Rektorval 2021 – valprosessen er i gong

Valprosessen for rektorvalet på KHiO er i gong og valstyret har opna for å fremje kandidatar på personar som stiller til val som ny rektor og prorektor. Her kan du finne oppdatert liste med nominerte kandidatar. 

Det er berre tilsette og studentar ved Kunsthøgskolen i Oslo som har forslagsrett, men det er høve til å foreslå både eksterne og interne kandidatar.

Rektorvalet gjeld for to år fram til 31. juli 2023. Styret ved KHiO har nedsett ein nominasjonskomite for å hente inn kandidatar og eit valstyre som står for den formelle avviklinga.

Framdriftsplan

Valstyret har vedteke følgjande tidsplan for valprosessen:

06.12.2020: Tilsette og studentar er invitert til å fremje kandidatar som ny rektor og prorektor
28.01.2021: Nominasjonskomiteen presenterer komiteens rektor og prorektorkandidatar fortløpande og seinast 28. januar
11.02.2021: Frist for å framsetje forslag til kandidatar som rektor og prorektor
12.02.2021: Offentleggjering av kandidatar
19.02.2021: Publisering av valprogram frå kandidatane
02.03.2021: Presentasjonsmøte for kandidatar som rektor og prorektor
08.03-12.03.2021: Val av rektor rektor og prorektor

Det er lagt opp til kunngjering av resultatet av rektorvalet fredag 12. mars 2021 kl. 21.00.

Digitalt val

Styret ved KHiO har vedtatt at rektorvalget 2021 skal gjennomførast digitalt i perioden 8. til 12. mars. Det betyr at tilsette og studentar ikkje møter opp fysisk på KHiO for å stemme.

Nominasjon av kandidatar

Det er nedsett ein nominasjonskomité som jobbar med å finne kandidatar som ønskjer å stille til val. Komiteen oppfordrar alle til å kome med forslag til både interne og eksterne kandidatar.

Rektor og prorektor vert valt som eit par. Forslag skal derfor innehalde ein rektorkandidat og ein prorektorkandidat.

Det er ingen avgrensingar i kven som er valbar til rektor og prorektor.

Nominerte kandidatar

Nominasjonskomiteen bekreftar at følgande kandidatpar stiller til val:

  • Markus Degerman, rektorkandidat
    Heidi Marian Haraldsen, prorektorkandidat

Lista med nominerte kandidatar oppdaterast fortløpande.

Bakgrunn

Styret ved KHiO har vedtatt ei ordning med valt rektor for perioden 2019-2023. Rektor vert valt av tilsette og studentar ved KHiO og ordninga med valt rektor er heimla i Universitets og høgskolelova § 10-2.

Våren 2019 blei Måns Wrange valt til ny rektor ved KHiO frå 1. august 2019 til 31. juli 2023, saman med Anne-Linn Akselsen som prorektor. Ettersom Måns Wrange har sagt opp og går av som rektor halvvegs i perioden på fire år, skal KHiO ha nytt rektorvalg våren 2021 for resten av valperioden. Inntil ny rektor tiltrer vil KHiO frå 1.2.2021 ha ei interimløysning med dekan Markus Degerman som fungerende rektor, saman med prorektor Anne-Linn Akselsen, fram til ny rektor tiltrer.

Styret har fastsett eit valreglement for Kunsthøgskolen i Oslo.

Kontakt

  • Nominasjonskomiteen, Morten Gjelten (leiar), e-post: morten@nto.no
  • Valstyret, Anna Einarsson (leiar), e-post: annaeina@khio.no
  • Pressekontakt, Atle Faye (kommunikasjonsteamet), tlf. 913 47 369, e-post: atle.faye@khio.no