Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 92, Firefox (Android) 90, QQ browser 10.4, UC browser 12.12, Android WebView 92, Baidu 7.12, Chrome 92, Chrome 91, Chrome 90, Edge 92, Edge 91, Firefox 91, Firefox 90, Firefox 89, Firefox 78, Internet Explorer 11, Safari/Chrome (iOS) 14.5-14.7, Safari/Chrome (iOS) 14.0-14.4, KaiOS 2.5, Opera Mini, Opera Mobile 64, Opera 78, Opera 77, Safari (MacOS) 14.1, Safari (MacOS) 14, Safari (MacOS) 13.1, Samsung 14.0, Samsung 13.0

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Å studere på KHiO 2021: Kunst og håndverk

Å studere på KHiO 2021: Kunst og håndverk

Namn: Alexis Owen
Program: Master i kunst og offentlege rom

Korleis har det vore å studere ved KHiO?

Eg veit nesten ikkje om eg kan seie korleis det er å studere ved KHiO, sidan nesten heile programmet har føregått via nett det meste av tida eg har vore her. Innimellom har det rett nok vore periodar då eg var meir på campus for å ta tekniske kurs, på same måte som før pandemien, – ei tid som kjennest svært fjern no. Det er ei svært open haldning til utdanningsstrukturen på KHiO, noko som inneber at det opnar seg mange moglegheiter ved denne institusjonen. Men det betyr òg at initiativ er eit nøkkelord. Eg fryda meg særleg over dei tekniske kursa eg kunne vere med på i dei flotte lokalitetane her, og dei tverrfaglege opplegga, som KUF-veka, som set søkjelys på mangfaldet av kunstnarleg utforsking og produksjon som skjer her.

Kva er det viktigaste du tek med deg frå KHiO?

Eg trur det viktigaste eg tek med meg frå tida ved KHiO er at eg har lært å forstå kva sjølvmotivasjon betyr, noko som er eit framifrå verktøy for kunstnarar. Alt er mogleg her, men du må vere limet som får det til å skje.

Fortel oss om eksamensprosjektet ditt.

I arbeidet mitt har eg alltid vore interessert i å utforske støttefunksjonar og omsorgssystem, og tidleg i pandemien begynte eg å eksperimentere med å skape fleire plattformer som handla om pandemien og den kollektive effekten han hadde på livet vårt. Då hausten kom, var eg heilt utbrend og innsåg at eg trong å rette omsorgslinsa innover og finne måtar å ta vare på meg sjølv. Eg begynte å dokumentere dei forskjellige vanane eg hadde utvikla for å ta vare på meg sjølv i denne tida, og bestemte meg til slutt for at viss eg meinte alvor når det gjaldt å ta vare på meg sjølv, så måtte eg slutte å røykje, ein meistringsmekanisme eg hadde vendt tilbake til tidleg i pandemien.

Men så begynte eg å stille spørsmål ved tankegangen min – er det verkeleg ein måte å ta vare på meg sjølv om eg sluttar å røykje i denne tida? Eller kan det å tillate meg sjølv å ha ein meistringsmekanisme, sjølv om han er usunn, vere ei form for omsorg? Kva er definisjonen på omsorg? Kva skil omsorg frå ein meistringsmekanisme? Er fysisk helse viktigare enn mental helse? Er omsorg kontekstuell?
Desse fruktbare spørsmåla utvikla seg til masteroppgåva mi, «Small Comfort (2021)», som består av to element, ein video som varer 12 timar og 26 minutt og blir gjenteken, med tittelen «small comfort (every Cigarette, February – April 2021)» – «lita trøyst (kvar sigarett, februar–april 2021)» – og eit mindre arbeid i form av ein 32-siders risograf-publikasjon, «rauchen ist tödlich (small comfort)» – «røyking er dødeleg (lita trøyst)».

Videoen «small comfort (every Cigarette, February – April 2021)» er samansett av sjølvknipsa fotosnuttar som dokumenterer kvar sigarett eg rulla frå 1. februar til 30. april i år, og viser korleis denne kvardagslege handlinga vart gjenteken gong på gong i tider med isolasjon, ei handling som alltid har vore knytt til visse sosiale samanhengar tidlegare i livet mitt.

Gjennom å dokumentere denne handlinga viser videoen korleis koronarestriksjonane verka inn på det fysiske rommet kroppen min har tilgang til, frå lengre periodar med isolasjon, gjennom stunder då sosial kontakt igjen blir mogleg, til isolasjon – igjen og igjen og igjen.
Videoen vart sett opp i eksamensutstillinga vis-à-vis eit allment røykjeområde ved KHiO ved sida av hovudinngangen. Han ropar ut denne handlinga i eit område på skulen som tilsvarer rommet der eg hadde kome til å vandre rundt og sosialisere, viss det ikkje hadde vore for pandemien og restriksjonane han førte til.

Eit tekstarbeid som følgde videoen, «rauchen ist tödlich (small comfort) (2021)», utforskar det nære forholdet mitt til sigarettar og følelsen av eigenomsorg og takling av krisetida. Ved å gå opp att vegane der denne handlinga har gått inn og ut av livet mitt, mediterer eg over at denne vanen har kome tilbake under pandemien, over den kroppslege kunnskapen handlinga inneber, materialiteten ved å lage sigarettar og det tapet eg opplevde som barn, då bestemor mi døydde av lungekreft.

Kva så?

Eg arbeider med å utvikle fleire forslag til prosjekt, og eg ser fram til å oppleve moglegheitene ved å vere ein profesjonell kunstnar busett i Oslo.

Small comfort (every cigarette, February - April) (2021) from lexie owen on Vimeo