Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 130, Firefox (Android) 130, Android WebView 130, Chrome 130, Chrome 129, Chrome 128, Chrome 127, Chrome 109, Edge 130, Edge 129, Edge 128, Firefox 132, Firefox 131, Firefox 130, Firefox 91, Firefox 78, Safari/Chrome (iOS) 18.0, Safari/Chrome (iOS) 17.6-17.7, Safari/Chrome (iOS) 17.5, Safari/Chrome (iOS) 16.6-16.7, Safari/Chrome (iOS) 15.6-15.8, Opera Mobile 80, Opera 114, Opera 113, Safari (MacOS) 18.0, Safari (MacOS) 17.6, Samsung 26, Samsung 25

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Ei Takagawa vann både gull og Prix de la Ville de Grasse, den mest prestigefylte prisen i Grasse, der unge ballettdansarar konkurrerte for 37. gang i år. Foto: Helena Byrt, Innsyn 2024
Ei Takagawa vann både gull og Prix de la Ville de Grasse, den mest prestigefylte prisen i Grasse, der unge ballettdansarar konkurrerte for 37. gang i år. Foto: Helena Byrt, Innsyn 2024

Best i Grasse!

Bachelorstudent på klassisk ballett, Ei Takagawa, har vunne Prix de la Ville de Grasse, den mest prestigefylte prisen i den internasjonale konkurransen Concours International de Danse Classique de Grasse.

– Det er første gong eg deltek i og vinn denne konkurransen, så eg blei veldig glad då eg skjønte at eg vann gull, og i tillegg fekk Grand Prix-prisen, fortel Ei Takagawa, som no er tilbake frå Frankrike. –  Eg er veldig glad på eigne vegner, sjølvsagt, men ikkje minst er eg glad for å kunne fortelje denne gode nyheita til alle dei som støttar meg så mykje – familien min, vener og lærarar. Det var også første gong eg var i Frankrike, så det har blitt eit ugløymeleg minne for meg. Eg fekk mange nye erfaringar og også kjensler eg ikkje har hatt tidlegare, eg sette verkeleg pris på kvart augeblink i Frankrike.

Concours International de Danse Classique de Grasse er ein internasjonal konkurranse for unge ballettdansarar. Konkurransen har eksistert i snart 40 år. I år var det berre Ei Takagawa som deltok frå KHiO.

– Ei har arbeidd mykje for å nå det nivået han er på no, seier Tim Almaas, programansvarleg for klassisk ballett. – Han kjem til å vere klar for det profesjonelle livet som dansar til sommaren, etter å ha fått  bachelorgraden sin i klassisk ballett. Etter snart to og eit halv år på KHiO, har han vakse veldig mykje som dansar, og enno viktigare, som menneske og dansekunstnar.

Ei Takagawa saman med ballettinstruktøren sin, Yoel Carreño, høgskolelektor i klassisk ballett, som var med og fekk sjå Ei vinne i Grasse. Foto: Yoel Carreño
Ei Takagawa saman med ballettinstruktøren sin, Yoel Carreño, høgskolelektor i klassisk ballett, som var med og fekk sjå Ei vinne i Grasse. Foto: Yoel Carreño

Internasjonal merksemd

Almaas fortel at bachelorstudentane på klassisk ballett får mykje internasjonal merksemd.

– Vi får veldig fine tilbakemeldingar frå det internasjonale ballettmiljøet. I år har allereie to kvinnelege studentar fått korttidsjobb i Tyrkia og dei mannlege studentane er også etterspurde. Ei av våre ukrainske dansarar, Anna Simonova, har komme gjennom nålauget og skal representere KHiO i verdas mest prestigefylte ballettkonkurranse, Prix de Lausanne, i slutten av januar.

– Bachelorprogrammet vårt er veldig lite, og kan ikkje samanliknas med dei “store” ballettskulane i Europa. Derfor har vi også ein annan visjon for studentane våre: Vi jobbar i små grupper, driv mykje individuell rettleiing, samtidig som vi legg til rette for eit sterkt samhald der vi forventar at ungdomane støttar kvarandre, dei må arbeide som eit lag!  Vi får fine tilbakemeldingar frå inviterte gjestar som ofte er med oss ei veke. Gjestane kjenner seg godt tekne vare på og utdanninga sitt rykte om ein god atmosfære, med både utfordringar og tryggleik, spreier seg internasjonalt.

Ei Takagawa er einig i den gode atmosfæren.

– Eg trur det som gjer KHiO fantastisk, er at alle kjenner på akkurat passe mengde fridom på skulen. Det tenker eg er noko ein ikkje vil oppleve overalt. Alle gjer jobben sin fordi vi vil, ikkje fordi vi er tvungne. Det meiner  eg er veldig viktig.

Ei Takagawa Foto: Helena Byrt, Innsyn24– Vi har utruleg dedikerte studentar. Allereie når dei kjem til KHiO har dei ein sjølvdisiplin som følgjer dei resten av livet, fortel Tim Almaas. – Vi er jo unntaket her, studentane er 15 år gamle når dei startar og dei er klare for å setje i gang med ei profesjonell ballettutdanning med ein entusiasme og styrke som er sjeldan å sjå hos eldre ungdomar.

Akkurat no har Ei og dei andre i avgangsklassen starta ein seks veker lang praksis saman med Nasjonalballetten og Nøtteknekkeren. Det blir mogleg å sjå dei på Hovudscenen i Operaen frå 29. november til 21. desember.


Søknadsfrist til Bachelorstudium i klassisk ballett er 20. februar, 2025.