Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 130, Firefox (Android) 130, Android WebView 130, Chrome 130, Chrome 129, Chrome 128, Chrome 127, Chrome 109, Edge 130, Edge 129, Edge 128, Firefox 132, Firefox 131, Firefox 130, Firefox 91, Firefox 78, Safari/Chrome (iOS) 18.0, Safari/Chrome (iOS) 17.6-17.7, Safari/Chrome (iOS) 17.5, Safari/Chrome (iOS) 16.6-16.7, Safari/Chrome (iOS) 15.6-15.8, Opera Mobile 80, Opera 114, Opera 113, Safari (MacOS) 18.0, Safari (MacOS) 17.6, Samsung 26, Samsung 25

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Sånn er det å studere på Kunsthøgskolen: Design

Sånn er det å studere på Kunsthøgskolen: Design

- Eg hadde ikkje trudd eg skulle utvikle meg så mykje som designar, ja, at eg skulle få ein så stor teoretisk base for arbeida mine i tida framover, og bli så reflektert og rotfesta i virket mitt, seier Sara Gretteberg, som no er utdanna møbel- og interiørdesignar.

Sara Gretteberg (24 år), bachelor frå avdeling Design

– Eg drøymde om å bli interiørarkitekt allereie då eg var 13 år. Og no er eg her, og har studert interiørarkitektur og møbeldesign i tre år! Tre gonger var eg inne på Kunsthøgskolen sine nettsider og lasta ned opptaksprøven, før eg endeleg vågde å søke, fortel Sara Gretteberg.
Før ho søkte på skulen, tok hun forskulen Krabbesholm i Danmark i eitt år.

– Eg trudde ikkje at eg skulle bli såpass rotfesta i virket mitt som designar her på KHiO, slik at eg ikkje hoppar på den neste trenden eller blir dratt med i eit kommersielt dragsug, seier ho.
I klassa jobba dei nært både med andre studentar og professorar.

– Professorane her blei meir som rettleiarar enn vanlege lærar. Vi er ei lita gruppe studentar, og lærarane følgjer oss opp på ein fantastisk måte, seier ho.

– I klassa mi var det 12 forskjellige folk, med heilt ulike inngongar til designfaget, noko som var veldig lærerikt.
Ho vil oppmode dei som startar på Kunsthøgskolen til hausten å ta for seg av alle moglegheitene som finst på skulen, og prøve ulike verkstadar og metodar.

– Dette må jo være ein av dei finaste skulane i verda! Verkstadar og lokale er heilt på topp i verda, vil eg tru! Når du byrjar her, må du ta ansvar for ditt eige studieløp, være tøff og flink til å seie frå, og jobbe mykje. Gå sterkt ut frå starten, ikkje berre heng med! Og viss du får vener på avdeling Balletthøgskolen allereie første semester, ja, då kjenner du dei om tre år også!

Ho rår nye studentar på Kunsthøgskolen å legge av seg noko av frykta for framtida.

– I byrjinga var eg redd for kva det skulle bli av meg, men det kjem etter kvart. Vi får kurs som førebur oss på framtida som designar. Som ny student skulle eg ønskje eg ikkje hadde grubla så mykje det første året, det er det ingen vits i, seier ho.
Sara Gretteberg blei tidlig medlem av Studentutvalet, og har engasjert seg på vegner av studentane.
– Om du har noko på hjartet, rår eg deg til å engasjere deg!

FOTO: Sara Gretteberg på eigen benk i eit av skulen sine atelier.