Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 104, Firefox (Android) 101, QQ browser 10.4, UC browser 12.12, Android WebView 104, Baidu 7.12, Chrome 104, Chrome 103, Chrome 102, Edge 104, Edge 103, Firefox 103, Firefox 102, Firefox 91, Firefox 78, Internet Explorer 11, Safari/Chrome (iOS) 15.5, Safari/Chrome (iOS) 15.4, Safari/Chrome (iOS) 15.2-15.3, Safari/Chrome (iOS) 14.5-14.8, Safari/Chrome (iOS) 14.0-14.4, Safari/Chrome (iOS) 12.2-12.5, KaiOS 2.5, Opera Mini, Opera Mobile 64, Opera 89, Opera 88, Safari (MacOS) 15.6, Safari (MacOS) 15.5, Samsung 18.0, Samsung 17.0

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Janne-Camilla Lyster. Foto: Tale Hendnes
Janne-Camilla Lyster. Foto: Tale Hendnes

Janne-Camilla Lyster fungerer som prorektor forsking

Rolla som prorektor er eit engasjement i perioden 1.2.–31.7.2023.

- Det er svært gledeleg at Janne-Camilla Lyster, som allereie har leia Kunsthøgskolens doktorgradsprogram, skal være prorektor for forsking i den komande interimsperioden, seier rektor Markus Degerman i ein kommentar.
- Janne-Camilla har ein brei kunstnarisk bakgrunn som inkluderer koreografi, dans og skriving. Samla erfaring frå kunstnariske produksjonar og prosjekt, i tillegg til erfaringa ho har opparbeidd i arbeidet med kunstnarisk utviklingsarbeid, gjer ho godt kvalifisert for det komande arbeidet. Eg ser frem til å jobbe med Janne-Camilla i interimsperioden fram til august, seier rektor Degerman.

Janne-Camilla Lyster seier at ho ser fram til å kome tett på det som foregår av kunstnarisk utviklingsarbeid på tvers av avdelingane, med nokre av landets dyktigaste kunstnarar, fagfolk og studentar.
- Og eg gler meg til å bidra til ei strategisk styrking av kunstnarisk utviklingsarbeid og forsking ved KHiO, seier Lyster i ein kommentar til engasjementet.

Janne-Camilla Lyster er koreograf, dansar og forfattar. Ho har arbeidd i samtidsdansfeltet sidan 2006. I 2019 avla ho sitt doktorgradsarbeid i dans ved Kunsthøgskolen i Oslo: «Koreografisk poesi: Utvikling av litterære partiturer for dans». Ho har ei spesiell interesse for prefigurative praksisar, notasjonssystem og tverrkunstnarisk arbeid.

Lyster har også utgitt romanar, skodespel, essays, og ei rekke diktsamlingar. Dei koreografiske arbeida hennar er vist i inn- og utland.

Janne-Camilla Lyster tar over som prorektor forsking etter Camille Norment som sluttar 31.1.2023. Parallelt vil Lyster halde fram i si ordinære stilling som førsteamanuensis i koreografi ved avdeling dans. Rolla som prorektor varer fram til 1.8.23 då KHiO skiftar styringsordning og går frå valt til tilsett rektor.