Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 151, Firefox (Android) 153, Android WebView 151, Chrome 151, Chrome 150, Chrome 149, Chrome 148, Chrome 145, Chrome 120, Chrome 109, Edge 151, Edge 150, Edge 149, Firefox 154, Firefox 153, Firefox 152, Firefox 140, Safari/Chrome (iOS) 26.6, Safari/Chrome (iOS) 26.5, Safari/Chrome (iOS) 18.5-18.7, Opera Mobile 80, Opera 131, Opera 127, Safari (MacOS) 26.6, Safari (MacOS) 26.5, Samsung 30, Samsung 29

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Å studere på KHiO 2021: Kunstakademiet

Å studere på KHiO 2021: Kunstakademiet

Namn: Shuk Pui Yu
Program: Master i billedkunst

Korleis har det vore å studere ved KHiO?

Dei siste seks åra før eg kom hit, studerte eg i Hong Kong. Eg begynte studiet ved KHiO i 2019, og det var første gongen eg studerte utanlands. Det går opp for meg at det å studere her er som ein prosess i uavhengig læring. Alt etter kva for kunstnarlege retning og prosjekt vi arbeidde med, kunne vi gå i ulike retningar: arbeide i eige studio, få individuell rettleiing eller undervisning med klassen, prøve ut materiale i verkstad, ta KUNO-kurs osv.

Under studiet ved KHiO har eg dessutan utvida nettverket mitt i Oslo, og eg har fått sjansen til å delta i prosjekt utanom skulen. Eg er òg takknemleg for at dei eg kjenner her, er svært generøse og villige til å dele kunnskapen og evnene sine med meg.

Kva er det viktigaste du tek med deg frå tida ved KHiO?

Utstillinga som eksamensklassa hadde på Kunstnernes Hus, «The Great Indoors», er noko eg aldri kjem til å gløyme. Då covid-19-pandemien braut ut, kunne vi ikkje lenger ha publikum på utstillingar. Kva var då vitsen med å lage til ei utstilling? I starten av året diskuterte klassen dette med kuratoren vår, Pedro Gómez-Egaña, som òg var læraren vår. Til slutt vart vi samde om å endre avslutningsutstillinga til eit kunstnaropphald der klassen og læraren budde saman i Kunstnernes Hus i tre veker. Kvar dag starta vi med frukost og gjennomførte ulike seremoniar, som internasjonal banan- eller tedag, internasjonal «teikn eit bilete av ein fugl»-dag osv. Gradvis bygde vi opp ein heim i dette framande utstillingsområdet og kvitta oss med angsten vi hadde kjent på overfor denne staden gjennom det siste året. Dette sjokkerte meg, for eg opplevde at det å vere saman er ein måte å friskne til saman.

Fortel oss om eksamensprosjektet ditt.

«Genetic Salon» er ei science-fiction-førestilling som byggjer på merkelege kjensler av svingingar i kropp, kjønn og identitet, og dessutan på teoriane om den digitale tidsalderen og kvantifiseringa av alt i store data. Prosjektet omfattar ei utstilling, ein tekst og ein kort fiksjonsfilm. I eksamensprosjektet mitt inviterte eg fem kunstnarar og ein kurator som òg bruker førestillingar om framtida i arbeidet sitt, til å vere protagonistane i kortfilmen «Genetic Salon». Eg skreiv fem separate forteljingar baserte på det kvar enkelt var oppteken av å utforske: skiftande kroppsfasong; variasjon i kjensler; kostnaden ved endring: opphavet til verdien av menneskeleg eksistens; framtida for blanding.

Filmen vart presentert i Skylight Gallery KHiO og interaktivt på nettet.

Interaktiv utstilling på nettet

Kva så?

Eg er svært glad for å ha fått eit eittårig studio-opphald (FKDS) ved Kunstnernes Hus, slik at eg kan halde fram med det kunstnarlege arbeidet mitt i Oslo. I sommar skal eg presentere eksamensprosjektet mitt i K4 Galleri som den første soloutstillinga mi i Oslo. Seinare skal prosjektet mitt vere med i gruppeutstillingar i Hong Kong, Praha og Oslo.

Eg har planar om å vere i Oslo lenger, for å kunne bidra til og delta i forskjellige prosjekt med venner og nye venner. Det komande året vil eg gjerne halde fram med eit samarbeid for å utvikle oppfølgjaren av «Genetic Salon». Eg vil invitere folk frå ulike område, særleg utanom kunstområdet, til å delta i prosjektet, for eksempel: framføring, omsetjing og produksjon av kulissar.

IG: @bobby_999
FB: Bobby Pui
Website: yushukpui.com