KHiO inngår forlik om avslutning av arbeidsforhold

Kunsthøgskolen i Oslo har inngått forlik med ein tidlegare tilsett som i desember 2018 fekk avskil frå stillinga. 21. oktober 2019 vart partane samde om at arbeidsforholdet er avslutta ved at KHiO går til oppseiing frå stillinga med verknad frå 12. mars 2019. Partane fråfell beramma sak for Oslo Tingrett samt retten til å anke. Partane dekkjer eigne sakskostnader.

Kunsthøgskolen i Oslo har inngått forlik med ein tidlegare tilsett som i desember 2018 fekk avskil frå stillinga. 21. oktober 2019 vart partane samde om at arbeidsforholdet er avslutta ved at KHiO går til oppseiing frå stillinga med verknad frå 12. mars 2019. Partane fråfell beramma sak for Oslo Tingrett samt retten til å anke. Partane dekkjer eigne sakskostnader

–Det Forskerforbundet, som representerer den tilsette, hovudsakleg har fokusert sin klage på, er spørsmålet om det var juridisk rett at den tilsette fekk avskil og umiddelbart måtte slutte i stillinga si, i staden for det vanlegaste tiltaket som er oppseiing med oppseiingstid. Rettssituasjonen for dette er høgst uklår, noko som ga ein risiko for at domstolen kunne konkludere med at det ikkje var tilstrekkeleg sterk nok beviseleg grunn for avskil. Eit slikt tilfelle ville kunne ende med at vedtaket blei annullert og at vedkomande framleis skulle være tilsett på KHiO med krav om lønn og annan erstatning. Det ville igjen kunne resultere i nye juridiske prosessar som i verste fall kunne vare i fleire år, seier rektor Måns Wrange.

-Ingen ting i sjølve saka endrar seg ved at KHiO endrar vedtaket frå avskil til oppseiing. Ved å avslutte arbeidsforholdet har KHiO gjort ei veldig sterk markering av kva type oppførsel som er uakseptabel, seier rektor Måns Wrange ved KHiO

Bakgrunn

Ein tilsett ved Kunsthøgskolen fekk, med heimel i statsansattelova § 26, avskil frå stillinga 18. desember 2018. Bakgrunn for vedtaket om avskil var at det i juni 2018 vart meldt inn varslingssak med påstand om brot på Kunsthøgskolens etiske retningslinjer. Vedtaket vart påklaga. Styret ved KHiO opprettholdt vedtaket om avskil i styremøte 12. mars 2019.

Forskerforbundet reiste arbeidsrettssak for Oslo Tingrett, på vegne av sin klient, med krav om å kjenne vedtaket ugyldig og krav om erstatning. Saka vart beramma til 5. november 2019.

21. oktober 2019 vart det inngått forlik der arbeidsforholdet er avslutta ved oppseiing frå stillinga med verknad frå 12. mars 2019. Styret ga rektor fullmakt til å sluttføre forhandlingane i ekstraordinært styremøte 9. oktober 2019.

Regjeringsadvokaten har bistått Kunsthøgskolen, som saksøkt. Advokat Hjelde har bistått Forskerforbundet som saksøkjar på vegne av klienten med eit tidlegare arbeidsforhold på KHiO.

Generelt om varslingssaker og arbeidsmiljø

Varslingssaker mot enkelttilsette er personalsaker underlagt teieplikt og unnateke offentlegheit, jf. Forvaltningslova § 13 og Offentleglova § 13.

KHiO følgjer kontradiksjonsprinsippet der den som er omfatta av eit varsel har rett til å uttale seg og gje sitt syn og framstilling. Den som er omfatta av varsel har også rett til å la seg representere ved ein advokat eller representant frå arbeidstakarorganisasjon.

Kunsthøgskolen oppmodar media og andre om å ikkje offentleggjere namn eller andre opplysningar som identifiserer enkeltpersonar som er omhandla av varslingssaker fordi dette vert ei stor ekstrabelastning for involverte, familie og studie- og arbeidsmiljøet ved KHiO.

Presse

Presseførespurnader blir koordinert av teamleiar for kommunikasjon.
Kontakt: Atle Faye, teamleiar kommunikasjon, tlf. 913 47 369, e-post atle.faye@khio.no

Innsyn

Media og andre har tilgang til offentleg journal som er tilgjengeleg på khio.no
Korrespondanse til og frå KHiO går fram av KHiOs offentlege postjournal.

Ved ønske om innsyn gjeld ei rettleiingsplikt i samsvar med Forvaltningslova § 11. For partar i ei sak gjeld rett til innsyn i samsvar med Forvaltningslova § 18.

Ønske om innsyn må sendast skriftleg til postmottak@khio.no.
Sjå elles utfyllande informasjon på khio.no