Nettleseren støttes ikke av khio.no, og siden kan vises feil. Vennligst oppgrader til en moderne nettleser. Hvis dette ikke er mulig, prøv å skru av javascript. Siden vil bli da enklere, men for det meste fungere.

Støttede nettlesere: Chrome 130, Firefox (Android) 130, Android WebView 130, Chrome 130, Chrome 129, Chrome 128, Chrome 127, Chrome 109, Edge 130, Edge 129, Edge 128, Firefox 132, Firefox 131, Firefox 130, Firefox 91, Firefox 78, Safari/Chrome (iOS) 18.0, Safari/Chrome (iOS) 17.6-17.7, Safari/Chrome (iOS) 17.5, Safari/Chrome (iOS) 16.6-16.7, Safari/Chrome (iOS) 15.6-15.8, Opera Mobile 80, Opera 114, Opera 113, Safari (MacOS) 18.0, Safari (MacOS) 17.6, Samsung 26, Samsung 25

Javascript er skrudd av. khio.no bør fungere, men med et enklere grensesnitt.

Statsbudsjettet 2023: Straumprisane gir dystre økonomiske utsikter for KHiO

Statsbudsjettet 2023: Straumprisane gir dystre økonomiske utsikter for KHiO

Rektor Markus Degerman på Kunsthøgskolen i Oslo etterlyser ei kompensasjonsordning for dei ekstraordinært høge straumkostnadene.

-KHiO står framfor ein kraftig auke i energikostnadene, noko som kjem til å bli svært krevjande å handtere innanfor den budsjettramma som er føreslått i statsbudsjettet, seier KHiO-rektor Markus Degerman i ein kommentar til regjeringas statsbudsjett som vart lagt fram 6. oktober 2022.

Etterlyser kompensasjonsordning for straum og midlar til doktorgradsprogrammet

-KHiO er attraktive for ungdom, vi har dei studia i landet det er vanskelegast å kome inn på, og vi utdannar fantastisk dedikerte og dyktige studentar. Dette er framtidas kunstnarar som skal gje publikum gode opplevingar på scener og i ulike utstillingsrom, seier rektor Markus Degerman.

Markus Degerman-Men vi står no i eit skjeringspunkt der den store og raske kostnadsauken får reell effekt på utdanningane, slik vi kjenner dei i dag. I tillegg vil utviklinga av kunstnarisk utviklingsarbeid og forsking bli påverka. Denne diskusjonen må vi ta internt på KHiO, sjå til at kvar krone blir brukt fornuftig, men også drøfte med styresmaktene våre, seier Degerman.

Straum

Krigen i Ukraina har drive opp straumprisane til eit mykje høgare nivå og fører med seg ekstraordinært store utgifter for KHiO. Ein prognose viser at straum- og husleigeauke utgjer ei ekstra utgift på 12-15 millionar kroner for 2022 og truleg endå meir for 2023.

-Kunsthøgskolen har forståing for at den eksplosive auken i energikostnadene i heile Europa også blir merkbar for oss, seier rektor Markus Degerman i ein kommentar til statsbudsjettet for 2023. Men utslaga blir urimeleg store for ein liten institusjon som Kunsthøgskolen som disponerer store lokale ettersom våre studentar har ei praksisnær utdanning i verkstader, scener, salar, studio og atelier.

Kunsthøgskolen har allereie sett i verk fleire tiltak for å redusere energikostnadene. Mellom anna blir temperaturen seinka til 19 grader i alle bygg.

Doktorgradsprogram

Om Noreg skal ha ei kunstutdanning på høgste faglege nivå, i fagleg utveksling med andre land, må doktorgradsprogrammet på KHiO har ei stabil finansiering, seier rektor Markus Degerman.

-Etter at KHiO vart vitskapleg høgskole i 2018 har vi bygt opp eit doktorgradsprogram for fagområdet kunst med framståande stipendiatar som tilfører ny kunnskap om kunstnarisk utviklingsarbeid til heile samfunnet, både nasjonalt og internasjonalt. I dei fire siste åra har vi langt på veg finansiert denne opptrappinga gjennom dei ordinære driftsmidlane.

KHiO har bedt Kunnskapsdepartementet om finansiering for doktorandar på same nivå som andre vitskaplege høgskolar, slik at vi får eit økonomisk handlingsrom i linje med andre institusjonar med same fullmakter og ansvar, seier Degerman.

Campusutvikling

-Politikarane ga studentane fantastisk moderne lokale då kunstutdanningane i 2010 vart fullt samlokalisert i den gamle Seilduksfabrikken på Gruünerløkka i Oslo, seier rektor Markus Degerman.

-Men husleiga er indeksregulert og stig nå kraftig. Det er også eit stadig større behov for utskifting og fornying av teknisk utstyr. Eksplosjonen i engergikostnader gjer nå at vi må utsetje investeringsbudsjettet vårt for neste år.

Uro for at den faglege verksemda skal bli påverka

I regjeringas framlegg til statsbudsjett er det foreslått ei ramme for Kunsthøgskolen som ikkje inneheld kompensasjonsordning for auka straumkostnader.

-Det er ikkje til å unngå at denne kostnaden vil ramme både administrativ og fagleg verksemd. Vi gjennomfører no tiltak som inneber betydelege nedskjeringar i avdelingane og fellesadministrasjonen sine budsjett for å møte den drastiske auken av energikostnader, seier rektor Markus Degerman på Kunsthøgskolen i Oslo.

Fakta om campus KHiO

Kunsthøgskolen i Oslo held til ved Akerselva på Grünerløkka i Oslo. Kunnskapsdepartementet har leigekontrakt på 43.000 m2 brutto i den ombygde Christiania Seilduksfabrikk.

KHiO har eit unikt tilbod med scener, prøvesalar, galleri, atelierplassar, verkstader og bibliotek. Undervisninga er både teoretisk og praktisk retta der studentane prøver ut kunsten i møte med publikum.