriar, er gledelig og inspirerande. Vår ambisjon er å skape eit miljø som er trygt, prega av samarbeid, der studentane tør å eksperimentera og prøva heilt nye ting. Alltid gøy med teikn på at vi får det til!
Under er namn på prismottakarar knytta til KHiO med lenke til juryens grunngjeving.
Kategori: Grafisk design
Open klasse:
Diplom til Ane Thon Knutsen med «The Mark on The Wall»
Doktorgrad i 2019, rettleia av Martin Lundell og bi-rettleiar Theodor Barth.
Studentarbeid:
To diplom til Aurora Bratli Brunvoll med «Vi har en krise»
og «Livskalender Dag-for-dag nedtelling av gjenværende år i livet 43,9 – ‘Husk, du skal dø’»
MA2 grafisk design og illustrasjon, våren 2019, rettleia av Martin Lundell.
Diplom til Tiril Haug Johne med Skriftsamling, plakatserie og kart ‘Leipzig Flanierende Typografie (FT Leipzig)’
MA1 grafisk design og illustrasjon.
Kategori: Illustrasjon
Studentarbeid:
Gull til Annika Linn Verdal Homme med teikneserie «Mellom Hunder»
BA1grafisk design og illustrasjon
Diplom til Carl Lützen med «Restaurant»
BA3 grafisk design og illustrasjon, våren 2019, rettleia av Alan McKenzie Robinson.
Kategori Moving Image
Studentarbeid:
Diplom til Ruoyao Wu animasjonen «Run»
MA2 grafisk design og illustrasjon
Kategori: Illustrasjon
Reklame/kampanje:
Gull til Tiril Haug Johne og Petter Torgersen Myhr i ANTI for Festivalkampanje for God natt, Oslo Vol. II
Diplom for Festivalkampanje for God natt, Oslo, Tiril Haug Johne/ANTI
Tril Haug Johne er MA1 student i grafisk design og illustrasjon
Interessert i å studera grafisk design og illustrasjon? Les meir om studietilbodet vårt bachelor i grafisk design og illustrasjon og master i design.