Vi treng kritiske studentar for å gjere verda betre
Nykomaren under Designers’ Saturday, DS Academy, samlar dei beste unge norske designarane og inviterer bedrifter til å samarbeide med studentane. Ansvar – responsibility – er deira felles tema.
Det var professor og arkitekt Toni Kauppila som kom med forslaget om DS Academy og temaet ansvar. Han er fagansvarleg for interiørarkitektur og møbeldesign ved KHiO.
– Eg er svært stolt over at eg har greidd å samle alle dei norske institusjonane som tilbyr høgare utdanning på dei ulike designområda. Dette er noko vi sjeldan gjer, sidan vi på ein måte også er konkurrentar på området vårt. Men no under DS Academy har vi slått saman kreftene for å få fram dei sakene som verkeleg tel. I tillegg er eg svært glad for det såkalla «co-op», der vi har invitert nokre bedrifter til å bli med på DS Academy med ei forplikting om å samarbeide med studentane. Dette har vore svært godt motteke og blir vonleg ein rollemodell for korleis vi kan få til ein betre dialog mellom dei ulike partane.
Kauppila seier det er heilt naturleg at utdanningsinstitusjonane og den neste generasjonen tek i bruk ei meir eksperimentell og kritisk stemme for å utfordre konvensjonane i industrien.
– Dette har blitt høgt verdsett og er eit viktig bidrag på internasjonale messer, for å føreseie og planleggje potensiell utvikling på området. Ved å etablere DS Academy ønskjer vi å styrkje denne avantgarde-diskusjonen på den norske designarscena. Vi må bry oss om verksemda vår og måten vi driv industrien på, no meir enn nokon gong. Vi må dele uroa vår, og fortelje kva vi gjer for å gjere ein skilnad. Derfor bør vi gripe augneblinken under ei hending som denne og ta ansvar når vi kjem saman for å vere sosiale, for å danne nettverk og gjere forretningar, slik at vi saman kan setje oss høgare mål for å gjere verda vår litt betre.
Sjå hendinga på Designers Saturday på KHiO
Registrer deg for hendinga på Designers’ Saturday
Les også: Bo Bedre: Nå kan du sikre deg eksklusive prototyper fra norsk designhistorie