Markus Degerman og Heidi Marian Haraldsen stiller som rektorkandidatpar i rektorvalget 2021. Bilde: KHiO
Markus Degerman og Heidi Marian Haraldsen stiller som rektorkandidatpar i rektorvalget 2021. Bilde: KHiO

Rektorval 2021 – Degerman og Haraldsen stiller som kandidatpar

Markus Degerman og Heidi Marian Haraldsen stiller som kandidatpar ved rektorvalet 2021. Degerman stiller som rektorkandidat, medan Haraldsen stiller som prorektorkandidat.

Etter at fristen for å nominere kandidatar til rektorvalet 2021 gjekk ut 11. februar, vart det klart at Markus Degerman og Heidi Marian Haraldsen stiller som einaste kandidatpar.

Degerman og Haraldsen har også lagt fram valprogrammet sitt.
Norsk (pdf)   Engelsk (pdf)

Markus Degerman

Markus Degerman er for tida fungerande rektor på KHiO. Han er i tillegg dekan ved avdeling kunst og handverk. Han starta opp som dekan 7. oktober 2019 i ei åresmålsstilling for fire år.

Markus Degerman har bakgrunn som kunstnar frå både visuell kunst og arkitektur. Han er utdanna ved Kungl. Konsthögskolan, Konstfack og Nyckelviksskolan i Stockholm og Konsthögskolan i Umeå. Til KHiO kom han frå stillinga som professor og instituttleiar for Kunstakademiet ved Universitetet i Tromsø.

Degerman har brei bakgrunn som kurator og utstillar og frå design, teori og undervisning. Som kunstnar har han arbeidd mykje med romleg design i ulike omgjevnader som offentlege rom, byrom og kunstinstitusjonar, mellom anna frå design og arkitektkontoret Uglycute i Stockholm.

Degerman er for tida ordførar i komiteen for kunstnarisk forsking ved Vetenskapsrådet i Sverige.

Heidi Marian Haraldsen

Heidi Marian Haraldsen er førsteamanuensis i pedagogikk og studieprogramansvarleg for praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) i dans og teater. Ved KHiO har ho undervist og jobba med kunstpedagogikk, utdanningskvalitet, læremidlar i dans, og pedagogisk psykologi sidan 2008. Heidi er utdanna dansekunstnar med ein bachelor i dans frå Statens balletthøgskole (KHiO). Ho har 20 års profesjonell erfaring innan dans, først og fremst innan undervisning og koreografi og som grunnleggar av skolen Danseverket. Ho har også produsert og turnert for Den kulturelle skolesekken, jobba med dans for kamera, og gjennomført fleire kunstprosjekt ute i lokalsamfunn retta mot ulike målgrupper.

Ho har akademiske utdanning frå Pedagogisk forskningsinstitutt ved Universitet i Oslo med hovudfag i pedagogikk med avhandlinga «Det estetiske mennesket - betingelser for en mer estetisk pedagogikk».

Heidi gjennomførte ein doktorgrad om talentutvikling i utøvande kunst og idrett ved Noregs idrettshøgskole 2015-2019, der ho forska på kva betydning individuelle og kontekstuelle faktorar har for utøvarars motivasjon, prestasjon og psykiske helse. I dag er ho aktiv i forskingsprosjektet REDE (Resilience and Ethics in Dance Education) med fleire pågåande studiar.
Heidi Haraldsen er medlem av styret på KHiO, vald som representant av fagleg personale.

Om rektorvalet 2021

Rektorvalet gjennomførast digitalt frå 8. til 12. mars. 

Rektorkandidatanes valprogram vart offentleggjort 19. februar og kandidatane er å treffe på eit digitalt presentasjonsmøte for tilsette og studentar 2. mars.

Sidan det berre er eitt par som stiller til val, må paret ha minst 50 % av røystene. Skjer ikkje det, startast valprosessen på nytt.

Les valreglementet for meir informasjon

Meir om rektorvalet 2021 finn du her