Lisa Rosendahl til KHiO
Kunsthøgskolen i Oslo har tilsett Lisa Rosendahl i stilling som førsteamanuensis i utstillingsstudiar ved avdeling Kunstakademiet. 1. august tiltrer ho 70 % åremålsstilling for ein periode på seks år.
Lisa Rosendahl arbeider nå som sjølvstendig kurator i Berlin. Ho har lang og variert erfaring frå den skandinaviske kunstscena, mellom anna som tidlegare direktør for Iaspis-programmet, den svenske kunstnarnemndas internasjonale program for bilet- og formkunstnarar.
-Eg er veldig glad over å bli ein del av Kunstakademiet på KHiO, seier Lisa Rosendahl i ein kommentar. -Eg ser fram til å på bli ulike måtar utforske utstillingspraksisens historie og framtidige moglegheiter saman med studentane. Og dessutan få moglegheit til å utforme eit publikumsprogram for høgskolen i dialog med alt det spanande som går føre seg på KHiO, seier Rosendahl.
På Kunstakademiet skal Rosendahl særleg arbeide med undervisning i utstillingsstudiar, samt etablere eit offentlig kuratert program som er forankra i interessefelt og som bind saman forskingsemne på tvers af studentar, kollegiet og stipendiatar.
Lisa Rosendahl er kurator og skribent, og er utdanna kunsthistorikar ved Stockholms universitet, Courtauld Institute og Goldsmiths College. Ho har nyleg kuratert eit langstidsprosjekt om teamet Extraction (utvinning), som starta med utstillinga Extract From a Future History i Luleå, og som fortset med gruppeutstillinga Rivers of Emotion, Bodies of Ore som opnar i Kunsthall Trondheim i september 2018.
Rosendahl har vore kurator for Statens Konstråd, Sverige, direktør for Iaspis, direktør for BAC (Baltic Art Center Visby), ekstern kurator ved Røda Sten Konsthall, Gøteborg, direktør for utstillingsprogram ved Lisson Gallery, London og fungerande direktør ved Electra Productions, London. Som frilans kurator har ho gjort utstillingar for m.a. Moderna Museet, Stockholm, Kunsthal Charlottenborg, København, Malmø Kunstmuseum og INIVA, London.
Lisa Rosendahl har vore engasjert som gjestelærar og rådgjevar ved kunstakademi over heile Skandinavia dei siste 10 åra.
Biografi Lisa Rosendahl (pdf)
Pressekontakt
Stine Hebert, dekan ved avdeling Kunstakademiet
Tlf.: 480 95 486, e-post: stinhebe@khio.no
Atle Faye, kommunikasjonssjef
Tlf.: 913 47 369, e-post: atle.faye@khio.no
Lisa Rosendahl
Tlf. +49 1762 444 1900, e-post: lisarosendahl@gmail.com