Meir studentaktivitet
Den nye studentrådsleiaren, Magda Thomsen, har erfart at det er mogleg å endre ting på KHiO. No vil ho gjere studentdemokratiet tydelegare og meir aktivt, slik at fleire får gjennomslag for sine idear.
– Det første året eg gjekk her på KHiO var eg leiar for studentutvalet på avdeling design og opplevde at det faktisk er mogleg å endre ting dersom ein går inn for det. Men eg opplevde at det er lite engasjement for studentdemokratiet her på skulen. Kanskje er det grunna tidsmangel, eller kanskje har ikkje skulen vore tydeleg nok på kva studentdemokrati handlar om.
Magda har tidlegare organisasjonserfaring frå ho var direktør for Det Norske Studentersamfund på Chateau Neuf og hadde tett kontakt med Velferdstinget, Norsk studentorganisasjon og SiO. No vil ho bruke si erfaring til å gjere studentdemokratiet på KHiO tydelegere og meir aktivt.
– Mellom anna har eg oppdaga at det ikkje finnes vedtekter for Studentrådet, det held vi på å lage no. Vi har også nettopp lagt ut møteplanane til Studentrådet på sida for Studentdemokrati, slik at andre studentar kan følge med på saker og gjerne bli med på møter. Vi har også lagt ut eit skjema der studentar kan sende innspel til oss. Det er viktig for meg at studentane veit at det faktisk er nokon som jobbar for studentdemokratiet kvar dag, og at slikt arbeid ikkje treng vere så stort og skummelt, men faktisk kan vere både kjekt og meiningsfullt.
Fortener ein ny sjanse
Ho går sjølv andre året på bachelor i interiør- og møbeldesign, og brukar til liks med dei fleste andre studentar på KHiO mykje tid på studia, men ho treng også andre utfordringar.
– Det krev mykje å vere student på KHiO, men hadde eg ikkje hatt verv her, så hadde eg hatt det ein annan stad. Eg må jobbe med henda og utforske, men samstundes treng eg og organisasjonsarbeid. Eg likar å ha mykje å gjere!
No følger ho nøye med på vår nye Forskings- og høgare utdanningsminister, Sandra Borch, kva retning ho går i og ikkje minst korleis budsjettet blir.
– Eg har allereie utarbeida fleire forslag til innsparing, mellom anna konkrete samarbeid med både AHO og UiO, men det får vi kome tilbake til når vi veit kva pengar vi får tildelt. No har eg mest fokus på å finne ei god løysing på studenthuset Akers Mek. Sjølv om det har vore ein del utfordringar tidlegare, så er vi som går her no ein ny generasjon, og eg meiner vi fortener ein sjanse til å skape eit godt studentfellesskap på Akers Mek, med moglegheit for eit litt lausare reglement enn det som står per i dag. Dette har blitt godt motteke av rektoratet og vi skal om kort tid signere ei revidert driftsavtale med skulen. Vi er også heldig å ha fått med oss eit medlem frå tidlegare studentråd, som kan hjelpe oss med kontinuitet i oppstarten av drifta på Akers Mek.
Kjerna er kunsten
Både du og rektor nemnde i talene under semesteropning kor viktig kunsten og kunststudentane våre er for å finne løysingar på klimaproblema verda står ovanfor – korleis kan kunsten redde verda?
– Det med å finne løysingar, handlar om måten å tenke på. Kunstnarar er ofte personar med dårleg råd, men dei har likevel opp gjennom historia hatt sterk påverking på samtida si. Dei er kunstnar fordi dei må vere kunstnar, dei må gjere, dei må lage. I tillegg er dei ofte sine eigne rekneskapsførarar, søknadsskrivarar, booking-agentar og så vidare. Dei har ein indre driv for å uttrykke seg og leitar etter løysingar for å kunne gjere det. Eg trur denne lidenskapen, drivkrafta og bruk av tankeverksemd for å finne løysingar er naudsynt for å møte dei utfordringane som fins i samtida. No er det ikkje slik at eg trur kunstnarar og kunsten aleine kan redde verda, men det er viktig at vi blir inkludert når vegen inn i framtida skal byggast. Kunsten er ein lett tilgjengeleg demokratibyggar, den er utan grenser.
Magda Thomsen sat i innstillingsutvalet då vår nye rektor Marianne Skjulhaug vart innstilt og seier ho kan identifisere seg med henne.
– Marianne er oppteken av at kunsten må vere kjerna for alt arbeid vi gjer her på skulen, og derfor må alt anna arbeid støtte opp om det.
På spørsmål om kva KHiO kan gjere for at fleire skal tørre å velge å gjere kunst, kjem svaret raskt.
– KHiO må bli meir open, seier Magda og forklarar vidare kva ho legg i det. – Når ein ikkje går her, oppleves det som om skulen er ein eksklusiv klubb med einarar og alfaer. Men når ein kjem inn, skjønar ein raskt at det ikkje er så ille, vi som går her er vanlige mennesker, denne gangen var det vår tur til å lukkast. Vi interesserar oss for kvarandre og ønsker å få med oss forestillingar og vernissager for å sjå kva medstudentar held på med, vi ønsker meir samarbeid både på og utanfor skulen. Det er vi som skapar den nye kunstscena og så er spørsmålet, kan vi også få med oss dei som ikkje går her? Kva med å støtte fleire tverrfaglege prosjekt utafor skulen? Eg trur det er viktig at vi er opne og framoverlent.
Magda framhevar og kor viktig det er å gjere folk bevisst på kor mykje arbeid som ligg bak kunsten og handverket, slik at dei blir verdsett og respektert.
– Vi har ein jobb å gjere for å sei at yrkesfag og det å arbeide med henda er bra!
Les Magda Thomsen si tale til studentane
KHiO studiestart: studentrådslederens tale