Camilla Luihn førsteamanuensis i smykkekunst
Camilla Luihn er tilsett som førsteamauensis i smykkekunst, i ei fast stilling i 50 %, ved avdeling kunst og handverk på KHiO.
Camilla Luihn er utdanna frå KHiO ved fagområdet metall- og smykkekunst. Hennar kunstnariske praksis omfattar smykkekunst, objekt, samt todimensjonale arbeid og er i hovudsak sentrert rundt forsking på emalje. Sidan 2019 har ho undervist på KHiO og er frå 1. august 2023 fast tilsett som førsteamanuensis.
Som kunstnar har Luihn har hatt ei rekke separatutstillingar ved m.a. Kunstnerforbundet (2002, 2022), Galleri Four (2022), RAM (2013) og Galleri F15 (1997), samt gruppeutstillingar i Noreg og internasjonalt. Ho er representert i fleire store offentlege samlingar i Noreg samt i ei rekke private samlingar. I 2002 mottok ho Norsk forms pris for unge designarar og Oslo bys kulturstipend for 2000. Luihn driv også galleriet Portabel i Oslo. Ho arbeider nå mot separatutstillingar i RAM og KRAFT i 2024.
I 2022 blei Camilla Luihn tildelt Kunsthandverkprisen frå Bildende kunstneres hjelpefond for verket «Det som blir igjen».
Les også: Kunsthandverksprisen til Camilla Luihn