Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 94, Firefox (Android) 92, QQ browser 10.4, UC browser 12.12, Android WebView 94, Baidu 7.12, Chrome 94, Chrome 93, Chrome 92, Chrome 91, Edge 94, Edge 93, Edge 92, Firefox 93, Firefox 92, Firefox 91, Firefox 78, Internet Explorer 11, Safari/Chrome (iOS) 15, Safari/Chrome (iOS) 14.5-14.8, Safari/Chrome (iOS) 14.0-14.4, Safari/Chrome (iOS) 12.2-12.5, KaiOS 2.5, Opera Mini, Opera Mobile 64, Opera 80, Opera 79, Opera 78, Safari (MacOS) 15, Safari (MacOS) 14.1, Safari (MacOS) 13.1, Samsung 15.0, Samsung 14.0

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Alfred Brekke avslutta bachelor i biletkunst i vår. Heile sommaren har han måla for å komma i mål med verket Du er her nå, som no heng på byggegjerdet ved Høyesterettsplass. Foto: Privat.
Alfred Brekke avslutta bachelor i biletkunst i vår. Heile sommaren har han måla for å komma i mål med verket Du er her nå, som no heng på byggegjerdet ved Høyesterettsplass. Foto: Privat.

Alfred på gjerdet

På byggegjerdet rundt regjeringskvartalet, heng det eit sju meter langt og fire meter høgt maleri av Alfred Brekke. Det vil sei, eigentleg er det 16 maleri, som han har jobba med samtidig som han laga avgangsarbeidet sitt på bachelor i biletkunst. Vi har kobla oss på prosessen nokre øyeblikk i løpet av året 2021.

Du er her nå heiter arbeidet til Alfred Brekke, som heng på Høyesterettsplass. Der skal det henge i eitt år. På byggegjerdet finn du og arbeid av grafittikunstnarane David Stenmarck og Espen Henningsen, som kallar seg DogE, dei har laga eit fargerikt Fredens hage framfor Deichman. Framfor Møllergata 19 har Sling, ei av få kvinner i graffitimiljøet, laga verket Sling Theory. Kunstnarane har og laga eit fellesverk i Akersgata, der Alfred har stått for fem plater med olje- og akrylmaling, medan dei andre har spraya rett på byggegjerdene.

Vi har følgd prosessen frå 15. april 2021, då kunstnarane var samla for første gang for å sjå på gjerdet der verka skulle opp.

Detalj frå skisse til verket Du er her nå.
Detalj frå skisse til verket Du er her nå.


Å gje tilbake

– Vi har bestilt åtte kubikk container, rullestillas, verneutstyr og vestar ettersom det er ein byggeplass her. Kva med maling og spray, får de tak i det, no som butikkane er stengd? Birgitte Bye kjem frå kommunikasjonsstaben til Statsbygg og sjekkar om alle har det dei treng i eit koronastengd Oslo. Det er ho som er kurator på prosjektet.

– Byggearbeida gjev visuell støy og er ei belasting for sentrum, så vi ønskjer å gje noko tilbake. Vi har tidlegare positive erfaringar frå å la kunstnarar vise arbeida sine på byggegjerda rundt Nasjonalmuseet. Sling deltok også i det prosjektet og fekk mykje positiv merksemd. Mellom anna laga ho ein kolleksjon for Helly Hansen etter prosjektet.

– Alfred oppdaga eg i 2019, då eg skulle vise fram Grünerløkka og min gamle arbeidsplass KHiO, til ein amerikansk ven som var på besøk. Vi hamna tilfeldigvis på ei gruppeutstilling for andre klasse bachelor på Kunstakademiet, der Alfred stilla ut fire portrett. Venen min vart straks begeistra, spurte om pris og kjøpte to av dei på staden. Vi syntest at bileta med sin psykologiske innsikt, gav assosiasjonar til ein bevegelse innan figurativt maleri kalla «School of London» som bestod av kjente kunstnarar som Lucian Freud, Francis Bacon og David Hockney. Eit par dagar etter utstillinga, tok eg kontakt med Alfred, og foreslo dette prosjektet. Alfred har ein fantastisk fargebruk, og så er han ekstremt god på perspektiv, det trengs, for der han skal henge arbeidet sitt skråner terrenget.

Birgitte nemner at både mora og faren til Alfred er arkitektar, kanskje det har hjelpt på at han er så god på perspektiv, ler ho. Og mormora, som også var kunstnar, var ven med David Hockney frå studietida ved Bradford School of Art.

Detalj frå verket Du er her nå.
Detalj frå verket Du er her nå.


Atelieret

– Eg male ting som er rundt meg der bileta skal henge, men eg legg og til element som ikkje finnes, som kunne ha funnest, eller som eg eventuelt lagar etter at eg har malt dei i bilete. Slik leikar eg med rekkefølgje og representasjon, fortel Alfred, då vi litt seinare tar turen til Skulptur av far til Alfred.atelieret hans på KHiO. Her står maleri og skulpturar i tre, om kvarandre. Ser du etter, kan du kjenne igjen nokre av skulpturane i bileta. Så kan ein undre seg over om skulpturen eller bilete vart laga først.

– Her er ein skulptur av far min. Eg pleier å male han kvar sommar. Det har eg gjort sidan eg var liten. Eg har i det heile teke alltid teikna og malt, men det var først då eg vart 18 at eg bestemte meg for å verte kunstnar. Før KHiO gjekk eg på Strykejernet, der var det mykje fridom og vi fekk verkeleg boltre oss.

Etter å ha gått rundt i atelieret medan vi har snakka saman, verkar portretta i nokre av bileta brått merkeleg kjente. Med god grunn skal det vise seg.

Maleri av kameraten Benjamin. Alfred brukar ofte same modell i verka sine, inspirert av dei tidlige renessansekunstarane.– Eg har ein god ven som eg har malt ofte. Inspirert av tidlege renessansemalarar som ofte brukte same ansikt på ulike personar i same bilete, brukar eg denne venen min i bileta mine. Eg tenker maleriet som ein portal inn til ei eiga røynd, hadde ein gått inn i maleriet så er det der fleire vindauge til nye verder. Når eg no skal planlegge dette verket som skal gå over 16 plater, lar eg meg inspirere av den italienske renessansemalaren Piero della Francesca, som er særleg kjent for sine portrett og avhandlingar om perspektiv i biletkunsten.

Alfred i atelieret sitt på KHiO.
Alfred i atelieret sitt på KHiO.



Avgang

Neste gong vi møter Alfred, den 24. mai, er han i lokala til St. Olavsgate 32, der det gamle Statens kunstakademi heldt til frå 1981 til 2010. Der har han fått lov av Statsbygg å bruke rom 08 med overlys, som atelier. I dette bygget heldt han saman med klassen, avgangsutstilling, eit siste farvel før bygget skal seljast. Vi kjem innom på siste dag av utstillinga, og det er mange som vil snakke med Alfred om avgangsarbeidet hans Skapning skaper skapelse. Bysta av far er med.

– Mykje av tida sidan sist har eg brukt på å bli ferdig med avgangsarbeidet mitt, men eg har også starta å teste ut ulik arkitektur og så vil eg teste ut menneske i reell størrelse. Eg har og bestemt meg for at eg vil at alle dei 16 platene skal kunne fungere som sjølvstendige maleri.

Vi tar turen opp frå utstillinga til det lyse atelieret og Alfred viser fram skissene, med alle dei 16 platene teikna inn.

– Eg prøver å lage eit grafisk rom først og så legge til fargane, slik at det etterpå berre er å male inn.

Skisse av verket Du er her nå.
Skisse av verket Du er her nå.

Birgitte Bye, som også har tatt turen, kan fortelje at Fredens hage vart ferdig kvelden før. 120 meter med grafitti utanfor Deichman. Verket er tenkt som ein dialog med kunstnar Arne Lindås (1924 – 2011) sitt veggmaleri Edens hage, som vart fjerna av Oslo kommune frå veggane i Hammersborgtunnelen.

– Det har vore mykje regn i vår, så planen til David og Espen om å jobbe frå klokka åtte til femten, vart brått til tolv timars økter frå åtte til åtte på dagar utan regn. Alfred, som er den einaste som jobbar med maling har sjølvsagt lengre tidsfrist på seg til å gjere arbeidet ferdig. Det blir i alle fall ein kickstart på livet etter KHiO, Alfred! Eg håpar du får ei utstilling etter denne jobben.

– Presset er vel at det må bli mitt beste maleri, sei Alfred før vi går.

Alfred på avgangsutstillinga 2021 med verket Skapning skaper skapelse.
Alfred på avgangsutstillinga 2021 med verket Skapning skaper skapelse.

Opp på veggen

Fredag 10. september, er dagen for opphenging av verket – 16 plater, til saman sju meter langt og fire meter høgt. I tillegg til å ha komme i mål med dette store verket, hengte Alfred opp fem mindre verk til fellesarbeidet med Sling og DogE, veka før. Forbipasserande kastar nysgjerrige blikk mot dei som arbeider med å få det heile opp på veggen, også NRK Østlandssendingen har møtt opp for å snakke med Alfred.

Høyr intervjuet: Østlandssendingen 10. september 2021 Kunst skal opp på byggegjerdet rundt Høyesterettsplass

10. september kjem verket opp på byggegjerdet ved Høyesterettsplass. Foto: Privat.
10. september kjem verket opp på byggegjerdet ved Høyesterettsplass. Foto: Privat.

– Det var fantastisk å sjå verket i sin heilskap, og at det fungerer så godt i omgjevnadane. Eg vart også glad for at verket har ei solid ramme, som UCO – entreprenør, var ansvarleg for, fortel Birgitte. Ho var på plass då verket vart hengt opp, og fortel at mange var interessert i Alfred og arbeidet hans.

– Tilsette frå Kulturdepartementet var på veg på jobb då vi monterte verket, og det vart nokre selfies saman med Alfred, og verket i bakgrunnen. Eg er rett og slett stolt av Alfred som har lagt heile sjela si i dette arbeidet.

Verket er opplyst av ei gatelykt på kveldstid. Foto: Privat.
Verket er opplyst av ei gatelykt på kveldstid. Foto: Privat.


Du er her no

– Familie og vener har stått modell for meg. Om vi ser på bilete og startar øvst til venstre, så er det først eit sjølvportrett, så Felix frå klassen, som eg og har hatt ulike samarbeid med. Søstera mi og nevøen min, var eg heime hos og malte. Far står i vindauget og ser ut.

Så du fekk malt han denne sommaren og?
– Hehe, ja, men han ville vere litt meir anonym denne gongen.

– Mor står ved sida av bilen sin, og landskapet rundt er frå Stavern. Eg har berre malt i heile sommar, så då mor skulle til Stavern i sommar, valde eg å male henne der, slik at eg rakk å ta eit par bad inn i mellom. Landskapet frå Stavern speglar seg også i bilen. Til fellesprosjektet med Sling og DogE, har eg også laga ein versjon av bilen, ein litt rar versjon, ler han.

Frontlyktene på bilen til mora, lyser opp platene Alfred måla av henne og bilen i Stavern i sommar. Foto: Privat.
Frontlyktene på bilen til mora, lyser opp platene Alfred måla av henne og bilen i Stavern i sommar. Foto: Privat.

– Dei tre som går på fortauet er kameraten min Benjamin gangar tre. Han har forskjellige klede og stiler, og så rakk han ein hårklipp mellom de forskjellige øktene. Å bruke same person er jo inspirert av dei tidlige renessansemalarane, i deira maleri kan ein til dømes lure på om både Jesus og Jomfru Maria eigentleg er ein og same modell.

– Og så er det kjærasten min Iris, som sit i midten der i sølvkjolen. Kjolen heng fast på ein knagg like innafor døra på atelieret vårt, vi måtte henge den der så vi var sikre på å ikkje rote den vekk mellom øktene. Kaffitraktaren på kontoret er med, og ein kaffikopp, ja, litt av kvart som eg har rundt meg i kvardagen.

Detalj av verket Du er her nå.
Detalj av verket Du er her nå.

Dekan ved Kunstakademiet Sarah Elsie Lookofsky er veldig glad på Alfred sine vegne for denne eineståande moglegheita for å vise fram kunstverket sitt i offentleg rom, like etter at han avslutta bacheloren sin.

– Denne plasseringa, mellom statens mest prominente bygningar og nær der Y-blokka og Picasso sine gavlutsmykkingar stod - framkallar tankar om kva kunstens rolle i samfunnet er, og kva det kan vere. Alfred har vald å bruke biletflata til å bringe oss innafor i dette offentlege rom: inn i heimen, inn i galleriet, mellom menneske han kjenner. Orda ‘du’ og ‘her’ i tittelen Du er her nå – som synes å peike på denne sidestillinga av ute og inne, det offentlege og det private - kan både gjelde Alfred, som eg gjenkjenner på bilete, eller det kan vere ein av oss, her og no.

Detalj av verket etter ei regnskur. Alfred planlegg å dokumenteret verket gjennom året det heng oppe, for å bruke i ei utstilling når det blir tatt ned. Foto: Privat.
Detalj av verket etter ei regnskur. Alfred planlegg å dokumenteret verket gjennom året det heng oppe, for å bruke i ei utstilling når det blir tatt ned. Foto: Privat.


#walkingwithbenjamin 

Tysdag 19. oktober tar vi ein siste tur innom Alfred. Han har saman med kjærasten Iris April Andresen, fått seg atelier i Startblokka på Linderudløkka. Lokalet ligg på den gamle Siemens-tomta, og er eit samarbeidsprosjekt mellom Bydel Bjerke, Pådriv og StorOslo Eiendom – med fokus på å bli ein sosial og inkluderande stad, der ein kan starte opp med kva ein vil, står det i omtala.

– Iris og eg gjekk i same klasse og no deler vi atelier her på Startblokka, vi har kvar vår del av dette rommet. Ved sida av har kameraten min Felix atelier, vi er faktisk fleire her frå Kunstakademiet.

Alfred og Iris i atelieret sitt i Startblokka på Linderud.
Alfred og Iris i atelieret sitt i Startblokka på Linderud.

Alfred og Iris byr på kaffi og viser fram sølvkjolen som framleis heng på ein knagg rett bak inngangsdøra.

Verk av Alfred under arbeid.– Det er veldig godt å vere saman med nokon som driver med det same og forstår kor altoppslukande det er, seier Alfred, før Iris fortel at dei no jobbar mot ei utstilling dei skal ha saman i Galleri Selleri den 19. november. –Vi er veldig glad for å få anledning til å stille ut. Det er det som er planen for oss begge, fortsette å lage kunst og utstillingar. Og så har vi tenkt å få reist litt for å sjå kunst, rett og slett ein studietur for å samle kulturinntrykk, fortel Iris.

– Og når verket mitt skal ned frå gjerdet om eit år, ser eg for meg å lage ei utstilling. Då planlegg eg å sette opp bileta i nye konstellasjonar. Du kan faktisk finne dei ulike platene malt inn i verket – til dømes står plata av meg lent opp mot veggen oppe, lengst til høgre.

Kaffitraktaren på kontoret har fått vore med i det store verket til Alfred. Ved sida av heng eit verk teikna av nevøen.Fekk du sett alle platene i samanheng før dei vart hengt opp?
– Eg hadde tidlegare eit anna rom her på Startblokka som var litt større, slik at eg fekk plass til å legge utover alle platene, og så klatra eg opp og fekk sett på det ovanfrå. Det vil sei, det var eit hol i verket, ettersom plata med søstera og nevøen min var heime hos dei. Så det var veldig stort å følge med den dagen det kom opp. På instagram @afreldb har eg lagt ut detaljer frå arbeida og litt frå prosessen rundt arbeidet.

– Ja, og så prøver vi å få i gang hashtaggen #walkingwithbenjamin – rett og slett at folk tar bilete av seg sjølv medan dei går saman med Benjamin, skyt Iris inn. –Det er ikkje så mange enda, men vi har i alle fall av Benjamin som går med Benjamin, ler ho. 

Kameraten Benjamin går med seg sjølv #walkingwithbenjamin. Foto: Privat.
Kameraten Benjamin går med seg sjølv #walkingwithbenjamin. Foto: Privat.

Då vi gjekk frå deg førre gongen i mai, sa du at du kjente på presset at dette måtte bli ditt beste bilete – synes du det vart det?
– Målet er jo at bileta skal bli betre for kvar gong, at det siste er det beste. Det vart sjølvsagt litt ekstra press på dette verket med ei slik god plassering. Heldigvis synes eg det vart ganske bra, det har jo kravd veldig mykje planlegging med 16 plater som skal bli til eitt verk, men som også skal fungere som sjølvstendige verk og i tillegg kunne brukast i ulike konstellasjonar med kvarandre.

Korleis trur du det går med verket som skal stå ute i all slags ver?
– Eg håpar og trur at det vil tole det. Eg har begynt å ta bilete kvar gang eg går forbi, for å dokumentere det i all slags ver gjennom året og til ulike tider på døgnet. Eg vurderte å lyssette det, men så viste det seg at det står ei gatelykt like ved som lyser det heile opp. Bileta skal eg sette saman til ein timelaps, som eg ser for meg kan brukast på utstillinga eg planlegg etter at verket blir tatt ned.

Har du ein stad å halde denne utstillinga?
– Nei, ikkje enda, så det er berre å ta kontakt om nokon er interessert.

Du kan sjå verket til Alfred på byggegjerdet like ved Høyesterettsplass.
Du kan sjå verket til Alfred på byggegjerdet like ved Høyesterettsplass.