Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 130, Firefox (Android) 130, Android WebView 130, Chrome 130, Chrome 129, Chrome 128, Chrome 127, Chrome 109, Edge 130, Edge 129, Edge 128, Firefox 132, Firefox 131, Firefox 130, Firefox 91, Firefox 78, Safari/Chrome (iOS) 18.0, Safari/Chrome (iOS) 17.6-17.7, Safari/Chrome (iOS) 17.5, Safari/Chrome (iOS) 16.6-16.7, Safari/Chrome (iOS) 15.6-15.8, Opera Mobile 80, Opera 114, Opera 113, Safari (MacOS) 18.0, Safari (MacOS) 17.6, Samsung 26, Samsung 25

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Stenging av heis på grunn av hærverk

Stenging av heis på grunn av hærverk

Heisen i bygg 6.3 vil bli stengt på grunn av gjentatte tilfelle av hærverk. Tagging av veggflater og fasade og riping i heis har det siste året påført KHiO 180.000 kr i ekstra utgifter.

Studentar og tilsette blir nå oppfordra til å bruke "Sei ifrå-knappen" på khio.no om dei ser noko som er ugreitt.

Hærverk har blitt eit stadig større problem

Høgskolen har i fleire år vore utsett for tagging, men siste år har det vore ein sterk auke. Tagging går spesielt føre seg i heisar, på toalett og på fasaden. KHiO kan ikkje la tagginga stå fordi høgskolen har krav på seg til å fortløpande fjerne tagging og utbetre hærverk.

KHiO er leigetakar i Seilduken og byggets eigar kan krevje at lokala blir tilbakestilt til opprinneleg stand.

Stengt heis

Heisen i bygg 6.3 ligg mellom prosjekt-/ byggetorget og verkstaden for modell- og prototype. Heisen gjev direkte tilgang til studio- og verkstadsareal for avdelingane kunst og handverk (keramikk) og Kunstakademiet. Ståldekket i denne heisen har blitt utsett for riping og må skiftast ut.

Skadeverket medfører omfattande reparasjonar:

  • utskifting av stålplater i heiskupeen og ståldekke til to heisdører for 130.000 kr
  • fjerning av tagging på fasader for 50.000 kr

Kostnadene aukar også for utbetringar andre stader på bygget, som dør mot Stenstrups gate, heis bak kantina og speglar på toalett. I tillegg går mange timars arbeidstid med til å utbetre skader, tid og pengar som kunne vore brukt på andre oppgåver.

180.000 kr i ekstra utgifter må dekkast inn på KHiO-budsjettet og dei høge kostnadene til å reparere for hærverk fører til tilsvarande mindre pengar til kjerneverksemda.

Heisen i bygg 6.3 blir stengt på ubestemt tid. Som følgje at dette må tilsette og studentar bruke trappa. Verksmeistrar, drift, reinhald og eit utval studentar ved keramikk som er avhengig av heis for å utføre arbeidet, og andre som ikkje kan bruke trappa, vil bli utstyrt med nøkkel til heisen.

Hærverk får følgjer, ikkje berre for økonomien

Dei aller fleste studentar og tilsette på KHiO oppfører seg eksemplarisk. Det er difor nokre få som øydelegg for den store majoriteten. Det er for tidleg å legge skulda på interne, sjølv om sannsynlegheita er stor for at skadeverk internt har skjedd internt.

Om det blir oppdaga at interne utfører skade vil det kunne føre til både erstatningsansvar og ordensstraff. I framtida vil også grove tilfelle av hærverk kunne bli politianmeldt.

Har du tips?

Har du sett noko mistenkeleg eller veit noko du ynskjer å dele?
Det er høve til å tipse anonymt og du kan då bruke Sei ifrå - og deretter - nettskjema.
Bruk rubrikken «anna» for varsling om denne typen skadeverk.