Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 130, Firefox (Android) 130, Android WebView 130, Chrome 130, Chrome 129, Chrome 128, Chrome 127, Chrome 109, Edge 130, Edge 129, Edge 128, Firefox 132, Firefox 131, Firefox 130, Firefox 91, Firefox 78, Safari/Chrome (iOS) 18.0, Safari/Chrome (iOS) 17.6-17.7, Safari/Chrome (iOS) 17.5, Safari/Chrome (iOS) 16.6-16.7, Safari/Chrome (iOS) 15.6-15.8, Opera Mobile 80, Opera 114, Opera 113, Safari (MacOS) 18.0, Safari (MacOS) 17.6, Samsung 26, Samsung 25

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Hvordan feste med god samvittighet, illustrasjon av Alexander Slotten for NRK Nyheter.
Hvordan feste med god samvittighet, illustrasjon av Alexander Slotten for NRK Nyheter.

Å finne det unike i seg sjølv

Alexander Slotten tok master i grafisk design og illustrasjon på KHiO. No har han bygd opp eit visuelt nyheitstilbod hos NRK for unge. Sjå kvifor KHiO vart betre enn han hadde trudd, trass høge forventingar. 

Portrett Alexander Slotten– Då eg søkte master i grafisk illustrasjon og design på KHiO, var det einaste skule og einaste studium eg søkte. Eg hadde teikna heile livet og jobba freelance som grafisk designar. Men eg ville få ut heile potensialet mitt. Eg hadde svært høge forventingar og likevel vart det betre enn eg hadde trudd.


Kva er det viktigaste du har med deg frå tida på KHiO?

– Som student lærer du så mykje meir enn grafisk design og illustrasjon. Du lærer problemløysing på ein kreativ og open måte. Ein metode som eg i ettertid har brukt i alle moglege slags samanhengar. Professorane er tett på og bruker mykje tid og energi på deg. Dei skreddarsyr studiet til dine styrkar og svakheiter og bygger deg opp til ei unik stemme. Akkurat den stemma du kan vere. Som student her kjente eg meg veldig sett, og eg vart presentert for ting eg aldri hadde funnet sjølv. Professorane Martin Lundell, Andreas Berg og Theo Barth, skylder eg veldig mykje, dei har gitt meg verktøy for livet.

En trussel for klima og demokratiet, Alexander Slotten for NRK Nyheter.


Med tanke på å komma i arbeid etter studia, har du nokre tips til andre?

– Mitt råd til andre er at det er lurare å bli unikt god på å kombinera to ting, framfor å ville bli verdas beste på ein ting. Tenk på kva du kan gjere som andre ikkje har gjort før deg og ikkje la deg avgrense av yrkestitlar du kjenner til frå før. Eg sjølv har vald å kombinera illustrasjon og journalistikk. Professorane på KHiO opnar moglegheitsrommet, dei lærer deg å omsette ein idé til form. I NRK omset eg nyheitsstoff til illustrasjon, og eg har brukt filosofien eg lærte på KHiO på mange oppgåver og situasjonar i NRK.

Slik avslører du falske nyheter, Alexander Slotten for NRK Nyheter. 


– Andreas Berg er ein fantastisk professor og var vegleiar for meg på masterprosjektet mitt. Eit av mine problem er at eg låser meg til ein idé. Andreas lærte meg at det er betre å la idéen naturleg utvikle seg i takt med arbeidet og slik blir resultatet noko anna enn du kunne sett for deg i starten. Han introduserte meg for den italienske journalisten og forfatteren Italo Calvino og eg greip fatt i tekstane til Calvino, som balanserer mellom melankoli og humor, realisme og fantasi, og omsette dei i ulike uttrykk. Eg laga figurar i pappmaché, held to performance saman med dansaren Madelene Solli, laga ein figurpark i leire, eit dataspel, ei barnebok og lydbok. Ja, flanellograf brukte eg og. Poenget er at uansett medium så bygger det opp om det som du formidlar. Og trass i ein hektisk kvardag på jobb, så prøver eg å ta dette med meg – å la moglegheitsrommet vere opent. 

Alarmlyden avgjør humøret om morgenen, Alexander Slotten for NRK Nyheter.


Korleis endte du opp i NRK?

– Etter avgangsutstillinga vart eg kontakta av kunstnar og designar Amy Franchini, som ønska at eg skulle jobbe med henne og Futurefarmers. I tillegg jobba eg med illustrasjon for Bergens Tidende. Men eg vart verande i Oslo og etter litt vart eg kontakta av NRK som trengte nokon som kunne formidle til eit yngre publikum. Gjere nyheitene meir tilgjengelege. Tekst blir ofte framheva som den viktigaste og beste tilnærminga i kommunikasjon og historieforteljing, men det vil eg til livs, ei teikning kan vere meir tilgjengeleg enn tekst. Eg og eit par andre bygga opp nyheitstenesta til NRK på snapchat. Der har det visuelle prioritet. No har tenesta 170 000 abonnentar (februar 2021). Takka vere KHiO hadde eg sjølvtillit til å gjere jobben og eg hadde og lært korleis eg kunne forklare idéane mine, sjølv om dei var radikalt annleis enn det NRK hadde gjort tidlegare. Eg har og mellom anna vore med å opretta NRK nyheter sin instagram og NRK svarer

Nye tall fra Medietilsynet: Sosiale medier er de unges viktigste nyhetskilde

Medier24: Slik treffer NRK Nyheter de unge på Snapchat: – Vi tar dem på alvor

Motstanden mot Kina øker, Alexander Slotten for NRK Nyheter.


– Eg har også lært å jobbe på lag med eigne svakheiter. Eg blir til dømes veldig raskt lei og ønsker å ferdigstille raskt, i ein redaksjon med kontinuerleg nyheitsflyt, passar eg bra. Etter det første prosjektet fortsette eg å jobbe i NRK, både på nett og radio, eg er journalist og illustrerer eigne saker. Og no har eg nettopp fått fast tilsetjing.

– Eg har veldig respekt for professorane som tok meg slik på alvor og såg meg – det blir nærast slik at ein kjenner at ein skuldar dei å finne ut av seg sjølv og sitt potensiale. Det beste eg nokon gong har gjort var å begynne på master på KHiO.


Søknadsfristar 2021

6. april Bachelor i grafisk design og illustrasjon

1. februar Master i design