Statsbudsjettet 2023
Regjeringa la 6. oktober 2022 fram forslag til statsbudsjett for 2023. Forslaget inneber ei budsjettramme på 387 443 000 kr. til KHiO. Statsbudsjettet er nå oversendt til Stortinget for behandling og vedtak i desember.
Statsbudsjettuttale
KHiO har kome med ein uttale der rektor kommenterer forslaget. Dette er nå tilgjengeleg også for eksterne og presse på khio.no
Budsjettdokument
Nøkkeltala står i to sentrale dokument (følg lenkjer):
- Kunnskapsdepartementet sitt budsjettforslag 2023 - generelt dokument dokument med oversikt over uh-sektoren
- Orientering om forslag til statsbudsjettet 2023 for universitet og høgskular - oversikt over tildelingar til institusjonar, sjå spesielt side 14-16
Tidsplan
6. oktober: regjeringa legg fram statsbudsjettforslag 2023 som deretter blir oversendt Stortinget til behandling
24. og 25. oktober: høyringar
7. desember: Stortingets utdannings- og forskingskomite avgir innstilling
14. desember: drøfting i plenum
I slutten av desember sender Kunnskapsdepartementet tildelingsbrevet med vedtatt ramme og andre føringar.
Styremøte på KHiO
Måndag 24. og tysdag 25. oktober er det styremøte på KHiO som drøftar budsjettframlegget og vedtek budsjettsøknad for 2024
Tysdag 13. desember er det styremøte med vedtak om KHiOs driftsbudsjett 2023
Aktuell sak: Skolepengar for studentar frå land utanfor EU og EØS
Statsbudsjettforslaget inneheld eit forslag om å innføre avgift for studentar frå land utanfor EU og EØS.
KHiO går nå gjennom kva dette vil innebere for studium her på institusjonen om forslaget blir vedtatt av Stortinget.
Sjå også artikkel i Klassekampen med rektors kommentar
- Klassekampen 07.10.22 Får ikke fullført studiene