Antonio Cataldo blir ny dekan på Kunstakademiet
Antonio Cataldo blir ny dekan ved Kunstakademiet på Kunsthøgskolen i Oslo. Han kjem frå stillinga som direktør på Fotogalleriet i Oslo. Dekanstillinga er eit åremål på fire år.
–Med Antonio Cataldo får Kunsthøgskolen i Oslo ein internasjonalt orientert og ambisiøs dekan som kan vidareutvikle den unike posisjonen Kunstakademiet har, med multinasjonale studentar og tilsette. Han er særleg godt knytt til og orientert i kunstfeltet, både nasjonalt og internasjonalt, seier rektor Marianne Skjulhaug.
Antonio Cataldo fullførte doktorgraden sin i kuratering i 2022, ved University of Reading og University of the Arts, Zurich. Cataldo hadde samtidig direktørstilling på Fotogalleriet, Nordens eldste kunsthall dedikert fotografiet, som han tiltredde i 2018. I løpet av dei seks åra ved Fotogalleriet har han arbeidd for, og styrkt, Fotogalleriet som ei framtredande stemme i Oslo og skapt eit meir ope møterom som speglar mangfaldet i Noreg. Som ei anerkjenning av dette arbeidet, er Cataldo bede om å bli ny styreleiar for Kunsthallene i Norge, ein paraplyorganisasjon med mål om å fremje kunsthallane nasjonalt, og å utvikle nettverk internasjonalt.
Kvifor ønsker du stillinga som dekan ved Kunstakademiet?
– Samtidskunsten og samfunnsrolla den ber i seg har vore i eit epokeskifte dei siste åra. Eg er overtydd om at for å reflektere desse endringane og revurdere samtidskunsten for framtida, må vi starte på nytt frå utdanninga. Kunstakademiet har ein internasjonalt anerkjent lærarstab og eg meiner det er ein perfekt stad for å revurdere kunstutdanningas strategiske vilkår for produksjon og utstilling, og kva kunst vi ønsker å sjå i fremtida, både lokalt og i utlandet.
Kva kan du bidra med?
– Eg har vore ein del av samtidskunstfeltet i nærare 20 år. Eg har studert kunst sidan eg var 14. Dei siste åra har eg arbeidd med strukturar og strategisk revurdert feltet i praksis og teori, og samkøyrt desse bekymringane med internasjonale utøvarar og institusjonar som har omforma feltet. Eg har og arbeidd for å sikre utvida samarbeid for å bevise kunstens rolle i samfunnet og ønske kunstnarars nye praksisar velkomne til utstillingsrommet. Dette skal eg no skal sjå frå den andre sida, den pedagogiske, og halde fram med å revurdere kva stemmer som kjem inn i feltet og kvifor.
– Eg ser fram til å dele kunnskapen eg har opparbeidd meg med gode kolleger på Kunstakademiet. Kunst er ein kjernekomponent i samfunnsmessige bekymringar og er til stade i alles liv, bevisst eller ubevisst. Mine ambisjonar inkluderer å anerkjenne og utvide samtidskunsten og det sosiale ansvaret den har inn i pedagogiske strukturar, og gjere desse skjæringspunkta synlege og tilgjengelege.
Kva vil vere hovedfokuset ditt som dekan?
– Dekanens rolle er fagstrategisk. Det handlar om å sikre at Kunstakademiet leverer høgste standard til feltet, nasjonalt og internasjonalt. Det vil handle om å støtte den praktiske og teoretiske infrastrukturen slik at studentar, avdelinga og professorar kjenner seg ivaretekne i ein berikande støttestruktur, for ei kontinuerlig felles nytenking av feltet og for å skape ny og alternativ kunnskap som berre samtidskunst, som heile tida har utfordra samfunnsmessige gitter, kan gje.
Cataldo, som kjem frå Italia, starta karriera si i Noreg i 2010, som leiar for publikasjon og arkiv ved Office for Contemporary Art Norway (OCA), der han seinare arbeidde som senior programansvarleg og som kurator, inkludert som medkurator for den nordiske paviljongen på Veneziabiennalen. Han kom då frå ei forskings- og undervisningsstilling ved IUAV universitet i Venezia. Som akademikar har han undervist på kurs ved ZHdK universitet i Zurich, halde forelesingar ved fleire akademi og internasjonale arrangement, inkludert under paraplyen av Documenta offentlege program. Han har og vore redaktør for ei rekke bøker publisert av Koenig Books, Sternberg Press, Fotogalleriet, OCA og Kehrer.
–Vi ser fram til Antonio er på plass i KHiOs drivande, dyktige leiargruppe, seier rektor Marianne Skjulhaug.
Antonio Cataldo tiltrer stillinga som dekan ved Kunstakademiet 1. august 2024.