Solistdraumen

Ved Kunsthøgskulen kan du studera årsstudium og master i opera. Me har snakka med Endre Aaberge Dahl som planlegg ei solistkarriere som operasongar, trass i at han sovna første gongen han var på ei framsyning for berre nokre år sidan.

– Forfølg solistdraumen, så har du i alle fall prøvd og slepp å tenka som 60-åring at du kunne ha vore noko du ikkje vart, slik svarer Endre Aaberge Dahl på spørsmål om kva som fekk han til å ta sjansen på det noko uvanlege valet å studera opera.

– Det er ikkje så lenge sidan eg oppdaga songgleda, eg song eigentleg ikkje før eg vart 20 år, no er eg 26. Tidligare hadde eg spelt i korps og storband, trommer og piano. Det er ikkje så kult for ein gut å synga i kor på barne- og ungdomsskulen, stemmeskifte kan vere vanskelig for mange og. I Oslo er det vel ein del å velja mellom om ein ønskjer å synge, men i Sogndal dreiv gutane mest med fotball.

På vidaregåande begynte han å synga i kor. I utgangspunktet var det eit reint jentekor, men dirigenten ville ha med Endre og ein kamerat.

– Mange ser nok på kor som noko reint, ryddig og pent, kanskje til og med stivt, men det kan vere veldig mykje anna. Då me vart med i ungdomsskoret endra dirigenten repetoaret fullstendig, noko som passa meg og kameraten min bra. Me var nok litt meir glade i å bjeffe. Når det gjeld opera, så tenkjer eg at det er meir enn berre song. Det er utviklande for karakteren. Det er uthaldande og gjev god haldning, ein tør å by på seg sjølv og å snakka høgt.

Balansegang

Etter vidaregåande gjekk han på Tonheim folkehøgskule, han ønska å drive med musikk og tenkte på å bli lærar. Men så fekk han nokre klassiske songstykke av læraren som gjorde at han i staden valde å gå vegen om det utøvande faget klassisk song ved NTNU i Trondheim, og vidare til opera.

– Etter at eg vart hekta på klassisk song, begynte eg å synga på fulltid og valet om å prøva meg på ei solistkarriere vart veldig enkelt. I 2012 såg eg opera for første gong, det var Madame Butterfly. Eg sovna. Så såg eg same opera ein gong til på operahuset i Nordfjordeid, og sovna akkurat same stad som førre gong. Opera er rett og slett ei uvant songoppleving som ein må venne seg til. No har Madame Butterfly blitt favorittoperaen min, og til våren skal eg sjå den igjen – eg trur ikkje eg kjem til å sovna denne gongen.

I haust starta Endre på Årsstudium i opera ved KHiO og til våren planlegg han å prøvesyngja for Master som og er mogleg å ta her. Dagane er fulle med undervising, ikkje berre i song, men og skodespelartrening, italiensk og operakunnskap, der dei mellom anna går og ser framsyningar. I tillegg har dei eit fag som heiter fysisk og mental trening.

– Me er seks i klassen, tre tenorar med meg, to sopranar og ei mezzosopran. Då me starta sa lærarane; Ikkje gløym at det er konkurranse. Og det er det jo, men me jobbar veldig tett på kvarandre, så me jobbar for å balansera det å konkurrera og å jobba som eit team. Ein må kunna ta instruks og me snakkar ikkje drit om kvarandre. Det er viktig. I mental trening er det mykje fokus på nettopp dette at om du snakkar ned andre, snakkar du og ned deg sjølv, du kjem inn i ein destruktiv tankegang. Du må kunna jobba med deg sjølv, det kan vera sårbart og intimt, men du må oppføra deg. Det er interessant å sjå at alle dei me møter, som er på eit profesjonelt høgt nivå, er veldig flinke til å sjå andre menneskjer.

Bakkekontakt

Me er i ferd med å avslutta intervjuet og går på jakt etter eit øvingsrom for å ta bilete, men rommet Endre brukar mest viser seg å vere oppteke. Stjernekamp, NRK, står det på døra. I programmet, som går i beste sendetid laurdagar på NRK, er professor på KHiO Solveig Kringlebotn med i kvar sesong for å læra deltakarane opera på ei veke ved hjelp av mange til dels merkelege fysiske øvingar medan dei syng.

– Solveig har gjort mykje for operainteressa gjennom Stjernekamp. Når det gjeld øvingane så er det ikkje lenger slik at operasongarar er så barmfagre som dei gjerne var tidligare, og om ein ikkje har så mykje mage gjeld det gjerne å spe på med litt trening og fysiske øvingar for å lettare få kontakt med mageområdet og ikkje minst bakkekontakt, altså vera i balanse. Det krev mykje styrke å syngje opera. Det er også difor ein gjerne må ha sunge nokre år før ein startar med opera. Det er aldri for seint å begynna, men har du ein draum er det jo heller ikkje noko å venta på.

Endre forsvinn bortover gangane i dei øvre etasjar der opera held til, neste punkt på programmet er ei treningsøkt for å halda på bakkekontakten på veg inn i solistdraumen.

Les meir om studia våre ved Operahøgskulen


Unge stemmer

8. – 9. november ønskjer vi velkomen til seminaret Unge stemmer her på KHiO, for alle som jobbar med song for barn og unge. Nokre av dei tema som vil bli tatt opp er:
Korleis oppnå songglede hos barn og unge?
Kan ein jobbe på same måte med gutar og jenter?
Kvifor er det flest jenter som syng i kor?
Stemmeskiftet – kva kan ein gjere? Har jenter og stemmeskifte?
Kor gamal bør ein vera for å synge/studera opera – fins det ei aldersgrense?

Sjå meir og meld deg på