Kunsthøgskolen søkjer etter rektor
Kven skal leie landets største statlege utdannings- og forskingsinstitusjon for kunst og design? 1. august 23 skiftar høgskolen styringsordning frå valt til tilsett rektor. Rektorstillinga er no lyst ut med søknadsfrist 30. januar.
KHiO-rektoren vil leie landets største statlege utdannings- og forskingsinstitusjon for kunstnarar og designarar. KHiO driv utdanning og forsking i opera, teater, dans, biletkunst, kunst og handverk og design.
Høg kunstfagleg kompetanse og gode leiareigenskapar
I utlysinga legg styret vekt på at rektor skal vere ein person med høg kompetanse i eitt eller fleire av fagområda på KHiO. Det vert også lagt vekt på å rekruttere ein leiar som er resultat- og utviklingsorientert og har evne og interesse for å utvikle organisasjonen og medarbeidarar, både fagleg og administrativt.
I tillegg til å vere KHiOs daglege leiar med ansvar for den samla verksemda søkjer styret etter ein person som også kan posisjonere KHiO nasjonalt og internasjonalt og bidra til at det blir utvikla godt samarbeid med andre aktørar, fagmiljø, utdannings- og forskingsinstitusjonar, næringsliv og offentlege verksemder.
Søkjarar må beherske eit skandinavisk språk og engelsk.
Les også: Annonse: rektor ved Kunsthøgskolen i Oslo
Kunstnarisk kjerne, berekraft og strategisk samhandling
Institusjonen går også inn i ein ny strategiperiode 2023–28 der kunstnarisk kjerne, berekraft og strategisk samhandling er kjerneområde som skal peike retning, og danne utgangspunkt, for vidare vegval. I tråd med strategien får rektor ansvar for at verksemda vert videreutvikla, samtidig som sterke fagtradisjonar skal ivaretakast.
Les også: Ny strategisk plan 2023–28.
Grundig prosess fram til tilsetjing
Rektorstillinga er lyst ut med søknadsfrist 30. januar 2023.
I samband med rekrutteringa har KHiO engasjert firmaet Amrop Delphi til å førestå det innleiande rekrutteringsarbeidet. Styret har oppretta eit innstillingsutval med representantar frå styret, fagleg og administrativ leiing, tilsette og studentar. Innstillingsutvalet legg fram tilråding for styret som tilset rektor.
Innstillingsutvalet er leia av styremedlem Per Magnus Finnanger Sandsmark. Han er oppnemnd av Kunnskapsdepartementet som styremedlem på KHiO.
– Vi skal tilsetje ein av dei viktigaste stillingane i norsk kulturliv. Innstillingsutvalet gler seg til å vurdere aktuelle kandidatar, seier Per Magnus Finnanger Sandsmark. – Etter at søknadsfristen er ute gjer vi i utvalet ei vurdering av søknadsmassen og kallar inn aktuelle kandidatar til intervju, legg Sandsmark til.
KHiO utarbeider ei offentleg søkjarliste etter at fristen er gått ut. Styret har som mål å tilsetje rektor i styremøtet i mars.
Kontakt
Rekruttering (for søkjarar)
- Randi Flugstad, Amrop Delphi, e-post: rf@amrop.no, telefon: 905 84 138
KHiO
- styremedlem Per Magnus Finnanger Sandsmark, e-post: per.magnus.f.sandsmark@nynorsk.no, telefon: 908 12 196 (om prosess og arbeid i innstillingsutvalet og styret)
- kommunikasjonssjef Atle Faye, e-post: atle.faye@khio.no, telefon: 913 47 369 (presse)
Fakta om KHiO (tal frå 2021)
Studium
22 studieprogram på bachelor- og masternivå og årsstudium
1 doktorgradsstudium i kunstnarisk utviklingsarbeid
Studentar
613 studentar
217 uteksaminerte studentar
- Dans 114
- Operahøgskolen 27
- Teaterhøgskolen 51
- Design 162
- Kunst og handverk 156
- Kunstakademiet 103
68,5 % kvinner – 32,5 % menn
32,6 % utanlandske studentar
43,6 timar tidsbruk per veke (landsgjennomsnitt 34,3)
Gjennomføring på normert tid
Bachelor: 74,2 % (landsgjennomsnitt 53,6 %)
Master: 68 % (landsgjennomsnitt 56,3%)
Tilsette
208 årsverk, fordelt på 103 kunstfaglege og 105 teknisk/administrative
Budsjett
379,9 mill. kroner
Bygningsmasse
43.000 m2
KHiO held til i Fossveien 24 i den ombygde Seilduksfabrikken ved Akerselva på Grünerløkka i Oslo.